Kommentar

Pengar har alltid vore politikk

Jens Stoltenberg kan bli den mest uavhengige sentralbanksjefen i norsk historie. Likevel bør Norge nytte høvet til å få sin første kvinnelege sentralbanksjef.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kritikken haglar mot det som kan likne ein velregissert kampanje for at Jens Stoltenberg skal få jobben som vår neste sentralbanksjef. Civita-leiar Kristin Clemet kallar det ein «pinleg kampanje». I realiteten ser det no ut til å stå mellom Jens Stoltenberg og Ida Wolden Bache – ho som i dag er visesentralbanksjef.

Diskvalifisert?

NHH-professor Ola Grytten argumenterer mot Stoltenbergs kandidatur med at politikarar ikkje bør få jobben, og sa nyleg at han «fryktar at det kan rokke ved sentralbankens sjølvstende. Det er ikkje sikkert det vil gjere det i praksis, men det gir et signal i den retningen». Grytten meiner derfor at Stoltenberg er diskvalifisert.

La oss derfor gjere lite historisk dykk i prosessane med å tilsette dei ti personane som har hatt jobben som sentralbanksjef til no.

Norges første sentralbanksjef Karl Gether Bomhoff var Venstre-mann og vald inn på Stortinget den første tida han stod i vervet som øvste leiar for Norges Bank. Dette trass i at Gether Bomhoff var særs oppteken av at banken måtte vere fri frå politisk press. Han argumenterte sterkt for at Norges Bank burde ligge i Trondheim, fordi banken «i Hovedstaden vil være utdsat for et Tryk, som man ikkje kan vide, hvorlænge en Direction vilde kunne modstaa (...)».

Mange politikarar

Fram til 1897 låg banken i Trondheim, men Bomhoff tapte kampen og Norges Bank vart flytta til hovudstaden. Også det gjekk visst fint, og Bomhoff heldt fram i jobben til 1920.

Gether Bomhoff var ikkje åleine om å ha bakgrunn frå og tette band til politikken då han leia Norges Bank. Av dei ti som har hatt jobben, hadde heile fem av dei bakgrunn som politikarar – enten som statsråd eller statssekretær.

Den neste sentralbanksjefen etter Gether Bomhoff, den tidlegare finansministeren Gunnar Jahn, hadde òg bakgrunn som Venstre-mann. Då han gjekk inn i jobben som sentralbanksjef i 1946, var han òg kjend som ein av dei fremste leiarane for motstandsrørsla i Norge under krigen.

Gjensidig tillit

Etter Jahn, kom samfunnsøkonomen, Arbeidarpartipolitikaren og den tidlegare finansministeren og handelsministeren Erik Brofoss. Overgangen frå politikken til Norges Bank omtalte Brofoss sjølv som å gå «frå rampelyset til snorloftet». Likevel vart han sittande heilt fram til 1970. Brofoss heldt fram med å ha eit tett forhold til partiet sitt, og sett mellom anna i sentralstyret.

Ein del av dei som argumenterer for Stoltenberg gjer det med så inderleg overtyding og overilt pågangsmot at det blir nesten parodisk.

—  Emil André Erstad, kommentator

Etterfølgaren var Venstre-mannen og den tidlegare statssekretæren Knut Getz Wold, som leia Norges Bank frå 1970 til 1985. Det vert sagt at Wold «nøt en sjeldan tillit i hele det politiske Norge», og at denne tilliten var gjensidig.

På 1980-talet skjedde det eit skifte om korleis vi tenkjer om makroøkonomi, korleis sentralbanken sette renta og korleis pengepolitikken vart styrt. Det var først etterkomaren, Hermod Skånland som ikkje hadde noko partipolitisk tilknyting, som fekk gjennomslag for ein meir uavhengig sentralbank, fri frå politisk press.

Skiftet til fagøkonomane

Trass i den meir politisk uavhengige linja, vart sørlendingen og Arbeidarpartimannen Torstein Moland etterfølgjaren til Skånland i 1994. Han hadde då bakgrunn som rådgjevar for Arbeidarpartiets stortingsgruppe og tre år som statssekretær for Gro Harlem Brundtland ved Statsministerens kontor. Han vart sittande kortast i jobben av alle som har vore sentralbanksjefar i Norge, og felt på ei skattesak i 1995.

Foreløpig er Kjell Storvik, som hadde bakgrunn som statssekretær for Høgre, den siste sentralbanksjefen med partipolitisk tilknyting. Storvik gjekk av i 1998, før Svein Gjedrem og noverande sjef Øystein Olsen overtok ansvaret for den norske penge- og valutapolitikken. Dei to siste var reine fagøkonomar.

Kva fortel dette oss?

Stoltenberg openbert uavhengig

Det første og mest innlysande er kanskje at gamle menn har styrt Norges Bank i over hundre år. Er det ein stad der glastaket for kvinner endå ikkje er brote, så er det hos pengebingen i Kvadraturen i Oslo.

Det talar for at den høgst kvalifiserte søkjaren Ida Wolden Bache burde få jobben, som første kvinne i historia.

Sjølv om Norges Bank har ei friare og meir sjølvstendig rolle i dag enn den hadde rundt på slutten av 1800-talet, er det likevel mykje som tyder på at dei politiske bindingane ikkje har vore til hinder for at Norges Bank har kunne styre norsk valuta- og pengepolitikk på ein tilfredsstillande måte.

Til sjuande og sist er det kanskje slik at Wolden Bache er ein minst like god kandidat som Stoltenberg, og at det er eit godt høve til å gje jobben til ei kvinne.

—  Emil André Erstad, kommentator

Jens Stoltenberg er openbert kvalifisert, og har brei tillit i alle delar av norsk politikk og samfunnsliv. Han er politikar, ja, men han har som samfunnsøkonom vore tungt investert i vernet av Norges Banks sjølvstende og paradigmeskiftet som skjedde på 1980-talet. Slik kan ein argumentere for at Stoltenberg kan bli den mest uavhengige sentralbanksjefen i norsk historie – fordi han forstår så godt kva bankens sjølvstende vil sei, både som økonom og tidlegare politikar.

Dessutan står han for ei ganske anna økonomisk linje enn Jonas Gahr Støre, og dermed er det liten fare for at han lydig vil nikke til direktiv frå partikollegaen.

Gje jobben til Wolden Bache

Men trengst det? Er ikkje Norges Bank ein velfungerande institusjon slik den er?

Kristin Clemet har rett i at debatten har blitt rar. Ein del av dei som argumenterer for Stoltenberg gjer det med så inderleg overtyding og forhasta pågangsmot at det blir nesten parodisk, til dømes argumentet om at vi ikkje kan unngå å gje Stoltenberg denne jobben og at det vil vere å sløse bort ein sjanse vi aldri får igjen.

Ida Wolden Bache vil vere ei vidareføring av den linja med sentralbanksjefar vi har hatt dei siste åra. Ho er openbert kvalifisert, gitt hennar noverande jobb.

Til sjuande og sist er det kanskje slik at Wolden Bache er ein minst like god kandidat som Stoltenberg, og at det er eit godt høve til å gje jobben til ei kvinne.


Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar