Nyheter

Vårt Land erfarer: Vedum blir krona som statministerkandidat på laurdag

STORTINGSVAL: Vårt Land erfarer at Trygve Slagsvold Vedum blir utpeika som statsministerkandidat under landsmøtet på laurdag.

I løpet av laurdagen kjem Trygve Slagsvold Vedum etter alt å døma til å bli peika ut som statsministerkandidat for Senterpartiet for stortingsvalet 2021.

Det kjenner Vårt Land til frå informert hald.

Kandidaturet hans kjem til å bli fremma i samband med resolusjonen som landsmøtet skal vedta om regjeringsmakt. Den skal handsamast mellom klokka 12.15 til 14.00 laurdag, ifølgje programmet.

Etter det Vårt Land kjenner til, er det mest sannsynleg at parlamentarisk leiar Marit Arnstad kjem til å fremma kandidaturet.

Det skal vera tre grunnar til at Vedum blir peika ut:

  • Internt press om at Vedum må stilla som kandidat.
  • Usikkerheit rundt Støre som statsministerkandidat.
  • Omsyn til stemmer frå høgresida.

Problemstillinga vart først omtalt av Eva Nordlund i Nationen.

Internt press på landsmøtet

Under den digitale programdebatten på landsmøtet fredag ettermiddag, tok fleire representantar til orde for Vedum som statsministerkandidat.

Stortingsrepresentant Sandra Borch frå Troms sa:

– Talen din, Trygve, viser at du er ein ekte statsminister verdig.

Stortingskollega Marit Knutsdatter Strand fulgte opp med:

– Trygve Slagsvold Vedum er vår statsministerkandidat.

NRK har meld at Senterungdommen vil ha Vedum som statsminister.

Frå før har tre fylkeslag bede partiet erklæra Vedum som statsministerkandidat.

Usikker på Støre som statsminister

I tillegg er det usikkerheit i partiet om dei er tent med å gå til val med Jonas Gahr Støre (Ap) som statsministerkandidat.

Dels kjem dette ut av det som blir sett på som manglande popularitet for Støre. Sjølv om Sp er omforent om å samarbeida med Ap, er det usikkerhet om det er rett å gå til val med Støre som statsminister.

Fryktar å skremma veljarar frå Høgre og Frp

Dels kjem det av dei mange veljarane Senterpartiet stel frå høgresida i norsk politikk.

Ein er redd for at det vil sitta langt inne for folk som vanlegvis stemmer Høgre eller Frp, å stemma på eit parti som støtter ein statsministerkandidat frå Arbeidarpartiet.

Analysen er at for desse veljarane, vil det vera lettare å støtta ein statsminister frå Senterpartiet.

Etter det Vårt Land kjenner til, har beslutninga om å fremma Vedum som statsministerkandidat, blitt modna dei siste vekene.

Anne Enger: Eit stort parti bør ha ambisjon om å besette alle postar

Sp-dronning Anne Enger følger med på landsmøtet frå skjermen heimanfrå.

– Det er naturleg at eit stort parti ønsker ein partileiar som statsminister, seier ho til Vårt Land.

Ho understreker at ho ikkje vil gje noko råd til Vedum, og at det er partileiinga som skal bestemma kva som skal skje.

Men ho har ein lærdom frå historia:

– Etter eg vart lansert som kandidat, gjorde me det beste valet nokon sinne. Enn så lenge.

Anne Enger tok partiet til nye høgder under stortingsvalet i 1993. Dette var i forkant av EU-avstemminga i 1994.

Sp enda på 16,7 prosent, som er partiets beste resultat nokon sinne.

– Eg blei lansert fordi me ønska å bryta opp mellom Ap og Høgre, fortel Anne Enger.

– Me såg det gjekk mot ein statsministarduell mellom Kaci Kullmann Five og Gro Harlem Brundtland. Det ville bli ein duell mellom to parti som meinte mykje av det same, seier Enger og viser til Høgre og Arbeidarpartiet.

– Eg synest eit stort parti bør ha ambisjon om å besette alle postar.

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter