Kultur

Slit med å finne gode, kristne barnebøker

– Dessverre ender kristne forlag nokre gonger opp med å omsette bøker som kanskje ikkje har god nok kvalitet, seier rådgjevar i forlag. Barna får også få bibelforteljingar om kvinner.

– Vi bruker ofte ikkje så mykje bøker.

Det seier Sigrunn Frostlid, assistent i Fagerborg Menighetsbarnehage.

– Men vi har ei Playmo–julekrybbe som vi bruker mykje, held ho fram.

Det er kanskje ikkje høgtlesing som blir prioritert høgast. Men kristne barnebøker har ein naturleg plass i dei kristne barnehagane, også i Fagerborg. Og sjølv om du framleis finn klassikarane til Kees de Kort i barnekroken i kyrkja nær deg, dukkar det kvart år opp nye kristne barnebøker og barnebiblar.

Kva for bøker og forteljingar frå Bibelen blir brukt i barnehagen i dag?


– Eg tenker at kristen litteratur kan bli betre for barn, seier Sigrunn Frostlid, assistent i Fagerborg Menighetsbarnehage. Foto: Privat.

Kan bli betre

Det er nettopp ei bok av Kees de Kort, Bartimeus, Sigrunn Frostlid trekk fram.

– Bøkene til de Koort er gamle, men dei er veldig gode. Sjølvsagt bruker vi nyare bøker òg.

Frostlid seier at dei sekulære barnebøker er vel så gode å bruke i barnehagen, som dei kristne.

– Eg tenker at kristen litteratur kan bli betre for barn. Det kjem mykje nytt, men eg synes ikkje det er greitt når vi får bøker som Barnas Bibel for jenter og Barnas Bibel for gutter. Da blir det ofte slik at jenter skal lese om Ruth og gutar skal lese om Daniel.

LEST DENNE? Anmeldelse: – En bok for barn som tenker de er klare for kjærlighetens irrganger

Barnebiblane bestemmer

Ingunn Aadland, rådgjevar for trusopplæring ved IKO–Kirkelig pedagogisk senter, har forska på korleis kristne barnehagar sjølv reflekterer over Bibelen. Ho har òg undersøkt kva forteljingar som vert brukte i dei kristne barnehagane, og motivasjonen for å bruke desse.

– Noko av det eg ser, er at tilsette i barnehagen i stor grad bruker dei same historiene frå Bibelen som barnebiblane bruker.

Pedagogen føretrekk Sakkeus

Aadland trekk fram eit eksempel som likevel bryt med dette. Når tilgjeving skal tematiserast i barnebiblar og i trusopplæring, går ein gjerne til kvinna som vart gripen i hor, eller den syndefulle kvinna som salva Jesus.

– Men pedagogen, som er oppteken av tilgjeving i tilknyting til sosial kompetanse, ser ut til å føretrekke Sakkeus. Her tenkjer eg fagkunnskapen til pedagogen kjem fram. Det er bra.


Ingunn Aadland, rådgjevar for trusopplæring ved IKO–Kirkelig pedagogisk senter, legg vekt på at det kan vere eit større mangfald i bokhyllene i barnehagane enn i utvalet av historier frå Bibelen. Foto: Annbjørg Dalland.

Mangfald i bokhyllene

Aadland legg vekt på at det kan vere eit større mangfald i bokhyllene i barnehagane enn i utvalet av forteljingar frå Bibelen dei tilsette nyttar. Ho seier barnehagane brukar både gamle og nye barnebøker.

– I mitt forskingsmateriale er det dei same bibelhistoriene som går igjen. Når pedagogen vel forteljingar, vel ho dei som er lengst framme i det kulturelle minnet – både fordi det er i tråd med rammeplana for barnehagen, men òg fordi det er dei ein kjenner til.

LEST DENNE? Anmeldelse: – Nå forstår jeg hvorfor Emma Karinsdotter blir kalt en Astrid Lindgren for vår tid

Eit hjelpemiddel

Dagleg leiar i Grefsen kirkes barnehage, Borghild Hukkelberg (bildet), seier det sjølvsagt har noko å seie for barna kva for bøker dei vaksne løftar fram.

– Den boka som vi vaksne har lest mest frå, er boka som blir mest populær. Og det speler inn på kva for bøker barna sjølv plukkar opp.

Når vi besøker barnehagen som ligg rett ved Grefsen kyrkje, er barna ute og leikar i sola. Nokre av dei blir med inn for å bli tatt bilde av, og dei sit konsentrert og lyttar når det blir lest høgt frå boka Lasarus, Lasarus! Kommer ikke Jesus snart? av Trygve Skogrand.

Hukkelberg fortel at etter dei har blitt lest for, kan barna sjølv oppsøke boka.

– Da blir det ofte til at vi les boka om igjen.

I Grefsen kirkes barnehage blir bøkene eit hjelpemiddel for å fortelje historier frå Bibelen.

– Kanskje bruker vi flanellografen òg, seier Hukkelberg.

– Bruker de framleis flanellograf?

– Å ja, absolutt!

I vrangstrupen

Vi spør Ingunn Aadland kvifor ho trur dei tilsette like gjerne vel ei Playmo–krybbe eller den gamle flanellografen, framfor kristne barnebøker.

– Eg har sjølv fått bibelbøker i vrangstrupen. Nokre gongar handlar det om illustrasjonar. Andre gonger språk. Mitt inntrykk er at mange også strever med bildet av Jesus på korset, av lidinga, av korleis han blir piska. Da er det lettare å bruke ord enn å vise bilde av dette.

Ho meiner òg at kristne barnebøker har ei ekstra utfordring samanlikna med sekulære barnebøker.

–Det blir fort ei kniving mellom litterær kvalitet og teologisk motivasjon. Dessverre ender kristne forlag nokre gonger opp med å omsette bøker som kanskje ikkje har god nok kvalitet.

FEKK DU MED DEG DENNE? Live Lundh: Jeg klarer ikke å ta inn mer. Jeg begynner på bøker uten å fullføre dem

Fleire kvinner

I floraen av kristne barnebøker, peiker Aadland på at det er noko som manglar.

– Det er påfallande kor få bibelforteljingar om kvinner som blir brukt i barnehagane. Desse er lite framme i vårt felles kulturelle minne, og det fører til at barna ikkje får kjennskap til dei.

Borghild Hukkelberg i Grefsen kirkes barnehage er einig med Aadland.

– Vi har snakka om at vi bør utvide repertoaret vårt litt, så vi ikkje berre har Sakkeus, Jesus som stilnar stormen og fire–fem andre historier. Ofte tenker eg at vi vaksne kompliserer det meir enn nødvendig. Vi er for eksempel redde for å snakke om død, men barna er ikkje nødvendigvis det.

Hukkelberg meiner det ikkje alltid er eit bevisst val at det er dei vanlege historiene som blir brukte.

– Men vi ønsker å vere meir bevisste, og ikkje minst bruke fleire kvinneforteljingar.

LES MER:

- En av Misjonsforbundets mest sentrale skikkelser har skrevet sine memoarer

Konservativ, politisk islam oppstod som et verktøy mot kolonialismen, mener fransk forfatter

En tatovert prest som banner? Les anmeldelsen av Nabia Bolz-Webers siste bok

---

Populære bøker

  • Borhild Hukkelberg, dagleg leiar i Grefsen kirkes barnehage, trekk fram fem kristne barnebøker som er populære hos dei:

  • • Lasarus, Lasarus! Kommer ikke Jesus snart? av Trygve Skogrand – Vi har nylig fått denne boka, barna syns det var ei spennande historie, vi vaksne likte ho òg.

  • • Bøkene om Bo, for eksempel Bo blir til overs av Morten N. Pedersen – serie med mange bøker, ikkje bibelforteljingar, men dei formidlar kristne grunnverdiar og korleis vere menneskevenleg.

  • Bibelboka mi av Tor Ivar Torgauten. Inneheld ulike forteljingar frå Bibelen, lett fortalt for dei minste, samt kjente songar som passer til tema.

  • • Reisen til Betlehem av Brian Wildsmith. – ei nydeleg bildebok som fortel juleevangeliet frå perspektivet til eit lite esel.

  • • Jesus stiller stormen og dei andre bøkene i serien «Hva bibelen forteller oss».

---

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur