Film

Vil endre FNs barnekonvensjon

Politikarar tok til orde for å presisere myndigheitene sitt ansvar for barn av okkupantar etter syninga av De uønskede på Stortinget.

– Ifølgje barnekonvensjonen har statane ansvar for at barn av okkupantar blir tatt vare på. Når statane ikkje klarar å ta dette ansvaret, kan det vere grunn til å presisere dette, seier Ivar Stokkereit frå Raudekrossen.

Onsdag skreiv Vårt Land om dokumentarfilmen De uønskede, som viser historia til barn av tyske soldatar og norske mødrer.

De uønskede gjorde sterkt inntrykk på SV-politikar, Karin Andersen. Ho etterlyser eit skikkeleg oppgjer med uretten som vart gjort mot «tyskarbarna».

– Altfor dårleg

– Det var sterkt og skakande å høyre kva enkeltpersonar har opplevd, og vite at så mange visste kva som skjedde utan at noko blei gjort. Det var heilt opp til enkeltpersonar om «tyskarbarna» blei verna mot urett. At Norge ikkje har tatt eit skikkeleg oppgjer med dette, er altfor dårleg.

No vil Andersen jobbe politisk for at historia ikkje gjentar seg.

– Barn skal ikkje arve foreldra sine synder. Barn som blir fødd av foreldre som reiste til Syria som framandkrigarar, risikerer å bli statslause med lovverket vi har i dag. Ifølgje FNs barnekonvensjon er styresmaktene ansvarlege for å ta vare på barn som av ulike årsaker fell utanfor. Difor meiner eg at vi må ha eit lovverk som sikrar desse barna.

LES OGSÅ: Krigsbarn er ei lokal og internasjonal utfordring

Seksualisert vald

Andersen har eit sterkt engasjement for dei som lid i krig. Ho var med på å nominere fredsprisvinnarane, Denis Mukwege og Nadia Murad, for arbeidet mot seksualisert vald i krig.

– Under krig blir kvinnekroppen samfunnet sin eigedom. Seksualisert vald øydelegg samfunnet. For å motverke dette, må vi tenke at alle barn er våre eigne. Måten vi handterer mindreårige einslege asylsøkarar, er mykje dårlegare enn kva norske barn med dårleg foreldreomsorg får. Dette viser at vi ikkje er i mål med å sikre rettane til barna enno.

Ivar Stokkereit meiner at vi har eit debattklima i verda i dag som truar menneskerettane.

– Klimaet i verdspolitikken i dag er ikkje menneskerettvennleg. Difor er det nok vanskeleg å utvide barnekonvensjon. Det er likevel verd å prøve, seier Stokkereit.

Stokkereit vil motverke retorikken til statane med haldningsskapande arbeid.

– Vi må bygge motstandskraft i folket for at denne type overgrep ikkje skal skje igjen. Dette er verdiar som må byggast i fredstid. Skal vi klare det, må vi få dette inn i dei norske læreplanane.

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Film