Kommentar

Trygve Slagsvold Vedum blir aldri statsminister

Her er tre grunnar til at Senterpartiet likevel peikar på Trygve Slagsvold Vedum som sin statsministerkandidat, trass i at det er null realisme i kandidaturet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det var i oppbygginga til Senterpartiets landsmøte at trykket på statsministerspørsmålet byrja å spreie seg blant fotfolket i organisasjonen. Først kom kravet frå eit knippe fylkesleiarar i partiet, før Nationen-kommentator Eva Nordlund kunne fortelle at partileiinga meinte at Vedum burde avklare at han er partiets statsministerkandidat.

Fredag kveld kunne Vårt Land avsløre at partiet i løpet av laurdag ville utpeike Vedum som sin statsministerkandidat. Under laurdagens landsmøtebehandling føreslo parlamentarisk leiar Marit Arnstad at Vedum skulle vere partiets kandidat til å bli statsminister ved eit eventuelt regjeringssamarbeid.

Vedum gjekk deretter opp og takka for å bli vald som statsministerkandidat, før han i kjend stil slo fast at «posisjonar berre er verktøy å få gjennom politikk».

Det framstår som at Vedum har undervurdert kor sterkt presset på statsministerspørsmålet ville bli i eige parti, og dei siste dagane har openbert leiinga forsøkt å ta grep om regi og strategi. Her er tre grunnar til at dei i så fall la ein slik strategi.

Vil vinne Høgre- og Frp-veljarar

For det første er Senterpartiets strategar tydelege på at partiets hovudstrategi er å hente veljarar frå Høgre og Framstegspartiet. Det handlar om å flytte veljarar frå høgresida over til eit prosjekt med Senterpartiet som kan sikre regjeringsskifte til hausten.

Mange blå veljarar har sterke motførestillingar mot å stemme på Senterpartiet så lenge det også medfører at stemma deira bidreg til å gjere Jonas Gahr Støre til statsminister.

Politikk framfor spel

For det andre tar statsministerspørsmålet all merksemda bort frå politikken. Det er knapt andre saker som har fått nemneverdig merksemd frå landsmøtet til Senterpartiet denne helga. Sakene kunne kanskje gjort det tydelegare for veljarane kva politisk prosjekt Senterpartiet eigentleg har.

Strategane i Senterpartiet ønsker ikkje å bruke resten av valkampen på å få spørsmål om kven som skal bli statsminister, dersom dei kan kvittere ut eit svar på spørsmålet no. Det er underleg at partiet ikkje har avklart spørsmålet tidlegare, men latt det bygge seg opp ei mystisk forventning ved at Vedum konsekvent har svara unnvikande på alle statsministerspekulasjonar.

Ny giv inn mot valet

For det tredje har Senterpartiet den siste tida hatt stagnasjon på meiningsmålingane. Fleire i partiet har vore opptekne av å skape ny dynamikk, noko ei kroning av Vedum som statsministerkandidat kan bidra til.

Senterpartiets sterkaste kort fram til no har vore Vedums konstante fokus på kamp mot geografiske og økonomiske forskjellar, framfor snakk om spel og posisjonar. No bryt Senterpartiet den strategien.

—  Emil André Erstad, kommentator

Det kan vere ei feilvurdering i eit parti som i utgangspunktet var på veg til ein komfortabel valsiger. Det kan minne om dynamikken internt i Kristeleg Folkeparti då partiet i 2001 opplevde litt fallande tendens på meiningsmålingane, og partistrategane derfor henta fram slagordet «Stem på ein statsminister!». Det var ingen suksessoppskrift.

Senterpartiets sterkaste kort har vore Vedums konstante fokus på kamp mot geografiske og økonomiske forskjellar, framfor snakk om spel og posisjonar. No bryt Senterpartiet den strategien. Spørsmålet er om det er for seint.

Derfor kan kroninga av Vedum som statsministerkandidat bidra endå meir til at Støre endar opp som statsminister i haust - og at Senterpartiet gjer eit dårlegare val enn forventa.



Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar