Kommentar

Sivilisasjonen døyr i fotgjengarfeltet

Ein stad vi ikkje toler mangfald, er i trafikken. Tillitssamfunnet vert dagleg testa i trafikken. Her kjem dei ti boda for å vise omsyn og skape tillit i trafikken.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

– Ta omsyn. Det er det viktigaste eg lærer deg, sa køyrelæraren min då eg tok lappen.

Omsyn, omsyn, omsyn.

Det er ikkje så rart at køyrelæraren sa det. For kva er trafikkreglane verd dersom vi ikkje tar omsyn til kvarandre? Kvar gong du er ute i trafikken – enten til fots, sykkel eller bil – vil du sannsynlegvis kome i gråsoner der paragrafar, reglar og lover ikkje løyser situasjonen med andre trafikantar. Dersom begge tar omsyn, løyser situasjonane seg ofte likevel. Viss sykkelryttarar blir paragrafryttarar, og bilførarar det same, kan det ende i kollisjon.

Helsing med handa for å ta omsyn

Heime på vestlandsøya der eg kjem frå, er det vanleg å helse med handa på bilistar som stiller seg på møteplassen slik at du kan køyre forbi på den smale vegen. Då eg etter kvart flytta til Bergen og Oslo, helste eg lenge med handa viss folk stoppa for meg eller viste omsyn. Sjølv om eg for lengst har forstått at det ikkje er kultur for slikt her i storbyen, tviheld eg på tradisjonen.

Det handlar om respekt.

Alle må ganske enkelt ta seg saman og skjerpe seg. Igjen: Ta omsyn, ta omsyn, ta omsyn.

For kva skjer den dagen vi sluttar å ta omsyn?

I 2022 sa 4 av 5 nordmenn at dei bryt trafikkreglane. Ikkje berre er det livsfarleg å bryte desse, men det bryt òg ned samfunnslimet. Alle som har prøvd å forsere eit fotgjengarfelt i ein norsk storby, forstår problemet.

Trafikken fortel mykje om eit samfunn

Ofte prøver folk å passere dei tjukke, kvite stripene med livet som innsats. Sjølv om bilane skal ta omsyn til dei gåande, er faktum ofte at bilførarar gir gass for å sleppe å vente på fotgjengarane. Det har fått fatale konsekvensar.

Sjølv har eg fleire gonger opplevd å gå midt i fotgjengarfeltet, medan bilen pressar seg forbi i stor fart. Eg vert ikkje først og fremst redd, men sint. Sint fordi det er samfunnslimet som går i oppløysing på grunn av hastverk, egoisme og idiotkøyring. Akkurat der og då tenker eg at det er vår sivilisasjon, tillitssamfunnet og vår måte å leve på som vert overkøyrd.

Basert på observasjonar av trafikken kan ein ofte lære utruleg mykje om eit samfunn.

I Norge har vi vore stolte av å ha eit fellesskapssamfunn. Det har vi også sett i trafikken.

«Moses i Raudehavet»-effekten

Viss ein ambulanse set på sirenene i ein kø, er det fascinerande å sjå korleis det får ein slags «Moses i Raudehavet»-effekt. Køen delar seg og ambulansen slepp forbi. For oss er det sjølvsagt at fellesskapet skal stille opp i krise.

Det er ikkje sjølvsagt alle stader. Fleire gonger har eg stått fast i bilkø i byar som Istanbul, Amman eller Roma der ambulansar har stått med sirener, fløyter og lysblink utan at bilane har flytta seg ein millimeter.

Det seier noko om eit samfunnsfellesskap. Spørsmålet er om vi er i ferd med å importere ein trafikkultur frå andre delar av verda?

På same tid kan trafikken gje viktige svar på store spørsmål:

Viser vi respekt for andre enn oss sjølv?

Kan vi stole på kvarandre?

Tar vi ansvar?

Sykkeldebatt med militant preg

Det går an å bli lei folk som snakkar om «tonen i debatten», men viss det er ei tone i ein debatt vi bør snakke om, så er det tonen i debatten mellom syklistar og bilistar.

I Oslo har den fått eit nesten militant preg.

Spesielt på sosiale medier som Twitter har ein kunne sjå ei stadig meir hissig og uforsonleg tone mellom syklistar og bilistar. Fleire videoar viser eksempel på bilistar som nesten drep syklistar berre fordi dei lar seg provosere. I mange av tilfella er det ingen av partane som tar omsyn. Trass i alle kampanjar om å «dele vegen» og ta omsyn, ser det ut til å bli ein stadig meir polarisert debatt.

Der sparkesyklane i starten vart omtalt som ein slags mobilitetsrevolusjon, har dei fleste oppegåande folk i dag vett til å la dei effektive hjernerystings-maskinene bli ståande parkert.

Det er lett å tenke at det er dei mjuke trafikantane som har rett. Samstundes må også syklistar og fotgjengarar ta omsyn. Å snakke om bilistar på ein måte som demoniserer, hjelper ingen.

Så har vi dei fordømte el-sparkesyklane. Der sparkesyklane i starten vart omtalt som ein slags mobilitetsrevolusjon, har dei fleste oppegåande folk i dag vett til å la dei effektive hjernerystings-maskinene bli ståande parkert. Dei som likevel stiller seg oppå, ser ut til å høyre til den delen av befolkninga som verkeleg har latt alle tankar om trafikkreglar segle sin eigen sjø.

Reguleringa av sparkesyklar hjalp ein del, men ikkje nok. No er det lokalval.

Raymond Johansen, kan du høyre meg? Forby uvesenet!

Alle må ganske enkelt ta seg saman og skjerpe seg. Igjen: Ta omsyn, ta omsyn, ta omsyn.

Kritikken mot denne teksten kan fort bli spørsmålet: Men kva betyr det å vise omsyn i praksis?

Derfor presenterer eg her dei ti, eigenkomponerte boda for å vise omsyn i trafikken – basert på vage minne frå køyrelæraren min. Det kan kanskje verke sjølvsagt for alle som har gått på køyreskule, men kanskje vi treng ei påminning:

Dei ti boda for å ta omsyn

1. Lær borna dine trafikkreglane medan dei endå er små. Gode trafikantar får du med gode trafikkverdiar i botn.

2. Stopp alltid. For fotgjengarar som står klare på fortauet ved fotgjengarfeltet. For medtrafikantar du har vikeplikt for. For småborn og barnevogner. Du tapar kanskje fem sekund, men har du ikkje råd til å tape fem sekund, held du deg heime.

3. Aldri køyr elektrisk sparkesykkel. Knapt noko køyretøy øydelegg meir for trafikkulturen enn desse livsfarlege, idiot-transportørane.

4. Køyr saktare enn naudsynt oftare enn du vil.

5. Ha augekontakt med medtrafikantane. Det handlar om kommunikasjon.

6. Blink alltid ut av rundkøyringar. Det handlar framleis om kommunikasjon.

7. Rundkøyring er inga tevling. Vent til det er din tur.

8. Tell til ti, smil, pust roleg og snakk fint om andre. Road-rage er usjarmerande.

9. Hels med handa eller på andre måtar gi til kjenne at du er takksam for dei som tar omsyn til deg.

10. Kutt unaudsynt støy. Motorsykkelen din som bråkar får du køyre med ein eller annan folketom stad tidleg på dagen.

Bilen er vår kyrkje, sa visst forfattaren og journalisten Karsten Alnæs. La det ikkje bli vår kultur sin kyrkjegard.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar