Dagen felt i PFU etter abort-sak

PRESSEETIKK: Pressas Faglege Utval (PFU) gir avisa Dagen kritikk etter ei sitatsak om ei personleg abort-historie. PFU-fellinga kom etter at avisa lét saka ligge umoderert på Facebook ei heil helg.

– Blir dette gjennomført, vil tilbudet til våre abonnenter bli fullstendig rasert. Og igjen er det de som bor i distriktene som får lide av sentraliseringen, sier Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk.
FELT: Dagen og redaktør blei felt av Pressas Faglege Utval (PFU) onsdag. Avisa fekk kritikk etter å ha latt ei personleg sak om abort, ha ligge umoderert på Facebook gjennom ei heil helg.
Publisert Sist oppdatert

– Dagen må ha visst at dette var ei ganske heit potet. Dette er éin av diskusjonane som går i media, som skaper mest polarisering, sa Ingrid Rosendorf Joys, leiar i Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn til dagleg, men medlem for allmenta i Pressas Faglege Utval (PFU).

Saka som blei diskutert av PFU, handla om Lina Kristine Tennefoss Vatshelle og om måten avisa Dagen hadde sitert og publisert hennar historie. Saka frå juni, som først blei publisert i lokalavisa Os og Fusaposten, handla om at Vatshelle etter ein seinabort, ikkje føler seg heime i Den norske kyrkja.

Dagen var meldt til PFU for brot på ei rekkje punkt i Ver varsam-plakaten, men det var eitt punkt som gjorde at avisa blei felt. Det var punkt 4.17, som handlar om moderering av kommentarfelt digitalt. Saka til Dagen blei delt på Facebook laurdag 12. juni, der den låg umoderert med kommentarfelt gjennom heile helga.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS