Slåst framleis for krigsbarna
Gerd Fleischer er dotter av ein tysk soldat, og har gitt opp kampen for oppreisning mot den norske stat. No vil ho saman med ein indisk filmregissør hjelpe dagens krigsbarn.
Akolkar las om dei norske tyskerbarna. Den indiske regissøren fann noko allment han ville lage film om. – Skam øydeleg innsida di og identiteten din. Det er ei universell kjensle seier regissøren.
UpNorth Film
– Eg har gjentatt historia mi oppigjennom åra og vore aktiv i mobiliseringa for saka mot staten. No tilhøyrer eg ein gammal generasjon med krigsbarn, men det blir fødd nye krigsbarn heile tida, seier Gerd Fleischer.
Ho er ein av «tyskarbarna» i dokumentarfilmen De uønskede, som handlar om barn med norsk mor og tysk far som blei fødd kring 2. verdskrig. Filmen følgjer fem av barna som var aktive i saka mot den norske staten som gjekk heilt til Den europeiske menneskerettesdomstol i Strasbourg i 2007. Filmen kom ut i fjor, og blir vist for politikarar på Stortinget i dag.
– Å vere barn av okkupasjonsmakta, betyr ein vanskeleg oppvekst. Eg gjentek historia mi for at desse skal få eit betre liv, seier Fleischer.
Bestill abonnement her
KJØP