Kommentar

Tvinnereim vinn – til slutt

Populistlinja til Senterpartiet har skaffa partiet rekordmange veljarar, men det er nok fløya til nestleiar Anne Beate Tvinnereim som kan sikre partiet gjennomslag til hausten.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det var vanskeleg å tenke at Senterpartiet ein dag skulle få suksess, så stor striden var i partiet etter stortingsvalet i 2013 og under den berømte kampen om vervet som første nestleiar i 2014. Senterparti-stauren sprika i alle retningar.

«En verdig avslutning»

Striden mellom dei to kandidatane til nestleiarvervet, Ola Borten Moe frå Trøndelag og Anne Beate Tvinnereim frå Østfold og Akershus, var så intens at den nesten splitta partiet i to. Mange forståsegpåarar meinte valet mellom Borten Moe og Tvinnereim var eit ideologisk og politisk retningsval for Senterpartiets framtid. Kanskje var det ei overdriving, eller kanskje har berre gallupsuksessen dei seinaste åra samla stauren til felles innsats.

Så ille stod det til at Minerva-redaktør Nils August Andresen proklamerte følgande: «Marit Arnstad er antagelig den beste lederen Senterpartiet kan få. Hun kan gi partiet en verdig avslutning på et snart 100 år gammelt langt liv».

Så stor var striden i 2014, at folk heilt gløymde han som skulle veljast til leiar: Trygve Slagsvold Vedum.

Partileiar med full kontroll

Heilt inntil dei siste dagane har det tilsynelatande vore harmonisk i Senterpartiet. Ingen har hytta med verken nevar eller høygaflar. Det har nesten vore null offentleg debatt om dei strategiske vala. Kjelder fortel at partileiar Trygve Slagsvold Vedum køyrer utspel og talepunkt etter ein strategi han har kome fram til nesten heilt på eiga hand, utan større forankring i partiets organ. Inntrykket vert styrka av formuleringar i landsmøtets forretningsorden som understrekar at berre partileiar Vedum og parlamentarisk leiar Marit Arnstad kan fremme endringsforslag til ein resolusjon om regjeringssamarbeid. Det er ikkje utan grunn at fleire i partiet omtalar partileiaren sin som eit geni med full kontroll.

Tidlegare i veka kom eit underleg utspel som skapte litt uro i Sp-rekkene: Ei kjelde kunne fortelle Dagbladet at dersom Jonas Gahr Støre etter haustens val vil stå fast på å ha med SV i regjering, så vil Trygve Slagsvold Vedum og Senterpartiet forlate forhandlingane. Akkurat her, i synet på kven partiet skal samarbeide med i regjering, kjem vi tettare på den konflikta om kva parti Senterpartiet eigentleg skal vere.

Skal partiet knuse blokkene ved å kunne samarbeide begge vegar, eller er arven etter Anne Enger, Åslaug Haga og Liv Signe Navarsete med Senterpartiet som eit solid, raudgrønt parti verd å ta med seg vidare?

Føreseieleg nok kom det reaksjonar frå andre delar av partiet i Klassekampen eit par dager etter: Kjersti Toppe, Liv Signe Navarsete og Anne Beate Tvinnereim slår alle fast at Senterpartiet har ei open dør til samarbeid med SV.

Litt uro er kanskje berre sunt for eit levande politisk parti.

Suksess forklarar seg sjølv

No er striden frå 2013 og 2014 berre eit vondt mareritt frå langt tilbake, for sjeldan i partiets historie har partiet sveva høgare på meiningsmålingane under eit landsmøte enn dei gjer no. Landsmøtet er også blant dei mest harmoniske landsmøta Senterpartiet har halde, der nesten alle store konfliktar er rydda av timeplanen. «Det er bra vi har noko å diskutere for vi er så samkøyrde på dette landsmøtet», sa Åslaug Sem-Jacobsen på Politisk kvarter då ho diskuterte fedrekvote og foreldrepermisjon med partifelle Kjersti Toppe tidlegare i veka.

Det er ikkje utan grunn at fleire i partiet omtalar partileiaren sin som eit geni med full kontroll.

—  Emil André Erstad

Når partileiaren sankar stemmer som gras, vil det ikkje falle partifolk inn å stille seg kritisk til strategien, sjølv om store delar av partiet meiner Vedum strekk populismen sin litt vel langt. Sjølv for Senterparti-folk kan bli litt for mykje dieselbilar i Oslo sentrum. Så lenge strategien haustar stemmer, veit Senterparti-folk at ein velfylt silo med veljarar kan brukast til reell politisk hestehandel etter valet.

Under den tilsynelatande lukkelege overflata i partiet, skjuler dei reelle konfliktlinjene og maktkampane seg - noko vi så vidt kan skimte i usemja om regjeringssamarbeid med eller utan SV.

Konfliktar under overflata

Konfliktane under overflata i Senterpartiet handlar om langt meir enn SV. Dei handlar om at Anne Beate Tvinnereim meiner Senterpartiet alltid har vore eit grønt parti, medan ein nesten kan få inntrykk av at trønderen Ola Borten Moe helst vil tømme eit kvart oljereservoir på norsk sokkel.

Det handlar også om korleis Senterpartiet i alle år har vore eit parti som meiner Norge bør stille opp for menneske på flukt, medan den eigenkomponerte strategien til Vedum har gjort at partiet konkurrerer mot Framstegspartiet om innvandringsskeptiske veljarar.

Det er nok mange i Tvinnereims del av partiet som held seg litt for nasen kvar gong partileiar Trygve Slagsvold Vedum opnar munnen med eit nytt utspel der målet er å sanke veljarar frå Høgre og Framstegspartiet, men som likevel veit å halde kjeft fordi dei skjønar at strategien er effektiv. Det heile verkar til å vere ei stillteiande avtale mellom fløyane i partiet om å ikkje lage bråk internt med splittande debattar i tida før valet.

Derfor er det ingen grunn til å tru at den nesten reint bonderomantiske stemninga på helgas landsmøte betyr at partiet vil vere like lite prega av sprikande staur etter valet. Alle som har følgd Senterpartiet gjennom åra veit at partiet er fullt av beinharde maktpolitikarar som kan meir enn å gjete sauar og køyre traktor.

Det har lenge vore eit inntrykk at nestleiar Anne Beate Tvinnereims linje tapte i 2014, og at det etter den tid har vore Ola Borten Moe i tospann med Trygve Slagsvold Vedum som har styrt partiet. Slik ser det i alle fall ut for oss som står på utsida.

Eit gjennomførbart prosjekt

Trass i mange effektive veljarstrategiske utspel frå Vedum, er det nok Tvinnereims politiske prosjekt som best lar seg realisere i eit regjeringssamarbeid med Arbeidarpartiet, og kanskje også SV. Tvinnereims politiske kjennskap og nettverk på venstresida kan også hjelpe partiet i eventuelle regjeringsforhandlingar.

Der mange av lovnadane til partileiaren vanskeleg vil la seg gjennomføre i regjering - som å tilbakestille kommunereforma - er det sannsynleg at dei meir lågmælte politiske satsingane til Tvinnereim - til dømes med å fokusere på eit grønare landbruk - lettare vil la seg realisere.

Derfor er det kanskje Anne Beate Tvinenreim som kan le heile vegen til vallokalet.



Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar