Kultur

Fleire bibelkvinner til barna

Barnebokforfattar løftar fram kvinneforteljingar frå Bibelen. – Det er utruleg viktig å få vist at gutar gret og at jenter kranglar og kjempar, seier biskop i Oslo.

Det manglar kvinneforteljingar frå Bibelen i barnebøker. Ein av dei som prøver å gjere noko med det, er Tor Ivar Torgauten. Han har skrive boka Forteljingar frå Det gamle testamentet - Bibelboka mi 3, der han trekk fram fleire kvinner frå Bibelen.

– Vi ville få fram kvinneforteljingar denne gongen, så vi leita og fant historiene om Hanna, Rut, historia om Sareptas krukke, og andre.

Lært mykje sidan MF

Torgauten seier at i denne boka er kjønnsperspektivet tatt vare på. Han har jobba tett med IKO for å løfte fram posisjonen til kvinna og deira viktige rolla i Bibelen.

– Eg har sjølv lært å sjå på dette på ein heilt ny måte enn det eg gjorde da eg gjekk på Menighetsfakultetet i mi tid. Eg har fått eit nytt blikk på korleis Gud har brukt kvinnene.


– Eg skjønner meir og meir at det er viktig at kvinner òg har nokon å identifisere seg med, seier forfattar og tidlegare prest Tor Ivar Torgauten. Foto: Adrian Nielsen.

På rett veg

Torgauten fortel at han er bestefar no, og han trur ikkje at han og hans generasjon var opplært til å løfte fram forteljingar og erfaringar frå ståstaden til kvinner.

– Eg skjønner meir og meir at det er viktig at kvinner òg har nokon å identifisere seg med. Vi er på rett veg, og det er viktig å få fram. Eg har også begynt å tenke meir på kva for situasjon barna er i, og å løfte fram historier frå Bibelen som gir dei noko å kjenne seg igjen. Det er viktig å få eit meir heilskapeleg bilde av både Bibelen og oss menneske.

LES MER: Slit med å finne gode, kristne barnebøker

Likestilling i praksis

Sjølv om Bibelboka mi 3 er ei barnebok, trur Torgauten at boka også kan gi vaksne eit større perspektiv.

– Skal vi snakke om likestilling, så må vi også vise det i praksis. Bibelen var forut si tid i å vise dette.

Som tidlegare prest, seier Torgauten at prestegenerasjonen han er ein del av, har mykje å lære.

– Både når det kjem til det å lytte til kvarandre og å forandre litt på kursen vår. Eg har jobba med menneske med utviklingshemming, og eg måtte sjølv endre min eigen kurs. På 70-talet tenkte eg at eg skulle lære sanninga å kjenne, men det er livslang læring.

Gamlekarane i gong

Torgauten meiner at å løfte fram kvinneforteljingar frå Bibelen ikkje berre er kvinnesak.

– Dette er ein sak om det evangeliske gudsbilde, samt at vi kan lære like mykje av begge kjønn. Så sjølv om det har mangla på kvinneforteljingar i lang tid, så er vi gamlekarane i gong no.

LEST DENNE? «Nå bør kvite nordmenn ta same rolla som menn under metoo: Me bør halda kjeft og lytta»

Treng heltar

Kari Veiteberg (bildet), biskop i Oslo bispedømme og forfattar av bøkene Bibelens kvinner og Evas døtre: om kvinnene i Bibelen er einig i at det er for få kvinneforteljingar frå Bibelen som blir brukt i barnebøker.

– Det var noko av grunnen til at eg skreiv mine bøker. Det er mange kvinneforteljingar vi ikkje fekk høyre om, som søndagsskolelærarane burde unna oss.

– Kvifor er det viktig å løfte fram kvinneforteljingar frå Bibelen i barnebøker?

– Fordi vi treng heltar og eit mangfald av roller å spegle oss i. Da er det like viktig at det er tøffe, rare og triste jenter som at det er tøffe, rare og triste gutar. Det er utruleg viktig å få vist at gutar gret og at jenter kranglar og kjempar.

Få i gong samtalar

Veiteberg vil ikkje gjere Bibelen meir kvinnevennleg enn han er. Men ho er meiner det ikkje er å koke suppe på spiker når kvinneforteljingar blir løfta fram.

– Det viktige i dag er å få i gong samtaler mellom gutar og jenter om korleis dei opplev tekstane. Kvifor trur dei at damene blir skildra på denne måten, og kvifor trur dei at mennene blir skildra på ein annan måte? Og kva skal vi gjere for at det ikkje skjer igjen?

– Kanskje vi skulle sagt at neste gong eg er med Martha og Maria, så skal eg hjelpe til på kjøkkenet så dei kan få sette seg ned.

LES MER:

Pilegrim på rutebåt: Den nye kystpilegrimsleia tar deg fra Egersund til Trondheim

Hærverk på flere katolske kirker

TV-serien I May Destroy You er en av de mest nyskapende på mange år

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur