Kultur

– Barnebiblar er for heilage eller for hippe, seier forfattar

Svein Tindberg meiner barnebibel tør ta opp vanskelege tema med barna.

Skodespelar Svein Tindberg skreiv barnebibelen Bibelfortellinger for barn, som kom ut i 2017. Han meiner Bibelen gir utgangspunkt for alvorlege samtaler med barn om nær sagt alt.

– I det augeblikket vi ikkje tør tak i tema som Bibelen tek opp, så blir det feil.

Eit sjølvsagt alvor

I sommar har Vårt Land skrive om at barnebiblane har for dårleg utval av kvinneforteljingar, er føreseielege, og unngår det som ikkje er så lett å snakke om. Svein Tindberg trekk fram si eiga bok som eit eksempel på det motsette.

– Om vi sit saman med ein femåring eller ein seksåring og les om Jesus, at han er helten, kan gå på vatnet, få dei daude til å stå opp, og så blar du om og Jesus blir han spikra opp på eit kors og døyr. Da er det heilt naturleg og sjølvsagt å snakke med barna om døden.

I Bibelfortellinger for barn har han utstyrt historiene med små firkantar som liknar på faktaboksar. Her har han skrive inn spørsmål som kan vere utgangspunkt for samtaler basert på teksten dei les. Det kan vere alt ifrå kva er dei ti bod, kva er sorg, kva er død, til å spørje korleis Gud kunne utrydde alle menneska på jorda i forteljinga om Noahs ark.

LES MER: Slit med å finne gode, kristne barnebøker

Kunne vore flinkare

Når det kjem til kvinneperspektivet i barnebiblar, så seier Tindberg at han har litt dårleg samvit.

– Her kunne eg vore flinkare i val av forteljingar. Dette er viktig og riktig kritikk av barnebiblar generelt. Det eg likevel har prøvd å gjere, er å fortelje historiene på min måte. Der jenter eller kvinner er nemnt i forteljingane, har eg prøvd å gi dei meir rom, og gi dei hovudroller for å gjere dei til noko meir enn bifigurar.

Tindberg har blant anna valt å løfte fram dronninga i byen Babel, dotter til Farao, og søstera til Josef som vart kasta i brønnen. Men Tindberg ser at dette ikkje er nok.

– Bibelen er menn si forteljing om menn. Desto viktigare er det å belyse rolla til kvinnene. Og det er utruleg viktig å snakke med barna om det.

Må tenke nytt

Det som Tindberg er sikker på, er at færre og færre kjenner historiene i Bibelen.

– Vi har færre arenaer, for skolen er ikkje med på dette lenger.

Tindberg fortel at kona hans er familieterapeut.

– Dersom ho sit med eit par og mannen seier at dette har eg sagt i 20 år, så må jo kona mi seie at da må du prøve på ein ny og annleis måte. Og dersom vi har fortalt historiene frå Bibelen i så mange år, og det ikkje fungerer lengre, så må vi prøve på nye måtar.

LEST DENNE? Det er utruleg viktig å få vist at gutar gret og at jenter kranglar og kjempar, seier biskop i Oslo

Nøkkelen til vår kultur

– Når skolen ikkje er arena for kunnskap om Bibelen lenger, gir det da meir ansvar til kristne foreldre å stå for kristen oppdraging?

– Når nye generasjonar ikkje forstår Bibelen, så tek vi ifrå dei nøklane til å forstå vår kultur. Forteljingane har ein så stor verdi at vi ikkje treng å vere kristne for å snakke om dei. Kyrkja og dei foreldra som meiner det er rett, får ta seg av trusperspektivet. Men vi må ikkje miste desse store forteljingane.

Skal skape tryggleik

Korleis skal vi da formidle kristendom og bibelforteljingane til barn i dag? Tindberg meiner vi skal tørre å ta opp alvorlege tema.

– Samtidig skal det å lese Bibelen også handle om tryggleik. Det skal ikkje berre handle om overgrep og folkemord, det skal ikkje berre vere spennande og riktig. Det skal skape tryggleik og gjere det trygt å sovne for kvelden.

Livredd

Etter tre oppsettingar på teater der Bibelen var kjeldematerialet, vart Tindberg spurt av J. M. Stenersens forlag om å skrive ein barnebibel, men han var livredd for oppgåva. Han sa nei i eitt års tid, før han ombestemte seg.

– Eg er ikkje oppdratt med barnebibel sjølv. Men mitt inntrykk er at barnebiblar enten er for «heilage» og ikkje kommuniserer med barna. Eller så er dei hippe og kule, er teikna som teikneserie, og blir for usmakelege og vulgære.

Tindberg fortel at han prøvde å finne sin veg oppe i dette.

– Eg har tatt meg fridommen til å leike meg, og til å finne ein varm veg inn i forteljingane samtidig som det opnar for å snakke om døden og det triste.

LES MER:

Barnebiblane unngår det som ikkje er så lett å snakke om

Religiøs musikk kan gå inn på den mest hardnakkede ateist, sier tidligere hardnakket ateist

Lagde humormusikk av koronamøter

---

Svein Tindberg

  • norsk skodespelar, dramatikar og regissør. Han er særleg kjend for tolkingane sine av bibelhistoriar, i førestillingane Evangeliet etter Markus (1995), Apostlenes gjerninger (2000) og Abrahams barn (2011). I 2017 kom han ut med boka Bibelfortellinger for barn (ill. Magnus Tindberg, Stenersens forlag).

---

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur