Kommentar

Her er det som ligg bak den konservative suksessen i skulevalet

Resultata i skulevalet vitnar om at det har skjedd ein stille og konservativ revolusjon blant norske ungdommar. Dersom trendane frå skulevalet også slår til på valkvelden mandag, kan Sylvi Listhaug takke ungdomspartileiaren sin.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Knarvik vidaregåande skule, 13 dagar før valet: Kobbelet av ungdomspolitikarar barka saman i dagens andre politiske debatt, framfor eit publikum beståande av nye elevar. Debatten kunne til tider minne meir om eit slags innøvd politisk teater enn ein reell og dynamisk debatt. Store ord, fiffige retoriske poeng og kunstig overdrivne ansiktsuttrykk kjempa om plassen. Tidvis og litt tilfeldig kom det applaus og latter frå salen.

Skoledebatt med ungdomspolitikere på Knarvik vgs.

Likevel – for oss som tidlegare har vore skuledebattantar for dei politiske ungdomspartia – var det umogleg å ikkje legge merke til at det må ha skjedd ei stor forandring på få år. Debatten var for det første meir sivilisert og ordna, der ordstyrarane frå elevrådet vart respektert på ein annan måte enn tidlegare. I tillegg var det eit parti som plutseleg hadde fått ein annan posisjon enn tidlegare: FpU. Der ungdomspartiet tidlegare var kjend som det mest rappkjefta, litt lettvinte alternativet ytst til høgre i panelet, kom det no stort sett saklege replikkar og innlegg.

Fpu-suksessen kom ikkje tilfeldig

Det var lyden av eit parti som var i ferd med å gjere det skikkeleg bra, og som berre basert på debatten lett kunne ende opp med stemmer frå halve salen.

Ei veke seinare, tysdag kveld, med seks dagar att til det skikkelege valet kunne FpU-arane som var samla til valvake på partikontoret i Oslo sjå resultata tikke inn, direkte på Dagsrevyen. Dei visste at det kom til å gå bra, men hadde ikkje forventa at partiet skulle over doble seg frå skulevalet i 2019. Unge Høgre hamna drygt eit par prosent framfor, medan AUF mista over 9,5 prosent frå sist.

Medan vi alle har gått rundt og trudd ting om ungdommen, har det openbert skjedd ein stille revolusjon og forskyving av ungdommar sitt ideologiske syn.

Sjølv om borgarleg side gjorde det godt samla, er FpU-suksessen den mest oppsiktsvekkande. Den kom ikkje tilfeldig.

Vi som er blitt vaksne trudde at norske vidaregåande skular var fulle av elevar frå «generasjon Thunberg». Det vil sei ungdommar som er meir grøne, progressive, radikale og liberale enn ungdommar var før.

Vi tok feil.

Konservativ bølge blant ungdom

Medan vi alle har gått rundt og trudd ting om ungdommen, har det openbert skjedd ein stille revolusjon og forskyving av ungdommar sitt ideologiske syn.

Då Unge Høgre-leiar Ola Svenneby gjesta Vårt Lands politiske podkast Kammerset under Arendalsuka varsla han ei slik konservativ bølge under skulevalet. Han spådde til og med at FpU og Unge Høgre ville bli dei to største partia, og meinte denne tendensen blant norske ungdommar var «underrapportert».

No viser fasiten at Svenneby hadde rett. Både han og FpU-leiar Simen Velle kan sleppe jubelen laus.

Det same kan sannsynlegvis Frp-leiar Sylvi Listhaug.

Skulevalet er ofte eit frampeik

Det er nemleg tradisjon for at tendensane i skulevalet også viser seg att på valdagen.

Dessutan er det berre å sjå på bakgrunnstala i dei mange meiningsmålingane den siste tida, der Frp for første gong på lang tid gjer det betre blant ungdommar. I lang tid har kampen om førstegongsveljarane vore ein vanskeleg kode for partiet å knekke.

For eit år sidan sat leiinga i FpU seg ned for å bestemme kva dei skulle satse på i denne valkampen, og landa på kamp mot det høge skattetrykket og offentlege avgifter. Dessutan skulle partiet skape arbeidsplassar. Fordi, analyserte FpU-strategane: Valkampen i 2023 kom til å handle om lommebokspolitikk. Privatøkonomien til folk kom til å stå under press. Det har i aller høgste grad også vore gjeldande blant ungdommar.

Førstegongsveljarane har historisk vore den gruppa der Frp har slitt mest. No tyder ting på at den tendensen kan snu. Sylvi Listhaug kunne ikkje ha håpa på betre drahjelp enn frå ungdomspartiet sitt.

Dei meiner sjølv dei ikkje kunne treft betre med det som i fleire tiår har vore tradisjonelle FpU-saker.

Uavhengig av kva ein meiner om FpU sin politikk er det vanskeleg å ikkje la seg imponere av valkampen dei har ført. Ved å utvide ungdomspartiets debattskuleringsprogram, har dei i løpet av det siste året fått pressa inn tjue heile dagar der alle partiets skuledebattantar har blitt køyrt hardt frå morgon til kveld. Det har gitt resultat i dei mange gymsalane der skuledebattane har føregått.

Frp kan ha løyst førstegongsveljar-problemet

Dessutan har FpU-leiar Simen Velle vore den ungdomspolitikaren som har skapt klart mest engasjement i sosiale medier. «Hvis du ønsker en lavere skatt. Hvis du ønsker å beholde mer av dine egne penger, ja, da stemmer du på oss», seier han i ein Tiktok-video frå i sommar som har over 255.000 visningar og 21.000 likarklikk.

Dermed er det inga tvil om at kidsa har fått med seg kven og kva FpU representerer i årets skuleval.

Partiet har dessutan opplevd ein enorm interesse frå elevane dei har møtt på stand som har stilt spørsmål om woke og kanselleringskultur. Der har Fpu vore meir tydelege enn dei andre partia på at «woke er ein joke, det er tull og tøys». Dei har heilt avvist tanken om at kjenslene til mottakaren er viktigare enn bodskapen til avsendaren, og dermed fått støtte frå mange ungdommar som no gjer opprør mot woke-kulturen.

Skoledebatt med ungdomspolitikere på Knarvik vgs.

Ungdomspartia si rolle er å samle førstegongsveljarar. Gevinsten frå skulevalet blir ofte større i eit eller to val fram. På den måten er skulevalet eit varsku for Arbeidarpartiet, og eit varsel om jubel for høgresida framfor valet neste veke og stortingsvalet om to år.

Førstegongsveljarane har historisk vore den gruppa der Frp har slitt mest. No tyder ting på at den tendensen kan snu. Sylvi Listhaug kunne ikkje ha håpa på betre drahjelp enn frå ungdomspartiet sitt.





Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar