Kultur

Bibelsk popkultur

Kyrkja har ei utfordring når ungdom får bibelkunnskapen sin frå Hollywood. Men ­populærkulturen kan også 
vere ein døropnar.

Om litt under to månader er det premiere på Ridley Scotts storfilm om Moses, Exodus: Gods and kings. Her får vi sjå Christian Bale, også kjent for rolla som Batman, føre israelittane ut av Egypt. Dei siste meldingane frå Hollywood er at Bale har storkost seg under innspelinga, ikkje minst i nokre heftige slagscener der Moses krigar frå hesteryggen.

LES MER: Hollywood vender seg til Bibelen

Det er med andre ord grunn til å vente seg ein actionprega variant av 2. Mosebok, som allereie i utgangspunktet er breiddfull av dramatikk. Hollywood har alltid elska heltar, og frå tid til annan dukkar filmskaparane ned i det bibelske materialet for å finne dei. Tidlegare i år såg vi Russell Crowe i rolla som Noah, i regi av Darren Aronofsky. Filmane om Moses og Noah er dei to største produksjonane i ei tid som blant anna byr på filmatiseringa av boka Heaven is for real, spelefilmen God's not dead, History Channels TV-serie The Bible, som no er komen på Netflix, og spin-off-filmen Son of God. Meir skal det ikkje til før vi snakkar om ei bølgje. Men feil er det ikkje.

LES MER: Populærkulturen truer kirken

Bønesvar

Om to veker får endå ein film med bibelsk utgangspunkt premiere i USA, nemleg Wayward: The Prodigal Son. Her får vi forteljinga om den bortkomne sonen i moderne setting, med den norsk-ætta Kevin Sorbo i ei av dei sentrale rollene. Og i går meldte NTB at kabelnettverket TLC har bestilt ein TV-serie som utforskar historia til menneske som hevdar å ha fått bønesvar. Ekteparet bak serien, Mark Burnett og Roma Downey, er skaparane av nemnte The Bible. Dei er visstnok også i full gang med oppfølgjaren A.D., som skal fortelje historia om dei dramatiske hendingane etter at Jesus var krossfesta og disiplane sin kamp for å overleve.

FØLG OSS PÅ: Facebook og Twitter

Denne veka deltok eg på Trosopplæringskonferansen på Lillestrøm og snakka om Hollywoods bibelbølgje. Korleis kan kyrkja komme på offensiven i møte med populærkulturelle tolkingar av ­bibelstoffet?

Temaet er aktuelt. Denne veka kom Ole Jakob Løland, Anders Martinsen og Petter Skippervold med boka Bibelen i populærkulturen. I eit intervju med Vårt Land for nokre dagar sidan spissformulerte Løland at kyrkja risikerer å tape terreng der populærkulturen går inn i som bibelfortolkar. Bibelske referansar kjem i dag i større og større grad frå populærkulturen, ikkje minst filmen. Utfordringa for kyrkja blir å vere eit kritisk korrektiv, samtidig som ho må finne måtar å bruke dei nye rammene konstruktivt i formidlinga av den glade bodskapen.

LES MER: Bibelske helter til filmen

Springbrett

Bibelbølgja vi ser i Hollywood er både påfallande og interessant. Blockbustarar som Noah og Exodus: Gods and kings sørgjer for at Bibelen er diskusjonstema også blant ungdom og vaksne som ikkje normalt oppsøker kyrkjerommet. Eit spørsmål i møte med filmar som Noah, er kor vidt kyrkja vågar å gå ordentleg inn i slike historier. Som eg skreiv då eg meldte filmen i Vårt Land tidlegare i år: Russell Crowes Noah er så fjernt frå søndagsskuleversjonen som vi kan kome. Men dersom kyrkja tenker at historia om Noah ikkje er eigna som bibelforteljing for barn – på grunn av det dels brutale innhaldet – mister ho samtidig eit godt springbrett til å snakke med barn og ungdom om Gud. Darren Aronofsky, som er ein både intelligent og visjonær filmskapar, tilbyr nye blikk på dei store spørsmåla om rettferd og nåde. Filmen er såleis eit unikt utgangspunkt for eksistensiell samtale. Damaris er blant dei som har forstått og satsar på dette. Kyrkja bør heilt klart vere til stades i denne samtalen.

LES MER: Kampen bak bibelfilmane

Dobbel posisjon

Utfordringa til kyrkja ligg i den doble posisjonen. Ein skal ikkje ta alt for god fisk. Men det er tilsvarande viktig å møte den nye bibelbølgja med estetisk sans og friskt blikk. Kyrkja må finne dei gode inngangane til samtalar om kristen tru, også når form og innhald utfordrar etablerte dogme. Ikkje minst i samtale med ungdom er eg sikker på at det er betre å bruke kunstnarisk sterke filmar med diskuterbar teologi som utgangspunkt, enn å støtte seg til svake kunstnariske produkt der filmane er «tru» mot bibelteksten og den kristne trua.

Populærkulturen kan kanskje true kyrkja, men samtidig fungere effektivt som døropnar. Då må kyrkja samtidig tole at filmskaparane blir så innovative eller actionorienterte at det krev litt jobb å finne den bibelske essensen. 

Det gjorde Paulus på torget i Athen – og fann vegen til «den ukjente Gud».

LES MER: Nyskapande og spektakulært om Noah

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur