Kommentar

Ikkje høyr på dei som har enkle svar om konflikten

Her er alle dei vanskelege spørsmåla om konflikten i Midtausten som manglar gode svar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Du tenker du har forstått alt i konflikten mellom Israel og palestinarane. Gratulerer, du er lurt!

Medan den israelske hæren førebur bakkeinvasjon av Gaza, skjer det ein parallell kamp om korleis vi skal oppfatte konflikten. Det første offeret i krig er sanninga. Vidare forsvinn nyansane og dei moderate stemmene. Freden finst berre hos dei moderate, dei som klarar å trekke pusten, halde hovudet kaldt og hjartet varmt. Heller enn å slå kvarandre i hovudet med argument for den eine eller andre sida, må vi vere fundamentalistiske i vår humanisme. Menneskeliv er menneskeliv, anten dei er palestinske eller israelske.

Så må vi kontinuerleg søke fakta. Det finst eit knippe viktige spørsmål å stille i røykteppet av desinformasjon og propaganda, som manglar klare og eintydige svar. Vi må likevel stille dei, og prøve å svare.

Kva ønsker eigentleg palestinarane?

Etter at terrororganisasjonen Hamas drap opp mot tusen israelske borgarar, og tok så mange som 130 til fange inne på Gazastripa, sa organisasjonen at dei hadde «oppnådd måla sine». Storparten av ofra var sivile. Det vitnar om ein organisasjon som på ingen måte først og fremst er interessert i fred med Israel. Verst er det likevel at interessene til den fundamentalistiske, sunnimuslimske ser ut til å vere heilt andre enn interessene til det palestinske folket.

Det er derfor ei stor tabbe å gje støtte og legitimitet til dei ekstreme islamistane, viss ein eigentleg ønsker å støtte palestinarane si sak. Dei fleste palestinarar ønsker fridom frå okkupasjonen. Dei vil ha økonomisk utvikling og eit land der dei kan leve i fridom, rettferd og fred.

Det finst likevel lyspunkt i form av krefter som meir enn å sprenge, skyte og drepe ønsker å sitte rundt eit bord og snakke saman med motparten om realistiske løysingar. Dei store og vanskelege spørsmåla er ikkje uløyselege, sjølv om det verkar slik.

Dei fleste palestinarane er ikkje-valdelege og vanlege folk som aldri har drepe ein jøde. Ein stor del av palestinarane har også eit mykje meir nyansert og positivt syn på Israels rett til å eksistere, enn Hamas som har programfesta å ville utslette den jødiske staten. Vi må derfor ikkje gå i fella å la Hamas vere den tydelegaste representanten for palestinarane.

Vi må løfte fram dei ikkje-valdelege delane av den palestinske motstanden og fortelje igjen og igjen at det finst eit anna Palestina enn terrorveldet på Gazastripa.

Kva ønsker eigentleg israelarane?

Også på israelsk side er det ekstremistar som absorberer det meste av energien i rommet.

Busettarane på Vestbredden har eit fundamentalistisk syn på Israels rett til å annektere større delar av Israel enn det FN vedtok då staten Israel vart oppretta i 1948. Mange av desse er også djupt rasistiske og har gitt næring til påstandane om Israels apartheidpolitikk.

Dei aller, aller fleste israelarane er ikkje busettarar eller ytterleggåande høgreekstreme. Likevel har høgrepolitikaren Benjamin Netanyahu gjort seg nytt av desse for å styre. Det er utilgjeveleg.

Dei fleste israelarane vil ha trygge liv, jobb og normalitet. Heller ikkje på israelsk side må vi gå i fella å tenke at fredsrørsla er død berre fordi den ikkje skrik høgast eller tar mest plass. Til dømes er organisasjonen av tidlegare soldatar i det israelske forsvaret, Breaking the Silence, ei av dei viktigaste røystene for å ende okkupasjonspolitikken på Vestbredden. Dei har vore høglytte og kritiske mot brutaliteten til israelske styrkar der.

Det er stemmene til dei moderate, fredsorienterte israelarane som må få mest plass og størst heiagjengar hos oss.

Kva er alternativet til Netanyahus tryggleikspolitikk?

Statsminister Benjamin Netanyahu har i kjend høgreorientert stil profilert seg som Mr. Security i israelsk politikk. Han har makt fordi han har trygga Israels gater. Det har handla om muren mot Vestbredden som har hindra sjølvmordsbombing inne i Israel. Det same gjeld innovasjonar som rakettforsvaret Iron Dome.

Samstundes har hans støtte til stadig nye busettingar ete av palestinske område, slik at kartet over desse i dag liknar ein sveitsarost. Det har gitt stadig mindre oksygen til den palestinske fredsrørsla, og dermed meir boltreplass til terroristane i Hamas. Dessutan har han stått for ei kompromisslaus og kortsiktig haldning til palestinske åtak. Hyppige flyåtak og drap på relativt unge palestinske gjerningsmenn veke etter veke. På lengre sikt er det ein politikk som skapar stadig mindre tryggleik, fordi frontane blir meir steile og motstanden hardare.

No og framover vil vi sjå kor feilslått denne politikken har vore. Eit mildare og meir moderat Israel som viser tilbakehaldenheit vil skape eit tryggare samfunn.

Korleis kan ei fredsavtale sjå ut?

Oslo-avtala er utskjelt, men kanskje den likevel er den mest realistiske vegen fram. Det er komplisert og hardt arbeid som må til, men det er der løysinga ligg.

Det mest sannsynlege scenarioet viss det blir forhandla om ei fredsavtale, blir at Israel må gje frå seg ein god del av busettingane på Vestbredden. Til dømes kan busettarane i ein del område få ein frist på eit år eller liknande på å flytte tilbake til staten Israels grenser – med lovnadar om jobb, pengar og land. Etter det vil dei bli henta med tvang av den israelske hæren.

Det har skjedd større mirakel i dei historiske områda til staten Israel og Palestina enn ei fredsavtale.

For israelarane er den største frykta at fred med eit fritt Palestina vil bety meir terror og drap inne i Israel. Etter laurdagens åtak er det ikkje vanskeleg å forstå kvifor. Palestinarane må sannsynlegvis i større grad gje slepp på dagens leiarskap og innordne seg høgare standardar for demokratisk kontroll og få FN-hjelp til å knuse korrupsjon og vanstyre.

Det viktigaste spørsmålet til slutt: Kan det bli fred?

Det farlegaste som skjer i ei kvar konflikt er at folk mistar trua på andre løysingar enn å drepe kvarandre. I Israel og Palestina er det i ferd med å skje i stort monn. Det finst likevel lyspunkt i form av krefter som meir enn å sprenge, skyte og drepe ønsker å sitte rundt eit bord og snakke saman med motparten om realistiske løysingar. Dei store og vanskelege spørsmåla er ikkje uløyselege, sjølv om det verkar slik.

Det har skjedd større mirakel i dei historiske områda til staten Israel og Palestina enn ei fredsavtale.



Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar