Kommentar

Kva viss Putin er Guds brutale herskar på jorda?

Kvifor har den russiske krigføringa i Ukraina vore så brutal, både mot ukrainske sivile og eigne russiske soldatar? Svaret ligg kanskje i ei djup og fasttømra religiøs tru som Lenin, Stalin og Sovjet aldri heilt klarte å kvitte seg med.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dei prøvde hardt, sovjetarane, på å kvitte seg med det dei såg som religiøs overtru dei fleste russarane hadde. Då kommunistregimet kollapsa i 1991 identifiserte berre 37 prosent av russarane seg som ortodokse kristne. I dag er talet sannsynlegvis over 70 prosent.

Vi har sett bilete av lik i Butsjas gater. Sivile som vart avretta av russiske soldatar på retrett, i det som må ha vore ein grusom massakre. Vi har sett terrorbombinga av Mariupol. Vi har sett korleis russarane har prøvd å fryse ukrainarane i hel ved å bombe i stykker Kyivs straumforsyning. Vi har sett ein ukrainsk krigsfange bli halshogd på video.

Mykje av det minner om den fanatiske vondskapen vi såg då terrororganisasjonen IS herja i Midtausten for nokre år sidan. Kanskje fordi den har opphav i same grunnleggande tru på at det finst noko større, viktigare og meir heilagt enn sjølve livet.

Russlands hemmelege politi som religiøst fenomen

Vi må langt tilbake for å forstå samanhengen. I boka Putin – krigsherren i Kreml av Aage Borchgrevink prøver forfattaren seg på ei forklaring: Etter at Konstantinopel fall til den osmanske sultanen i 1453, meinte herskarane av Moskva at den russiske tsaren var overhodet til den ortodokse kyrkja. Det russiske maktapparatet greip høvet med begge hendene, og hadde plutseleg kontroll med både Gud og lovene.

Slik vart Ivan, Peter, Aleksander, Nikolai og alle dei andre tsarane Guds representant på jorda. Spesielt ille vart det under tsar Ivan den grusomme, som sende livvaktane sine – kjend under som opritsjnina – for å straffe byar som trossa han. For – som han sa – dei trossa også Gud viss dei nekta å gjere slik Ivan befalte. Borchgrevink skriv: «Fra 1565 til 1572 red Ivans krigermunker omkring på svarte hester og terroriserte adelen og befolkningen på vegne av Gud og tsaren».

Den russiske forfattaren Anna Arutunyan skildra det som imperialisme maskert som korstog: «Russlands hemmelige politi var helt fra begynnelsen av både et religiøst og økonomisk fenomen». Slik har synet historisk vore mange andre stader enn i Russland. Lenge trudde til dømes mange nordmenn òg at monarkane var innsett av Gud. Dronning Elizabeth trudde det heilt til det siste om seg sjølv. Men i vestlege land har denne trua i dag berre seremonielt preg.

Putins spreier framleis aktivt denne myta om seg sjølv, og propagandaen går nok heim hos ein del russarar.

Berre i eit slikt system kan det vere logisk at den mektige får myrde ustraffa, medan det uskuldige offeret vert straffa. Russisk historie har ikkje mangla eksempel på den dynamikken, men få har vore meir synlege enn då Aleksej Navalnyj vart forsøkt drepen og forgifta av FSB-agentar. Rett etterpå vart han sendt i fengsel.

Ingen skuldige folkeslag

Den ukrainske litteraturkritikaren Tetyana Ogarkova snakkar i sin lytteverdige podkast om at ein i Russland finn ein kultur der «du har brotsverk utan straff og straff utan brotsverk».

Påstanden om russisk kultur treng motstand.

Vi har jo historiske erfaringar med å jakte skuldige folkeslag eller kulturar. Til dømes då sosialpsykologar som Stanley Milgram etter 2. verdskrigen prøvde finne ut om det var noko spesielt med tyskarane som gjorde dei i stand til å gjennomføre Holocaust. Svaret den gongen var nei. Tyskarane var som oss. Akkurat slik også russarane er det. Russarar er ikkje meir blodtørstige eller vondskapsfulle enn polakkar eller nordmenn. Det er den sterke russiske, humanistiske tradisjonen eit prov på.

Verda såg det i Tsjetsjenia og Syria. No ser vi det i ukrainske byar som Butsja, Mariupol og Bakhmut. Det er øydelegging av bibelske dimensjonar.

Derfor må vi skilje mellom russarar flest og det russiske maktapparatet. Sistnemnde spreier ei myte om seg sjølv som mange russarar trur på. I Ogarkovas podkast argumenterer to ukrainske filosofar overtydande for at forbindelsen mellom brotsverk og straff er oppheva i russisk tradisjon, og at det å bli nokon i det russiske samfunnet har handla om å utøve makt og kontroll. Kosakkane fortalde til dømes at det ikkje var nok å skyte ein mann, men at ein måtte pine livet ut av han over lang tid for verkeleg å gjere det til ei kultisk eller religiøs greie.

Ivan den grusomme sine opritsjnina vart til det KGB som Vladimir Putin seinare verva seg til. Ein tidlegare agent i KGBs etterfølgar, FSB, sa ein gong at «vi blir sett på som halvguder». Sjølv om Sovjetunionen prøvde å bli kvitt religiøs tru, verkar det til at den russiske folkesjela aldri vart heilt sekularisert. I alle fall ikkje i synet på makta. Sjølv i dag ser russarane på den moderne tsaren – Vladimir Putin og hans maktapparat – med ein respekt vi berre finn i forholdet mellom folk og Gud.

Kjøttkverna i Donbas

Valdsbruken i Ukraina er òg berre mogleg å forstå viss vi gir den religiøse overtonar. Den russiske staten vart brutal fordi den gjennom hundreåra har heia fram overgrep, utan å ta noko gjennomgripande oppgjer med dei. Propaganda og sterk kontroll har gjort denne trua til eit effektivt våpen for Putin-regimet og hans forgjengarar.

For visst har russiske styrkar gjennomført dei mest grusomme handlingane mot ukrainske sivile, men vel så uforståeleg er korleis uerfarne, unge og utrente russiske soldatar har blitt ofra i kjøttkverna Donbas. På russisk TV vert drapsorgien hylla som ei slags russisk dyd.

Tilfeldig og grusom vald frå maktapparatet går som ein blodig, raud tråd gjennom russisk historie.

I ein velformulert artikkel i The Guardian skildrar den sovjetfødde, britiske journalisten Peter Pomerantsev den russiske krigføringa i Ukraina som rein øydelegging for øydelegginga si skuld. Meiningsløysa er sjølve meininga med det. Putin-regimet nyttar ein militærdoktrine som heng saman med korleis dei ser på seg sjølv, eller prøver å få russarar til å sjå på leiarskapen.

Verda såg det i Tsjetsjenia og Syria. No ser vi det i ukrainske byar som Butsja, Mariupol og Bakhmut. Det er øydelegging av bibelske dimensjonar.

Blodig, raud tråd gjennom russisk historie

Akkurat slik strategien til IS var å vere så brutale at dei gudlause og vantru motstandarane skulle skjelve av skrekk, kan det sjå ut som Putins regime prøver å sende ei liknande melding. Målet verkar å vere at valden skal sjokkere, opprøre, øydelegge for på den måten statuere eit eksempel.

Tilfeldig og grusom vald frå maktapparatet går som ein blodig, raud tråd gjennom russisk historie.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar