Kommentar

Dette handlar ikkje om Sindre

Det er vanskeleg å tru Erna Solbergs historiefortelling om at ho dei siste vekene ikkje har forstått omfanget av ektemannens aksjekjøp.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Akkurat no vurderer Økokrim om det er grunnlag for å etterforske Sindre Finnes for hans aksjekjøp den tida hans ektefelle var statsminister. Det er altså ei sak mellom Finnes og politiet.

Den verkelege saka og spørsmålet for det politiske Norge er kva Erna Solberg har visst og ikkje visst. Som politikar er det ho habilitetsspørsmålet treff. Ho innrømmer sjølv å ha vore inhabil, kanskje så lenge som åtte år.

Kommunikasjonsfagleg fingerspitzgefühl

Pressekonferansen på fredag der Solberg gråtkvalt fortalde om mannens aksjekjøp og korleis han hadde ført henne bak lyset, var eit meisterstykke i politisk kommunikasjon. Solberg fortalde om korleis Finnes på nesten Donald Duck-aktig skurkevis hadde lurt henne, medan ho sjølv var heilt uskuldig. Det luktar proff kommunikasjonsfagleg fingerspitzgefühl både av bodskap og timing for pressekonferansen.

Så mykje skuld vart lagt over på Sindre Finnes, at det var lett å berre kjenne omsorg for Erna Solberg. Men det var jo ho som hadde vore inhabil. Det var jo ho som ikkje hadde gjort nok for å undersøke ektemannens aksjehandling, trass i at den gjentekne gonger hadde vore tema i pressa. Det var jo ho som hadde vore statsminister.

Uavhengig av om Erna Solberg har visst eller ikkje visst, er det vanskeleg å sjå korleis ho kan bli sittande utan at det skal skade tilliten til politikarar generelt og partiet sitt generelt.

Av alle politikarane som har måtte svare for seg om skandaler den siste tida, har Solberg den «beste» fortellinga om kva som har skjedd. Ho stod uskuldig og uvitande tilbake, medan ho verbalt gav ektemannen ein klaps på baken.

Viss tillitsbrotet er så grovt som Solberg skal ha det til er det vanskeleg å forstå korleis ekteparet Solberg Finnes skal kunne halde fram i ekteskapet. Men det skal dei, ifølge Solberg, som allereie på pressekonferansen hoppa til konklusjonen om at ho var aktuell som statsministerkandidat i 2025: «Hvis jeg skulle bli statsminister igjen, må vi organisere det på en helt annen måte som sikrer fullt innsyn for Statsministerens kontor i VPS-kontoen til Sindre».

Det grove tillitsbrotet som mest sannsynleg har gjort Erna Solberg inhabil i mange saker, ser dermed ikkje ut til å få større konsekvensar enn litt styrking av administrativ kontroll på SMK. Det er neppe godt nok for verken ekteparet eller veljarane.

Mange ting som skurrar

Det er ein del som skurrar etter Solbergs pressekonferanse. Fleire av spørsmåla er openberre:

Visste ho omfanget av aksjekjøpa til Finnes før valet? Visste ho at han dreiv omfattande day-trading med aksjar?

Erna Solberg er kjend blant politiske allierte og motstandarar som ein ekstremt detaljorientert politikar. Det er knapt eit einaste sakskompleks i norsk politikk Solberg ikkje kan halde ei detaljert utgreiing om. Viss vi skal tru Solberg har ho altså delt både seng og middagsbord med ein mann som handla aksjar opptil 62 gonger om dagen utan å merke noko.

Det er ingen som har rett på tillitsverv.

Ein ting er det som har skjedd fram til no. Ein annan ting er det som no skal skje framover.

Fleire jussprofessorarar meiner det er grunnlag for å opne etterforsking mot Finnes. Viss det skjer, kan det ha store konsekvensar for Erna Solbergs politiske liv.

Uavhengig av om Erna Solberg har visst eller ikkje visst, er det vanskeleg å sjå korleis ho kan bli sittande i rolla som partileiar og statsministerkandidat utan at det skal skade tilliten til politikarar generelt og partiet sitt spesielt. Det same gjeld for øvrig utanriksminister Anniken Huitfeldt.

Bør trekke seg

Dersom det blir etterforsking og ei slik etterforsking endar med tiltale og rettssak, er det umogleg å forstå korleis Erna Solberg skal kunne halde fram som Høgre-leiar og statsministerkandidat utan å skade partiet sitt. Ei eventuell etterforsking og eventuell rettssak vil virvle opp negativt fokus på kommunikasjonen mellom Solberg og Finnes som vil vere vanskeleg å overdøyve med eit anna politisk bodskap. Det vil rette fokus mot kva selskap Finnes har investert i på gunstige tidspunkt der Erna Solberg har behandla saker om dei same selskapa. Allereie fredag såg vi fleire slike saker i norske medier. Interessant nok var det fullt av saker også i lokale medier rundt omkring i Norge.

Eit slikt fokus vil ikkje berre tappe Høgre som parti for politisk energi, men også bidra effektivt til politikarforakt og mistillit.

Sannsynlegvis vil det bli verre for Høgre enn det var for Arbeidarpartiet i valkampen med fokuset på aksjekjøpa til Huitfeldts ektemann. Ganske enkelt fordi Erna Solberg har vore viktigare for Høgres veljarar, tillitsvalde og politiske prosjekt enn Huitfeldt har vore for sitt parti.

Det er godt mogleg Erna Solbergs nokså svart-kvite historiefortelling om ektemannens aksjekjøp er sann. Likevel kan det vere gode grunnar til at ho bør trekke seg tilbake. Det er ingen som har rett på tillitsverv. Det er ikkje krav til at folk eingong skal vere skuldige i noko sjølv. I Solbergs tilfelle er det ektemannen som ser ut til å øydelegge hennar politiske karriere. Det har skjedd før.

Vi treng ikkje vente på etterforsking eller rettssak for å finne ut kva som er best for tilliten til norske politikarar. I eit slikt perspektiv er det ingen tvil om at tidlegare statsminister Erna Solberg og noverande utanriksminister Anniken Huitfeldt bør trekke seg. Det bør dei gjere av omsyn til eigne familiar, parti og tilliten til norsk politikk.




Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar