Film

Krigsbarn er ei lokal og internasjonal utfordring

I følgje FN er det aktive 27 konfliktar i verda i dag. Det gjer dokumentaren om «tyskerbarna» til ein aktuell film.

– Filmen er ikkje berre eit forsøk på å vise at Strasbourg-dommen er urettferdig. Vi ønskjer også å løfte fram liknande situasjonar i dag. Barn av IS-soldatar og okkupantar i andre krigar står i fare for å oppleve det same stigmaet som «tyskarbarna», seier produsent Torstein Parelius.

I fjor sommar gjekk ein debatt om kor vidt Norge har eit ansvar for å hjelpe desse barna. Den gongen skreiv Siv Jensen på Facebook at «har man deltatt i ISIL, skal man ikke få hjelp fra Norge». Parelius meiner ordskiftet i denne debatten er eit prov på at vi ikkje har lært av feila våre.

– Når det same type ordskiftet dukkar opp igjen om IS-barn i 2018, meiner vi at det er viktig å sette dagsorden. Det handlar om korleis vi skal behandle barn, seier Parelius.

LES OGSÅ: Gerd Fleischer vil hjelpe krigsbarn saman med indisk filmregissør

Jobbar for barna.

Assisterande generalsekretær i Unicef, Kim N. Gabrielli, stadfestar at barn av okkupantsoldatane har eit dårleg utgangspunkt i livet.

– Når stridsvognene drar, er ikkje krigen over for desse barna. Forsking viser at dei slit med integrering i samfunnet. Det er ofte vanskeleg for dei å få statsborgarskap eller identitetspapir. Dei blir avvist i sitt eige samfunn, får dårlegare helse, større sjanse for fattigdom, og opplever ofte traumatiske hendingar gjennom livet, seier Gabrielli.

Syria-krigen har sendt millionar av menneske på flukt i regionen. Difor jobbar Unicef lokalt for å gjere det mogleg for barna å gå vidare i livet.

– Unicef og våre partnarar jobbar tett med oppfølging av lokale leiarar, helsetenester, skule og psykososial støtte. Det er heilt avgjerande for at barna skal få delta i sitt eige nabolag i sitt eige samfunn.

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Film