Kultur

Skjermane gjer oss til dårlege lesarar

Leseforskar Anne Mangen vil ha meir papir og betre lesestrategiar i møte med digitale tekstar. Ho åtvarar no og tenkjer på framtidige generasjonar.

– Vi fann signifikant skilnad i favør av papiret. Lesing på skjerm gjer at vi mister det som leseforskar Maryanne Wolf kallar kognitivt tolmod, seier Mangen.

Mangen leiar det europeiske forskarnettverket E-READ. Dei urovekkande funna kjem frå ein metaanalyse basert på 54 studiar som ser på skilnadane mellom lesing på skjerm og papir.

– Utfordringa er måten vi les på skjerm – ofte raskt, overflatisk og skannande. Dette gjer noko med vår mentale innstilling til å lese, også på papir. Det blir spesielt tyngre og vanskelegare for oss å lese lange, komplekse tekstar og oppnå det som heiter deep reading, som krev tolmod, djupare forståing og refleksjon.

Stavanger-deklarasjonen

For å skape meir medvit om funna frå forskinga, har E-READ-nettverket laga ein deklarasjon som tek til orde for meir medvit kring bruk av digitale verktøy.

– Stavanger-deklarasjonen er eit forsøk på å få gjennomslag. Den inneheld tilrådingar for lærarar og avgjerdstakarar innan utdanningsinstitusjonar. Deklarasjonen er signert av 130 leseforskarar frå Europa og USA, og omsett til fleire språk.

Deklarasjonen har fått internasjonal merksemd og har blitt omtalt i Frankfurter Allgemeine. Målet er å få lærarar til å motivere elevar til å lese meir papirbøker. Samstundes vektlegg den å bruke strategiar for å oppnå djupare leseprosessar med digitale verktøy.

– Vi må sjølvsagt akseptere at den digitale tida er komen for å bli. Eg vil ikkje kaste skjermane ut frå klasseromma i alle timane, dei har sine styrkar og høyrer med i dagens klasserom. Vi bør ha ein balansert mediediett der både papirbasert og skjermbasert lesing inngår.

LES KOMMENTAR: En papirbok har bare ordene på siden, ingen digital støy

Medviten rektor

Å gå i djupna er i vinden for tida. I arbeidet med dei nye læreplanane, som skal vere ferdige i 2020, ønskjer Utdanningsdirektoratet å legge til rette for djupnelæring i den norske skulen. Signalet har blitt plukka opp av rektor ved Munkerud skole, Anton Rygg. Han meiner at ein kan gå i djupna med både nettbrett og papir.

LES OGSÅ: Teknologien truar det menneskelege i og utanfor skulen

– Eg har trua på at vi klarar bruke både digitale hjelpemiddel og papir til å oppnå djupnelæring. Så eg seier ja takk begge deler! Boka er ikkje gløymd hjå oss, seier Rygg.

Rygg er oppteken av å bruke bok og Ipad til det dei høver seg best til.

– Langlesing høver seg nok best i ei bok, men lesing av faktatekstar er ofte betre digitalt. På nettet får ein tilgang til ei verd av oppdatert informasjon og eit lenkesystem som tek deg djupare i stoffet. I møte med denne verda er det viktig at vi lærer elevane strategiar, slik at dei klarar å handtere alt stoffet og vere kjeldekritiske.

Nettbrettet kan også brukast til andre føremål enn å lese.

– Vi brukar ofte nettbrettet til å læringsproduksjon. Elevane lagar film, musikk, tankekart og sine eigne bøker.

Boka er likevel ikkje gløymd på Munkejord.

– Om nokre veker er det bokveke på skulen. Den held vi høgt. Biblioteket er hjartet på skulen vår.

Motkur

I ein digital kvardag som er komen for å bli, er det vanskeleg for mange å ta seg tid til å lese romanar. Det trur Mangen kan vere lurt.

– I USA blir studentane meir og meir stressa. Difor har nokre byrja med ekstrem langlesing. Dei treffest på ettermiddagar for å lese ein roman saman, men kvar for seg. Etterpå snakkar dei saman om boka. Det er mental avkopling og har positiv effekt på stress. Lesing av litteratur på denne måten er ein motkur mot stress. Det legg til rette for djupare prosessar som kontemplasjon og refleksjon, seier Mangen.

LES OGSÅ: Unge synest det er tungt å lese i Bibelen

– Er du uroa for framtida?

– Eg vil ikkje bruke det ordet. Men det er på sin plass å stoppe litt opp og tenke over kva vi og neste generasjon mistar om vi ikkje lenger er i stand til å lese lengre og komplekse tekstar. Mange unge i dag slit med å fullføre ei bok på nokre hundre sider. Å lese ein roman med litt vanskeleg språk er for stadig fleire ei uoverkommeleg oppgåve. Det er det kanskje verdt å tenke over?

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur