Kommentar

Det amerikanske bokbålet

Trass anklagar om kansellering av konservative kristne standpunkt, er det nettopp desse kreftene som i USA står i spissen for å plukke bøker dei ikkje liker ut av biblioteket. Dei gjer ikkje borna sine noka teneste.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

John Green er fortvila. Den kristne forfattaren av ei rekke kjende ungdomsbøker har gjennom fleire år opplevd at bøkene hans blir fjerna frå bibliotek over heile USA, fordi dei skildrar alkohol- eller narkotikabruk, ungdommar som er seksuelt aktive eller LHBT-personar. Dei siste åra har denne tendensen blitt sterkare. Green bruker sterke ord om det han ser på som sensur og overformynderi. «Latterleg» og «pinleg», skreiv han på X, tidlegare Twitter, då boka hans Faen ta skjebnen vart flytta ut av ungdomsseksjonen på eit offentleg bibliotek i ein by i heimstaten hans Indiana.

Han er ikkje åleine.

Forfattar- og ytringsfridomsorganisasjonen PEN America registrerte fleire forbod mot enkeltbøker på skulebibliotek gjennom haustsemesteret i 2022 enn på fleire år. Delstatane med flest forbod, alle sørstatar, har til felles at det finst store konservative foreldrenettverk der som jobbar målretta med å påverke skulekvardagen.

Opplevinga er at skulen legg til rette for at elevane skal bli fora opp med liberal ideologi

Skulen og foreldreretten

Foreldre sin rett til å velje kva opplæring borna deira skal få, kva litteratur og kulturuttrykk dei får tilgang til og kva dei lærer om historie, religion og politikk har lenge vore stridstema lokalt i USA. Konservative politikarar har i mange år drive valkamp på å gje frustrerte foreldre fleire rettar i møte med skulen. Dei siste tretti-førti åra har det til dømes handla om å skjerme born frå seksualundervisning som implisitt opnar for sex utanfor ekteskapet, utdeling av prevensjon, og naturfagundervisning som legg til evolusjonsteorien til grunn.

I takt med at tidene endrar seg, er det først og fremst spørsmål om rase, slaveri, seksualitet og kjønn som gjer at bøker blir fjerna frå opne bibliotek. Dette er tematikk som er raude klutar for konservative. Opplevinga er at skulen legg til rette for at elevane skal bli fora opp med liberal ideologi. Det er også blitt langt vanlegare dei siste åra at bøker blir fjerna fordi dei blir kategorisert som «pornografiske» eller usømelege.

Utviklinga spreier seg no også ut av skulane. Montgomery County i Texas innførte i juli nye reglar for sine offentlege bibliotek som hindrar ungdom under 18 år i å få tilgang til bøker med såkalla seksuelt eksplisitt innhald, ein litt vag definisjon som også inkluderer ei rekkje bøker opphavleg skrivne for ungdom. Mange av dei omhandlar LHBT-tematikk. Gjennom sørstatene spreier dette seg: Ungdommar blir underlagt innsnevringar i kva dei kan få tilgang til utan foreldresignatur på lånekortet.

Den som trur borna blir best rusta av å få vite at det finst tema som er så livsfarlege at mor og far heller vil ta dei ut av skulen enn å late dei høyre om det, tek skammeleg feil

Kanselleringskultur

Å vere «anti-woke», kva nå enn det måtte bety, har blitt viktig for mange på den politiske høgresida, også her heime. Visse standpunkt i seksualitets- og kjønnspolitikk er stempla som woke, det same er enkelte kritiske haldningar til USA si historie med slaveri og rasisme. Mange på høgresida vil hevde seg sensurerte og såkalla kansellerte av den woke allmenta. Det er likevel dei anti-woke som driv med den mest handgripelege forma for kansellering: Fysiske tiltak for å verne born frå å høyre meiningar ein ikkje sjølv kan stille seg bak.

Det er ikkje lett å sjå føre seg at norske foreldregrupper skulle få særleg suksess i å plukke ut bøker frå skulebiblioteka. Ei heller at folkebibliotek rundt om i landet skulle flytte Hjertestopper, den ultrapopulære teikna romanserien om to unge gutar som forelsker seg, frå ungdomsavdelinga til vaksenseksjonen, slik fleire bibliotek har gjort i delstaten Mississippi.

Det er likevel verdt å tenkje over moglege konsekvensar av at ei stadig veksande gruppe kristne foreldre grip til boikottaksjonar og underskriftskampanjar for å freiste å hindre at skulen lærer ungane deira ting om kjønn og seksualitet som foreldra er usamde i. Truls Olufsen-Mehus, som i haust vart valt inn på fylkestinget i Finnmark, fortalde Vårt Land at han vil ha særleg fokus på utdanning: «Videregående skole er vi jo ansvarlige for i fylket. Der har jeg begynt med å kvalitetssjekke skolebøkene, særlig knyttet opp til læren om kjønn», seier han. Kva han tenkjer å gjere med lærebøker som eventuelt strir mot hans syn, er førebels uklart.

Det er ikkje lett å sjå føre seg at norske foreldregrupper skulle få særleg suksess med å plukke ut bøker frå skulebiblioteka

Å verne borna mot verda

Det er eit udelt gode at born og unge les bøker, nær sagt kva bøker som helst. I tillegg til at lesetrening gjev hjelp i skulefag, fostrar lesing nyfikenheit og nye måtar å utvikle eigne tankar, i møte med den store røynda. Det er nemleg det som er både skulen og foreldra si oppgåve: Å utruste borna våre til å møte verda. Den som trur borna blir best stilt av å få vite at det finst tema som er så livsfarlege at mor og far heller vil ta dei ut av skulen enn å late dei høyre om det, tek skammeleg feil. Det er ikkje så frykteleg vanskeleg å få med seg kva som blir undervist på skulen til borna dine, samtale heime om det som blir sagt, og eventuelt søke å korrigere med ditt syn. Det har seg nemleg slik at dei fleste som blir pakka inn i bomull og bobleplast, finn sprekkene og kjem seg ut på eiga hand – i dette tilfellet til dømes på det store internettet – og då har du ingen kontroll med informasjonen dei tileignar seg.

Før eller seinare møter borna våre den store røynda på eiga hand. Då må dei, slik vi sjølv har vore nøydde til, måle det dei har lært både heime og på skulen mot sine eigne erfaringar og verdiar. Då må nervøse foreldre beint fram lite på at oppsedinga dei gjev ungane heime, kan stå seg i møte med den ugudelege verda.



Les mer om mer disse temaene:

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land. Hun har jobbet i avisen siden 2022. Sigrid er kommentator og skriver da oftest om USA og amerikanske valg, Den norske kirke og aktuell samfunnsdebatt.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar