Kultur

Kampen bak bibelfilmane

Den amerikanske filmbransjen har kasta seg på bibelbølgja. Men ikkje utan grundige kalkuleringar.

Bibelen har dei mest slitesterke historiene som finst. Ein skulle tru at Hollywood visste dette. Men det er først i 2014, heile ti år etter Mel Gibsons suksess med The Passion of the Christ, at den amerikanske filmbransjen har sloppe seg laus med dyre produksjonar basert på bibelsk materiale. Til jul kjem Ridley Scotts storfilm om Moses. Nyleg kunne vi sjå Darren Aronofskys Noah, ein film som tok seg teologiske fridomar, men som makta å vere innovativ og kunstnarisk interessant.

Ikkje modig nok. Bibelfilmen har stått i dette spennet i mange år. Hollywood har klødd seg i hovudet for å finne ut korleis dei skal mjølke mest mogleg pengar ut av filmar om Gud.

The Passion of the Christ blei ein overraskande verdssuksess, hadde kunnskapen om bibelfilmar hamna på bakrommet i Hollywood. Dei store filmstudioa hadde ikkje Bibelen i blodet lenger. Dei kunne verken forstå kvifor eller korleis, men forstod iallfall at det var pengar å hente om dei kunne finne suksessformelen for bibelsk film. For å seie det med pokerspråket: Sidan Hollywood var ute av trening, blei strategien å gå nokre rundar med «small bets» – lære seg bibelspelet gjennom filmar med lågt budsjett. Ikkje minst følgde alle med på kvarandre.

Då den uavhengige Veien til Betlehem (2006) ikkje blei ein like stor suksess som mange hadde håpa og trudd, dreidde diskusjonen i bransjen seg om filmen trefte smalare fordi han ikkje var like modig som Mel Gibsons – at han rett og slett var for «safe». Samtidig vart mange bransjetoppar styrkt i tanken om at bibelfilmar måtte inkludere actionscener, ikkje minst for å nå eit globalt publikum. Hollywood tener mellom to og tre gonger så mykje på filmane sine i utlandet som i USA, og det er actionfilmar som går best internasjonalt. Med denne logikken er det kombinasjonen av action og ålment bibelstoff som får størst kommersielt gjennomslag. Som Gaute Brochmann skreiv i D2 nyleg: «Betyr dette at det sakrales eneste rolle i dag er å være et springbrett for kapitalismen, vår eneste virkelige guddom?»

Heftige scener. Spørsmålet er relevant for filmbransjen. Når Noah tilbyr heftige scener med forsteina englar som forsvarer arken mot Tubalkains hær, er det på mange måtar eit resultat av denne sakral-kommersielle tenkinga. Og det sjølv frå ein ikkje-kommersiell regissør som Darren Aronofsky. Først lenge etter at Mel Gibson var komen med The Passion, og etter at Aronofsky sjølv fekk ein Oscar-suksess med Black Swan i 2010, fekk regissøren klarsignal frå Paramount til å lage film om Noah. Før hadde dei berre sett dumt på han. Men med Aronofsky i gang med storslått bibelfilm, bestemte snart Fox seg for å lage Ridley Scotts Exodus: Gods and kings, med Christian Bale i hovudrolla som Moses.

Dårleg kritikk. Desse to filmane er dei to største produksjonane i eit filmår som elles har bydd blant anna på Son of God, ein Jesus-film som dei norske distributørane syntest var for dårleg til å hente til norsk kino, Heaven is for real, som bygger på bestseljaren om ein gut som har sett himmelen, og God's not dead, om ein student som vil bevise at Gud eksisterer. Heaven is for real har fått blanda kritikkar frå dei amerikanske filmmeldarane, mens både Son of God og God's not dead har fått dårlege kritikkar. Alle desse filmane har likevel gått bra på kino i USA.

Kva er dette eit uttrykk for? Går kristne gladeleg på kino og ser dårleg film berre innhaldet er oppbyggeleg? Eller er det storparten av sjåarane som vurderer film annleis enn filmkritikarane, slik det som regel er? Eit delsvar er nok det brutale at det finst ein marknad av religiøse menneske som filmbransjen no har sikta seg inn mot. Hollywood har spelt med låg innsats lenge; no er dei klare til å gå «all in».

Skjer i sjøen. Det er grunn til ikkje å la seg blende, sjølv om tendensen er både gledeleg og interessant. Kristne leiarar risikerer å marknadsføre svake kunstnariske produkt berre filmane er tru mot bibelteksten eller mot den kristne trua. På den andre sida kan filmskaparane bli så innovative eller action-orienterte at grunntonen i bibelhistoriene blir borte.

2014 er eit spennande filmår. Aronofsky kom bra ifrå det. Men eg etterlyser fleire filmskaparar som går til djupna i det bibelske materialet med ein sterk kunstnarisk visjon, røskar i det og utfordrar med respekt. Det er mykje å gå på. Den beste bibelfilmen er enno ikkje laga.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur