Vegard Hansen som inntil torsdag trente fotballaget Kongsvinger, sparte ikkje på språket i eit lesarinnlegg i lokalavisa Glåmdalen rett før ein kamp tidleg i august. Under overskrifta «Nå bryter helvete løs igjen» fortalte Hansen om ei bøn han hadde bedt under den siste kampen før ferien:
«Kjære Gud, du som kanskje er i himmelen. Det er ikke ofte jeg plager deg – jeg har faktisk ikke bedt om noe siden den gangen i Molde, husker du. Men akkurat nå hadde det vært veldig fint med en hjelpende hånd: Kan du være så snill å hjelpe Lars med å score på denne straffen!? Amen.»
I det Lars gjorde seg klar for å ta straffesparket, falda trenar Hansen hendene og la til: «Du kan forresten betrakte dette som din siste sjanse.»
Kongsvinger vann kampen, og dåverande trenar Hansen gjorde seg klar for haustsesongen: «Nå bryter helvete løs igjen. 15 tøffe kamper gjenstår. 15 kamper hvor vi enten kan vinne, tape eller spille uavgjort. Man vet aldri.»
Kanskje tenkte Hansen at han henta seg litt inn på slutten. Han konkluderte med at det kanskje berre er Gud som veit utfallet av serien. «Men jeg er redd Han driter i både meg, KIL og hele Obosligaen».
Det har Gud i tilfelle gode grunnar for.
[ Emil André Erstad: «Ikkje høyr på dei som har enkle svar om konflikten» ]
Idrett og helvete
Gjer eit google-søk og du vil sjå at helvete er massivt til stades i toppidrett og oppblåst sportsjournalistikk. Det skal ikkje mykje vondt til i ein muskel før det er eit «helvete». Moderne idrett er blitt ein fristad for absurd språkbruk, som visst nok ikkje er så alvorleg meint.
Men helvete er ikkje spøk. Helvete bryt ikkje ut på Gjemselunden på Kongsvinger. Ikkje finst det i skiløypa på Beitostølen heller der Martin Johnsrud Sundby i si aktive tid, ifølgje langrenn.com, karakteriserte ein hard 15-kilometer som han vann klart, som «et helvete fra start til mål». Har du ikkje meir treffande karakteristikker på friviljug og godt betalt slit, så er det kanskje betre å halda munn.
Helvete har ikkje spor av underhaldning, heller ikkje med den avdanka Johnsrud Sundby som programleiar for «16 ukers helvete» på TV2/Discovery.
Kjære Gud, du som er i himmelen, vær med dei som har sett helvete bryta laus på jorda.
Helvete på jord
Helvete braut ut like ved Kibbutz Re`im i den israelske Negev-ørkenen i Israel laurdag 7. august. Over 250 dansande ungdommar vart kaldblodig skotne og drepne. Dei var på fest under ei av dei store høgtidene for jødane.
Dagsrevyen har vist groteske bilete frå staden der glade unge møtte terror-dødens bestialske menn. Bileta tok frå meg søvnen natta før eg skreiv ferdig denne teksten. Vi fekk også sjå bilete av likposane i Kibbutz Kfar Aza der lukta av lik låg tungt i lufta – lukta av kaldblodig drepne barn, kvinner, gamle som var drepne i soveromma sine. I Hamas-styrte Gaza er familiar blitt utrydda i Israels hemnande bombenedslag.
Det er tid for å slutta å sjå på idrett som fristad der språk meiningslaust kan tømmast for innhald. Eller kanskje er det verre enn eit språkleg problem: internasjonal fotball er blitt ein religion som tilbyr himmel og helvete for menneske som ikkje vil vita av himmel eller helvete predika i ei kyrkje.
Kjære Gud, forbarm deg over oss.
[ Holocaust-overlevende trolig blant gislene i Gaza ]
Absurd pengebruk
Internasjonal fotball er også blitt ein fristad for absurd pengebruk. Vi blir med rette opprørte når toppar i næringslivet får titals millionar i løn og bonus og gedigne fallskjermer etter ein dårleg utført jobb.
Men millionar av menneske dyrkar samstundes fotball-stjerner som tener over 2 millionar kroner – om dagen (Kylian Mbappé). Den «enkle guten» Haaland frå Bryne ligg noko under. Dette er likevel lite mot Ronaldo som får tilsvarande 5,5 millionar kroner kvar einaste dag etter overgang til journalist-dreparen Mohammed Bin Salman (MBS) i Saudi Arabia. Ronaldo var den første av mange «stjerner» som vart lokka av kronprinsen. MBS kjøper seg glans der den er aller lettast å henta. For han spelar den absurde prisen inga rolle.
Saudi Arabia har lenge eksportert til Vesten den ekstreme og tidvis blodige varianten av sin eigen guddom. I dag ser MBS at ein mykje breiare veg til global suksess, er oppkjøp av ein av Vestens fremste avgudar: fotballen.
Folk som mislikar diktatur, gløymer seg fort. Det er lettare å klappa enn å halda seg for nasen, og det er uråd å gjera begge delar samstundes. Paulus fekk vel sagt noko om dette i Romarbrevet: «Det gode som eg vil, det gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, gjer eg.»
Draumar i ein flyktningleir
Eg elska langrenn og fotball alt i oppveksten. På 60- og 70-talet bar det rett ut frå inspirerande høgdepunkt ved radioapparatet og seinare TV-skjermen til skiløyper og hoppbakkar vi hadde trakka sjølve og ei fotballbane i eit hjørne av slåtteteigen.
Men eg slit med å finna gode grunnar til å bruka mykje tid framfor TV-skjermen i dag. Sirkuset er tidvis for absurd.
Det næraste eg har kome ei verkeleg oppside av internasjonal fotball er eit møte med ei gruppe 12-13 år gamle gutar i Irak. Vi gjesta ein flyktningleir for jesidiar: Gutane har budd over 9 år av dei korte liva sine her – i solsteik og vinterkulde. Vesten sluttar å bry seg om dei som IS forfølgde. Ingen land vil ta imot dei fordrevne jesidiane som lever under teltdukar. Ikkje kan dei dra heim til Sinjar der IS-terroristane i 2014 ville slakta dei eller gjera dei til slavar. Der er det framleis for fullt av miner, militsar og militærmakter.
Men fotball gjev flyktning-gutane draumar. Då dei høyrde at eg var norsk, lyste gutane opp i flokk og fortalde meg om inspirasjonen frå Erling Braut Haaland og Martin Ødegaard.
Men verken gutane eller foreldra deira som flykta for livet i august 2014, ville nokon gong finna på å kalla ein fotballkamp for eit «helvete». Dei har med eigne augo sett kva helvete på jord er.
[ Human-Etisk Forbund ber om tilsyn ved fem kristne skoler. – Ikke logikk i dette, svarer rektor ]