Kommentar

Meldinga til Navarsete held fram med å heimsøke Senterpartiet

Vedum strammar grepet ved å utnemne Bjørn Arild Gram til ny forsvarsminister og hente inn Gjelsvik til å forsvare partiets kommunereversering. Men Senterpartiet risikerer at fleire skjelett i skapet fell ut.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Statsminister Jonas Gahr Støre fekk nok ei krise i fanget på laurdag då det vart avslørt at forsvarsministeren hans – Odd Roger Enoksen (Sp) – som 50-åring hadde hatt eit forhold til ei 18 år gammal jente. På grunn av krigen i Ukraina er forsvarsministeren ein av dei viktigaste stillingane i regjeringa for tida, og Støre hadde få dagar på å finne ein ny kandidat.

Kvifor varsla ingen?

Samstundes byrja debatten å rulle i Senterpartiet om korleis dei skal handtere varslingar frå kvinner om seksuell trakassering. Senterparti-nestleiaren og utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim tok tysdag til orde for gjennomgang av varslingsrutinane i partiet.

Det ulmar i Senterpartiet etter Enoksens skandale-exit. Kven har visst? Kvifor har ingen varsla? Korleis er det å vere kvinneleg varslar i Senterpartiet?

Og så har ei gammal sak komme til vissheita for mange.

Stødig Sp-politikar i Gram

Vårt Land kunne tysdag morgon melde at Støre landa ned på den erfarne politikaren frå Nord-Trøndelag, Bjørn Arild Gram, som fram til no har vore kommunal- og distriktsminister i Støres regjering. Gram er ein stødig Senterparti-politikar som i 13 år var ordførar i Steinkjer og som også var styreleiar i Kommunenes Sentralforbund (KS).

Vedum sikrar seg ein av sine næraste allierte rundt kongens bord, ved å få Sigbjørn Gjelsvik som kommunal- og distriktsminister. Fleire i partiet forventar at Gjelsvik – som er ein meir dogmatisk Senterparti-politikar enn Gram i spørsmål om oppløysing av kommunar og fylke – skal gå hardare til verks mot kommunereforma.

Før utnemninga av Gram og Gjelsvik, var det mange i partiet som tok til orde for at den tunge forsvarspolitikaren og tidlegare partileiaren Liv Signe Navarsete burde få posten som forsvarsminister. Mykje tyder på at det var stor diskusjon i partiets leiande organ om kven som skulle fylle rolla som ny forsvarsminister. Mykje talte for at bordet var duka for Navarsete – som kunne bidra til ny samling og større entusiasme om partiet som flyg lågt på målingane.

SMS-en frå hytteturen

At det likevel vart Bjørn Arild Gram, er eit lite paradoks. Ved å hente inn Liv Signe Navarsete var det fleire som peika på at den gamle konflikten mellom henne og Ola Borten Moe ville komme i søkelyset att. Mange har kanskje gløymd den famøse hytteturen der Borten Moe og ni andre sentrale partifolk frå Trøndelag deltok, og som enda med at det vart sendt ein sms til Liv Signe Navarsete med graverande innhald.

I SMS-en – som ingen av dei ti har tatt på seg ansvaret for – stod det at «vi har lyst på fitta di».

I lys av metoo-debatten er SMS-en endå meir graverande no. Spesielt ettersom ein sentral partimann for få dagar sidan måtte forlate posten sin på grunn av sin problematiske omgang med kvinner.

Bjørn Arild Gram var ein av dei som var på den berømte hytteturen der SMS-en vart sendt. Det er få som mistenkjer at det var han som stod bak SMS-en. Sidan ingen av dei har stått fram med kven som skreiv meldinga, held den fram med å heimsøke Senterpartiet.

At både Gram og Borten Moe er del av ei regjering som Navarsete ikkje får bli ein del av, er symbolsk nok.

Bjørn Arild Gram var ein av dei som var på den berømte hytteturen der SMS-en vart sendt.

Signaleffekten av at Navarsete vart vraka

Sentrale folk i partiet fryktar at utnemning av Gram – etter Enoksens skandaleavgang – vil føre til meir søkjelys på partiets kvinneproblem ved at historia om SMS-en frå hytteturen får nytt liv. Dei fryktar òg signaleffekten ved at Navarsete vart vraka til fordel for folk som har kjennskap til trakasseringa av henne, men som ikkje har tatt eit oppgjer med den.

At verken Gram eller Borten Moe har letta på sløret om kven som sende SMS-en, før dei slapp inn i regjering, kjenner fleire som problematisk. Eit sterkare oppgjer med denne historia trengst i Senterpartiet.

Ingen såg

I tillegg kjem refleksjonen mange gjorde seg etter at Odd Roger Enoksen måtte gå av som følgje av å ha hatt eit seksuelt forhold til ei 18 år gammal jente. Det vart kjend at Enoksen hadde tatt jenta med seg på jobb som statsråd, i møte med partifolk og politikarar. At ingen i partiet såg det oppsiktsvekkjande forholdet den gongen, talar ikkje til partiets fordel.

Det er lite som tyder på at Senterpartiets handtering av varsel frå kvinner er ferdig med dette.


En tidligere versjon av kommentaren hevdet at det er sannsynlig at Bjørn Arild Gram vet hvem som sendte den kontroversielle SMS-meldingen til Navarsete. Dette er fjernet, da Gram benekter at han vet dette.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar