Bøker

Japansk bokbølge på norsk jord

Mieko Kawakami er ein av fleire japanske forfattarar som no finn vegen til norske bokhyller. Litteraturfestivalen på Lillehammer vil gjerne hjelpe dei fram.

Japanarane går tett i Lillehammers gater. Vi snakkar ikkje om turistar med feite Nikon-kamera på magen, men somme av dei fremste litterære stemmene i Asia. Litteraturfestivalen på Lillehammer har i år ei hovudvekt på japansk litteratur, noko som ville vore vanskeleg å få til for berre få år sidan. Det siste tiåret har derimot utvalet av japansk samtidslitteratur på norsk blitt vesentleg betre. Til festivalen har kunstnarisk rådgjevar Mathias R. Samuelsen invitert heile seks sentrale namn. Sjølv om den kunstnariske rådgjevaren lenge har vore interessert i den japanske tradisjonen, og sjølv er i samtale med han i sine eigne poesibøker, er det først no at det grunnlag for å løfte litteraturen opp som hovudtema på Nordens største litteraturfestival.

– I dag les vi ikkje lenger forteljingane frå Japan som noko eksotisk. Det kjem ut så mange nye bøker på norsk og mangfaldet er stort. Mykje har skjedd berre dei siste åra. Det er vind i segla for japansk litteratur, seier Samuelsen.

Drahjelp

Mykje av denne vinden kan skrivast attende til Haruki Murakamis populære bøker, som er blitt bestseljarar også her til lands. Norwegian Wood og Kafka på stranden er to av titlane som norske lesarar har lagt sin elsk på. Med Murakamis suksess fekk norske forlag auga opp for at det skjer ting i japansk litteratur som vi bør følgje med på.

Murakami har også vore ein inspirasjon for ein av forfattarane som er invitert til festivalen, den tidlegare popartisten Mieko Kawakami. Romanen Pupper og egg finst tilgjengeleg på norsk. I denne skriv Kawakami nokså direkte om kvinnekropp, på ein måte som ikkje har vore vanleg i japansk litteratur.

– Eg er ikkje den første som skriv om kvinnekroppen, men har funne ein ny måte å gjere det på, fortel Kawakami til Vårt Land.

Feminist

Eit interessant aspekt ved den japanske litteraturen er dei mange dyktige kvinnelege forfattarane, noko som har linjer tilbake til prosaen som blei skriven i landet allereie på 900-talet.

– Vi ser no ei feministisk bølgje i Japan, i kjølvatnet av metoo-kampanjen. Men bølgja er ikkje så sterk, for eg er ein av få forfattarar som kallar seg for feminist. Eg håpar at eg kan vere ein rollemodell for yngre kvinner. Eg blir tryggare og tryggare på kvar eg står, noko som har utvikla seg i pakt med at eg har skapt meg min eigen karriere, seier Kawakami.

LES OGSÅ: Da en liten, hvit katt dukket opp i hagen hans, visste ikke den japanske poeten Takashi Hiraide at møtet skulle resultere i en internasjonal bestselger.

Viktig bakspelar

Kawakamis omsettar Magne Tørring er saman med omsettar Ika Kaminka ein viktig bakspelar for den auka interessa for japanske bøker. Tørring og Kaminka står sentralt i det som etter kvart er blitt ei større gruppe av omsettarar frå japansk til norsk. Denne veka kom dei også ut med antologien Knakketiknakk: Korte fortellinger fra Japan 1895 – 2012, som dei har redigert saman med Reiko Abe Auestad.

Eitt av dei karakteristiske aspekta ved den japanske samtidslitteraturen, er både sjølvinnlysande og samtidig litt overraskande:

– Veldig mange japanske forfattarar er flinke til å skrive om pengar som ein integrert del av forteljingane sine. I den norske litteraturen er pengar så å seie eit ikkje-tema. I japanske bøker har ofte hovudpersonane pengeproblem, dei kan klare seg greitt, men er heile tida to skritt frå avgrunnen. Det er eit grep som bringer fram ei rekke andre eksistensielle problemstillingar og skrur dei til nokre hakk, seier Tørring.

– Kva slags eksistensielle problemstillingar ser du i japansk litteratur?

– Det handlar mykje om identitet, einsemd og relasjonar til andre menneske. Korleis leve med den rolla ein har blitt tildelt, og den kroppen ein er blitt tildelt. I kva slags grad kan ein forme sitt eige liv. Det er mange isolerte menneske i japanske romanar. Ønsket om og frykta for å bli knytt til andre personar kjempar mot kvarandre hos hovudpersonane. Somme forfattarar skriv også svært interessant om alderdom, til dømes om det å ta seg av gamle foreldre.

Pragmatiske

Religiøse tematikkar er ikkje til stades i vesentleg grad i den japanske litteraturen, ifølgje omsettaren. Dette reflekterar eit samfunn der religion sjeldan blir snakka om, samstundes som han gjennomsyrer kvardagen. Folk kallar seg ikkje-religiøse, men kan likevel besøke eit tempel på veg til togstasjonen eller ha gudane heime hos seg sjølve i form av eit fedrealtar. Den religiøse pragmatismen viser seg blant anna i at japanarar gjerne utfører shinto-ritual ved fødsel, giftar seg i ei kristen kyrkje og har buddhistiske praksisar ved død.

– Ein kan nok seie at i det japanske sinnbiletet består det metafysiske av eit uendeleg tal gudar som bur i alt, seier Tørring.

Ein forfattar som Shusaku Endo, kjent mellom anna for romanen Taus himmel, som Tørring for tida gir ny norsk språkdrakt, er ein sjeldan fugl i det japanske litterære landskapet, slik han tematiserer møtet mellom Vesten og Austen med religionen som slagmark. På slutten av 1800-talet, då Japan opna seg mot Vesten, var det ei bølgje av japanske forfattarar og intellektuelle som vedkjente seg kristendommen. Den bølgja er ein saga blott for lengst.

LES OGSÅ: Det er vanskelig­ å motstå fristelsen til å ta en selfie når du besøker Henie Onstad kunst­senters Kusama-­utstilling.

Sirkulært livssyn

Det kan likevel finnast impulsar i den japanske litteraturen som opnar for det åndelege, meiner Mathias R. Samuelsen. Sjølv er han mellom anna inspirert av korleis den japanske poesien ikkje brukar metaforar på same måten som vestleg og arabisk poesi, men i større grad jobbar med nærleik og avstand.

– Kanskje kan dette førast attende til livssyn og kosmologi. I Vesten har vi ein lineær kosmologi, mens han i Austen er sirkulær. Dette påverkar også litteraturen, seier Samuelsen.

– Kvifor bør norske lesarar lese japansk samtidslitteratur?

– Vi kan lære ein del om korleis dei japanske forfattarane skriv seg inn mot sin eigen litterære tradisjon. Elles synest eg faktisk at vi har mykje til felles med japanarane. Både nordmenn og japanarar set pris på eit rom rundt oss, både fysisk og mentalt, og kanskje blir vi av omverda oppfatta som litt vanskelege å komme inn på. For meg gir den japanske kulturen gjenklang, seier Mathias R. Samuelsen.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker