Veksten i deltaking på julegudstenestene i fleire domkyrkjer er gledeleg.
Kanskje var det, som Kristin Gunleiksrud Raaum kommenterte, uroa i verda som fekk fleire til å søkja dei største bykyrkjene i 2023 enn i 2022. Måtte veksten visa seg landet over.
Men faktum er at vi over tid hatt ein nedgang i oppslutnad også om julegudstenester. For å ta den levande kyrkjelyden min rett utanfor Oslo: Det var godt oppmøte på dei tre gudstenestene julekvelden. Men det var romsleg bak i stolradene. 20 år tilbake var det derimot stappfullt – på den mellomste gudstenesta stod folk langs veggane. Andre vart bedne om å koma tilbake til den neste gudstenesta. Dersom nokon valde å stå i år, var det på grunn av ryggen.
Dramatisk nedgang
Inn i det nye året tek Den norske kyrkja med seg tal som viser ein dramatisk nedgang i deltaking i gudstenestene gjennom eit heilt år. I mars i fjor fortalde Statistisk Sentralbyrå om ein nedgang på éin million frå 2019 til 2022 – frå 5,2 til 4,2 millionar. Pandemien er éi forklaring, men blir samla sett altfor enkel. Pandemien forsterka heller ein nedgang som starta lenge før.
«Vi må gå i gang med å diskutere om det er noe vi kan gjøre annerledes for å nå ut til flere», sa Gunleiksrud Raaum då Kostra-tala kom. Det er ein livsviktig diskusjon. Samstundes er eg usikker på kva sentralkyrkjelege utgreiingar kan hjelpa oss med. Tidsånda er sterk.
Negativ utvikling i oppslutnaden om gudstenester er eit av dei største trugsmåla mot Den norske kyrkja. Det fastslo Kyrkjerådet sjølv i ei risikovurdering i 2016, fire år før pandemien, utan at det er klart kva som då vart gjort for å redusera risikoen.
Det kokar på eitt vis ned til kva som er viktig – for den enkelte og for oss i flokk. Dette lærte pandemien oss noko om. Då det vart innført stramme covid-grenser som i praksis stengde kyrkjene, nytta det ikkje å minna Bent Høie på at trusfridommen er ein internasjonal menneskerett. Då han og Helsedirektoratet i januar 2021 derimot såg lange køar framfor Polet i Sandvika utanfor Oslo, vart pola straks opna igjen. Polfridommen trumfa trusfridommen. Det fanst nemleg ikkje spor av køar framfor kyrkjedørene.
Biskop Per Lønning skreiv i boka Fragmenter for snart 40 år sidan at det kvar einaste søndag føremiddag skjer «en stille folkeavstemning» på kyrkjeveg. Han oppmoda kvar enkelt til å spørja seg: Dersom alle andre ser på dette med kyrkjegang på same måten som meg, «hva da med kristendom i morgendagens Norge?»
Vi vil velja heilt fritt når vi møter fram. Men den dagen vi først går i kyrkja, reknar vi med at fellesskapet ventar på oss
Tru i fellesskap
Det er i fellesskapet vi både vert døypte og borne til grava. Det er i fellesskapet vi kan halda fast på trua og halda ut i trengsler.
Kyrkja er dessutan ikkje berre eit lokalt fellesskap. Kyrkja, enten ho ligg i ein storby eller i ein liten dal – og utan omsyn til kyrkjesamfunn – er del av eit verdsvidt fellesskap.
Det kunne pandemien forresten lært oss mykje om, då kristne verda over møtte stengde kyrkjedører. Men den leksjonen let vi diverre fara.
Dette med fellesskap har vi eit dobbelt forhold til. Vi vil velja heilt fritt når vi møter fram. Men den dagen vi først går i kyrkja, reknar vi med at fellesskapet ventar på oss. Vi ventar å bli møtt av ein kyrkjevert og få lytta til ein godt førebudd tekstlesar. Vi ventar å sjå folk ta seg av søndagsskolen og bli serverte på kyrkjekaffien – av folk som har møtt opp lenge før alle andre kom.
Vi skal ha stor respekt for dei som har sår som held dei unna. Tvang til tru eller kyrkjegang er dessutan framleis dårers tale. Men samstundes er det verdt å ta innover seg: Fellesskapet døyr ut dersom vi ikkje sjølve møter opp, både i gudstenesta og på kyrkjekaffien. Med strammare budsjett kan fellesskapet bli endå meir avhengige av friviljuge. Kristendomen i Noreg står og fell også med oss.
Og forresten: Kven skal dei møta, dei som kjem til kyrkja fordi dei slit og har tungt å bera, dersom ressurssterke kyrkjemedlemmer oftare dreg på hytta enn i kyrkja på søndagane?
Det er grunn til eit oppgjer med ein farleg fiende – det materialistiske grepet om oss alle
I trengsel
Til dagleg arbeider eg med kyrkjer i trengsel. Pakistanske og egyptiske kristne har sytt for fulle kyrkjer etter terrorangrep, medan vi gjerne ser på vêret før vi bestemmer oss.
Wang Yi er ein kinesisk pastor som opplever forsterka forfølging under Xi Jinping. Før han vart bura inne i 2018, slo han fast at Kina hadde gått til krig mot tru, men at regimet ikkje klarar å vinna over menneskets sjel.
Patriark Filaret i Den ukrainsk-ortodokse kyrkja vart ein gong spurt om kven som var verst av kommunismen og materialismen. Filaret svarte: «Kommunismen er ein sterk fiende, som går beint i mot deg. Men materialismen er verre, for han vil eta deg opp innanfrå, utan at du merkar det.»
Nettstaden China Source fortalde nyleg om kinesiske pastorar som vedgår at materialisme og sekularisme er farlegare enn sjølv forsterka statleg forfølging.
Ei liknande uro har eg møtt blant kyrkjefolk i Midtausten. Dei har sett altfor mange døme på at både konvertittar og medlemmar av historiske kyrkjer som dreg til Vesten for å vera trygge, blir slukte av vestleg materialisme – og blir borte frå fellesskapet.
Så Kyrkjerådet kan godt vera tydelege på at forkynninga må fokusera mykje meir på å ta imot innvandrarar: Inkludera og aktivisera dei med kristen tru – og frimodig dela kristen tru med innvandrarar og flyktningar med ei anna tru.
Og så er det, også frå preikestolen, grunn til eit oppgjer med ein farleg fiende – det materialistiske grepet om oss alle.