Kommentar

Statleg finansiering framfor fri kunst

Norske barne- og ungdomsforfattarar må passe seg for ikkje å ende opp med ein kultur der mektige og statleg finansierte institusjoner får for mykje makt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

For eit salig rot.

Da norsk barne- og ungdomslitteratur skulle bli presentert på bokmessa i Kairo 31. januar - 5. februar, gjekk Norsk Barnebokinstitutt (NBI) og Norla (Senter for norsk fag- og skjønnlitteratur i utlandet) fullstendig på trynet.

I staden for å invitere norske forfattarar utifrå kvalitet og relevans, sendte NBI nedover sine eigne tilsette forfattarar. Ein skulle tru det ikkje var nødvendig: NBI fylte opp 51 programposter på bokmessa.

Norla reagerte ikkje. NBI ser ikkje problemet. Barne- og ungdomsbokforfattarar Vårt Land har vore i kontakt ønsker ikkje uttale seg.

«Barnelitteraturen er ein andedam kor alle kjenner alle. Det er ingen kultur for å kritisere kvarandre i allmenta», seier Sverre Henmo, forlagsredaktør for barne- og ungdomslitteratur på Aschehoug forlag.

No må feltet passe seg for ikkje å ende opp med ein kultur der mektige og statleg finansierte institusjoner får for mykje makt.

Favoriserer eigne tilsette

Ideen bak både NBI og Norla er god, og begge institusjonane er eksempel på at statleg innsats i kunstfeltet er viktig.

NBI er ei privat stifting som får støtte over statsbudsjettet, og som har som mål å vere eit nasjonalt utdannings- og kunnskapssenter for barne- og ungdomslitteraturen i Norge. Truleg har dei hatt store og viktige bidrag til at kompetansen om norsk barne- og ungdomslitteratur i Noreg er så høg.

Norla er finansiert av Kulturdepartementet, og deira oppgåve er å fremme norsk litteratur i utlandet. Dei siste åras store norske forfattarsuksessar i utlandet, har vi mykje å takke Norla og deira statlege kapital for.

Nettopp derfor burde både Norla og NBI skjøne kor viktig det er å ikkje favorisere eigne tilsette og bruke statlege midler på seg sjølv og sine.

For ein kan verkeleg begynne å lure på kva det er som har skjedd her. Har NBI og Norla, som har lokaler på same adresse, gløymt at det finst ei litterær allmennheit utanfor bygget dei sitt og jobbar i?

Da Vårt Land talte opp forfattarane som var med bokmessa i regi av NBI, viste det seg at fire av dei ni forfattarane er tilsette i NBI. Ein er student på NBIs masterprogram. To har meir uformelle bindingar, ved at den eine nettopp har vore tilsett i ei fireårig professorstilling hos NBI. Den andre er gift med, og har gitt ut bok saman med, ein av dei tilsette som deltok som forfattar.

Kort fortalt: Sju av ni av forfattarane som NBI sendte nedover, var eigne folk.

Om Norla og NBI ikkje ser kor prinsipielt problematisk dette er, er dei ikkje skikka til å utøve sine oppgåver på vegne av den norske litteraturen

Statleg kunst

Vi har veldig, veldig mange gode og aktuelle barne- og ungdomsforfattarar i Noreg. Men signalet Norla og NBI no sender, er å vere tilsett, eller å ha vore tilsett, ved NBI, trumfar kvalitet.

Det er lett å hevde at det som skjedde på bokmessa i Kairo, er kva som skjer når staten og institusjonar skal styre kunst-Norge. Ei høgreside som er skeptisk til økonomisk finansiering av kunsten, har her fått gode argument til kvifor dette ikkje fungerer. Og det hjelp ikkje at NBI sjølv ikkje ser problemet.

Tvert imot. Når Vårt Land har spurt NBI-direktør Nisrin Maktabi-Barkouki om fadesen, verker ho meir oppteken av å forsvare det heile: «Det er tross alt ikkje privatpersonar som har vore på bokmessa, men eit nasjonalt utdannings- og kunnskapssenter,» seier ho.

Vel, det er trass alt norske forfattarar og deira bøker som skal bli løfta fram når Norge er gjesteland på bokmesse. Ikkje NBI.

Den store stilla

Like urovekkande er den store stilla som hendinga i Kairo er blitt møtt med. Da vi spurte forfattaranes eigen organisasjon, NBU, oppdaga vi at leiaren, Aleksander Løken, sit i styret til Norla. Er derfor han er så forsiktig når han skal kommentere saka?

«Dette må løysast på eit høgare nivå, etter ei grundig evaluering», sa han til Vårt Land sist veke.

Kva med å starte med å stå opp og seie at dette ikkje går an?

Eller kva med å forsvare alle dei forfattarane han skal representere, alle dei forfattarane som aldri vart vurdert eller invitert når Norla og NBI drog nedover med statlege midlar for å skryte av norske barne- og ungdomsbøker?

Synst norske barne- og ungdomsforfattarar det er greit at NBI sender eigne tilsette, i staden for dei beste og mest interessante forfattarane når Norge satser så mykje på ei bokmesse?

Norla og NBI er mektige aktørar, og eg skjønar godt at det krev mykje å kritisere dei. Men dette er noko av grunnen til at forfattarar har eigne organisasjonar som NBU: Dei skal forsvare forfattarane sine interesser. Ikkje Norlas interesser, og ikkje NBIs interesser.

Må stilles krav

Det er veldig mange som ønsker det beste for barne- og ungdomslitteraturen i Noreg. Men det er openbert ikkje lenger nok. Det må også stillast krav til dei store sterke aktørane Norla og NBI. Vi kan ikkje etablere ein kultur i Noreg der staten betaler NBI-tilsette forfattarar for å presentere sine bøker i staden for å sleppe til andre norske forfattarar.

Dersom barne- og ungdomslitteraturen i Noreg skal bli tatt på alvor framover, må forfattarane stå heilt fritt. Dei skal ikkje trenge å vere tilsette i NBI for å få bli med Norla på bokmesser i utlandet. Og dei skal ikkje frykte for å kritisere dei store statlege aktørane i feltet.

Dersom Norla og NBI ikkje ser kor prinsipielt problematisk dette er, er dei ikkje skikka til å utøve sine oppgåver på vegner av den norske litteraturen.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar