Kommentar

Mot splitting hjå amerikanske baptistar

Den konservative fløyen i Southern Baptist Convention har dei siste åra ønska å slå hardare ned på det ein ser på som ei farleg utgliding mot det liberale. No er dei i gang.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Southern Baptist Convention, det største amerikanske baptistsamfunnet, ekskluderte tidlegare i år ei av sine største medlemskyrkjer.

Etter at Rick Warren, som leia den California-baserte Saddleback Church i over 40 år, for nokre år sidan melda at han ville gå av med pensjon, gjorde han det i fjor kjent at ekteparet Andy og Stacie Wood skulle overta leiinga av kyrkja. Det er ikkje heilt ukjent i amerikanske kyrkjer at eit pastorpar saman leiar ein kyrkjelyd, men det har vore kontroversielt innan baptistsamfunnet. Stacie Wood har tittelen «teaching pastor», undervisningspastor, ei rolle som inkluderer å forkynne for heile forsamlinga, og dette skal ha vore ein utløysande årsak til at leiinga i Southern Baptist Convention (SBC) gjekk til eksklusjonssak mot kyrkjelyden.

Saman med fire andre vart Saddleback Church utviste frå SBC etter at leiinga erklærte at dei fem kyrkjene er «ikkje i vennleg samarbeid» med SBC, fordi dei har kvinner som fungerer i pastorembetet.

For Saddleback Church er det i praksis ikkje ei dramatisk avgjerd – dei har i liten grad profilert seg som ei baptistforsamling og Rick Warren skal i si tid som pastor sjeldan ha prioritert å møte på pastorsamlingar og liknande i SBC. Likevel valde dei saman med ei anna kyrkje å anke avgjerda til SBC sin store sommarkongress i New Orleans i juni. På kongressen vart klagene avviste med overveldande fleirtal. Alle kyrkjene vil fungere som før, men utan å høyre til den tradisjonsrike baptistparaplyen.

Saman med fire andre vart Saddleback Church utviste frå SBC etter at leiinga erklærte at dei fem kyrkjene er «ikkje i vennleg samarbeid» med SBC

Vidtrekkande lovtillegg

Kongressen gjekk endå lenger: Med stort fleirtal vedtok dei eit tillegg til kyrkjesamfunnet sitt lovverk som vil tydeleggjere at kyrkjer som vil vere tilslutta SBC må velje «berre menn som alle formar for pastor eller eldste som er føreskrive i Skrifta». Tillegget til lovverket må vedtakast på to påfølgjande kongressar og det er venta at meir liberale kyrkjer vil mobilisere kraftig inn mot neste års kongress for å blokkere forslaget. Mobiliseringa framstår imidlertid mest kraftfull på konservativ side: Før kongressen signerte meir enn 2000 mannlege pastorar og professorar eit brev med støtte til lovforslaget.

Den konservative fløyen i kyrkjesamfunnet har dei siste åra ønska å slå hardare ned på det ein ser på som ei farleg utgliding mot det liberale. Dei fleste baptistar i USA har lenge meint at embetet som hovudpastor berre er for menn. Men ein svært konservativ fraksjon, og dei er høglytte, ønsker å gå lenger. Grunngjevinga er at aksept for kvinnelege pastorar er eit forstadium til aksept for homofili og seksuell umoral. Dei vil også hevde at denne liberale glidinga er grunnen til synkande medlemstal i ei rekke protestantiske kyrkjesamfunn dei siste åra. Medlemstalet i Southern Baptist Convention har også gått nedover, men med over 13 millionar medlemmer er dei framleis det største protestantiske kyrkjesamfunnet i USA.

Kven er pastor?

Det konservative tidsskriftet American Reformer publiserte tidlegare i år ei analyse som estimerer at det er over 1.800 kvinnelege pastorar i SBC-kyrkjer. Det er også eit av spørsmåla som vil stå att etter vedtaket i SBC: Korleis definerer ein kven som er ein pastor som føreskrive i Bibelen? Ein god del av pastorane American Reformer har funne er barne- eller ungdomspastorar. Dette er roller ein tradisjonelt har akseptert at kvinner har, fordi dei ikkje inneber å ha læreansvar eller leiarskap over vaksne menn.

Det er særs uklart korleis dei over 47.000 medlemskyrkjene i SBC vil reagere dersom lovforslaget blir endeleg vedteke neste sommar. Det kan bety ei meir formell oppsplitting, der meir moderate utbrytarar fra Southern Baptist Convention går inn i andre baptistiske samfunn eller lagar sitt eige, men det kan også leggje grunnlag for nye endelause år med interne konfliktar og strid i den mektige organisasjonen. I seinare år har det storma i SBC om både handtering av overgrepssaker og rasismespørsmål, og striden om kvinnelege pastorar er ikkje over enno.

Dette kan bety ei meir formell oppsplitting av dei amerikanske baptistane

—  Sigrid Rege Gårdsvoll

Fleire sprekker

Eit par veker etter generalforsamlinga kom meldinga om at ei anna av dei største medlemskyrkjene til sørstatsbaptistane forlét fellesskapet: Elevation Church i North Carolina med over 10.000 medlemmer har meldt seg ut av Southern Baptist Convention. Dei oppgav ikkje nokon grunn til utmeldinga, men Holly Furtick, kona til pastor Steven Furtick, forkynner jamnleg på Elevation-gudstenestene.

Den no pensjonerte Rick Warren tala til baptistkongressen på Saddleback Church sine vegne då anka skulle handsamast. Han poengterte at det teologiske underlagsdokumentet til SBC tel 4032 ord. «Saddleback er usamde i eitt ord,» sa Warren. «Det vil seie at vi er 99,99999999 prosent samde! Er ikkje det godt nok?».

«Nei,» ropte forsamlinga tilbake.



Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land. Hun har jobbet i avisen siden 2022. Sigrid er kommentator og skriver da oftest om USA og amerikanske valg, Den norske kirke og aktuell samfunnsdebatt.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar