Kultur

Kva religion er det best å vere annleis i?

– Om ein føler seg aleine i synet på Gud, så kan ein religion følast ­veldig undertrykkande, seier Nora Mehsen.

Laurdag deltar ho i debatten «Hvilken religion er det best å vere annerledes i?» under Olavsfestdagene i Trondheim, saman med en nord-irske ­poeten og teologen Padraig Ó Tuama, Nadia Bolz-Weber, prest i «House for all saints and sinners i Colorado, USA, Åshild Mathisen, sjefredaktør i Vårt Land og Sumeet Singh Patpatia, arrangør av den store­ ­turbandagen i Oslo. I år tar Vestfrontmøta på festivalen for seg mangfald både i og mellom religionane.

– Det er jo ei oppfatning mange har, at det må vere islam som er den religionen det er tøffast å vere annleis i, seier Mehsen, som har vore open i media om sine erfaringar som skeiv, norsk muslim.

LES OGSÅ: Ingen kamp mellom mitt muslimske og mitt lesbiske eg

Mot-narrativ

Ho meiner at ei einsidig og ofte negativ framstilling av muslimar i media, gjer at samtalen om islam startar på ein annan stad enn ­samtalen om andre religionar.

– Alt handlar om fortolking og praksis, alle religiøse kjelder kan vere verktøy for å både ­undertrykke og frigjere.

Sumeet Singh Patpatia er sikh, med røter i India og bakgrunn frå Oslo vest, kjent for mange etter at han prøvde å finne kjærleiken på tv i NRK-serien «Lovesikh». Han ­meiner at du uansett vil vere annleis når du er religiøs i vestlege samfunn i dag.

– Der eg vaks opp i Oslo har eg inntrykk av at du blir stempla som rar anten du er kristen, hindu eller muslim.

LES OGSÅ: Har aldri klippet håret eller hatt sex

Tilhøyrsle

– Her snakkar du om å skilje deg ut frå majoritetssamfunnet fordi du er religiøs. Kva med å skilje seg ut i religionen?

– Eg merkar jo at sikhismen kanskje er litt annleis i Noreg enn i India, der religionen er veldig farga av omgjevnadene. Eg tolkar ofte tekstane på ein anna måte enn mine slektningar der, som tolkar mykje bokstaveleg. Men eg føler likevel ei sterk tilhøyrsle når eg er der, som eg ikkje finn på same måte her heime. I Noreg er det berre to tempel eg kan gå til, der er det mange!

LES OGSÅ: Ikke alltid lett å være annerledes

Inkluderande

Nora Mehsen føler heller ikkje på ei annleisheit overfor andre muslimar.

– Det finst jo mange muslimske rom i islam, og mitt består av andre som fortolkar religionen på same måte som meg. I kvardagen min er eg i mitt nærmiljø derfor ikkje eksponert for ei form for islam som gjer det vanskeleg for meg å vere annleis, men ei som er inkluderande­ og raus.

Ho ser at det er mange som ikkje har det rommet der dei kan vere heile seg, men at det gjeld for alle religionar, avhengig av kulturell kontekst og fortolking.

– Om ein føler seg aleine i synet på Gud, så kan ein religion følast veldig undertrykkande.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur