Kultur

– Barnebiblane unngår det som ikkje er så lett å snakke om

Kristne forlag meiner barnebiblar ikkje kan spegle heile breidda, og at dei er prisgitt det som blir produsert internasjonalt.

Det er for få kvinneforteljingar frå Bibelen i kristne barnebøker, meiner Ingunn Aadland, rådgjevar for trusopplæring i IKO–Forlaget. Forlagsredaktør i Lunde forlag, Katrine Masvie, er ikkje heilt einig.

– Eg synes nok heller hovudproblemet med barnebiblane er at dei er føreseielege i kva dei tek opp. Dei unngår det som ikkje er så lett å snakke om. Dei snakkar om Noah og kva for dyr som vart med i arka, og tek ikkje inn det alvorlege i forteljinga.

Fargerikt og barnevenneleg

Kvar gong det kjem ein ny barnebibel, veit Masvie stort sett kva for forteljingar som er med.

– Tekstar som brevlitteraturen og Johannes openberring blir så å seie aldri nemnt.

– Kva trur du grunnen til det er?

– Dei som lagar barnebiblane trur nok at barn vil ha det som er hyggeleg og ikkje skremmande. Dei vil ha fargerike forteljingar som kan bli vist fram på ein barnevennleg måte.

Masvie trur òg at barnebiblane er tenkt lest av nokon som ikkje har eit aktivt trusliv sjølv.

– Det handlar meir om å overlevere forteljingane som er viktige i vår kultur.

LES MER: Slit med å finne gode, kristne barnebøker

Manndominert kultur

I motsetning til kva ulike stemmer har meint her i Vårt Land om kristne barnebøker den siste veka, meiner ikkje Masvie at det blir hoppa bukk over kvinnene i Bibelen.

– Kvinnene blir trekt fram i forteljingane frå barnebiblane. Men desse forteljingane speglar ein veldig mannsdominert kultur. Leiarane på tida som Bibelen føregår i, var menn.

Masvie peiker på at kvinner blir trekt fram i barnebøker som sorterer under sjangeren «bibelforteljingar», både kvinner frå Det gamle– og Det nye testamentet.

– Kanskje ein kunne lett meir nøye og grundig etter kvinner, men vi må sjå realistisk på det. I barnebiblane er det berre plass til eit lite utval, dei greier ikkje spegle heile breidda.

Liten nisje

Svein Andersen, forlagssjef i Hermon forlag, seier dei lenge har hatt i tankane å finne fleire historier med kvinner frå Bibelen.

– Vi er ofte prisgitt det som blir produsert internasjonalt. Kristne barnebøker er ein liten nisje i Noreg, og da er det avgrensa kva for bokprosjekt vi sett i gong.

Andersen seier dei ikkje innverknad på kva for personar eller historier som er med.

– Men vi er i gong med å lage ei barnebok om kvinner i Bibelen.

– Eg har jo fire jenter sjølv, og har tenkt at det er mange guttehistorier når eg les kristne barnebøker. Så dette har vi med oss, også når vi snakkar med internasjonale samarbeidspartnarar. Vi er et lite land, så om dei høyrer på oss, vet eg ikkje alltid.

LEST DENNE? Fleire bibelkvinner til barna

Lite likestilling internasjonalt

Lunde forlag har hatt ein serie av barnebøker som har tatt for seg kvinner i Bibelen. Men Masvie òg peiker på at dei aller fleste barnebiblane er omsett til norsk.

– Bildemateriale og alt det andre er produsert i utlandet. Bøkene blir laga på tvers av kyrkjesamfunn; for katolikkar, protestantar, frikyrkjer.

Ifølge Masvie er det to faktorar som speler inn: For det første at likestilling i ein større internasjonal samanheng ikkje i same grad som i Noreg blir rekna som eit særlig viktig bibelsk perspektiv. For det andre at forteljingane skal representere eit minste felles multiplum. Barnebiblane skal bli trykt på fleire språk i fleire land.

Meir konstruktiv

Masvie seier at dersom ho hadde vore søndagsskolelærar, så ville ho brukt barnebiblane som utgangspunkt.

– Bak ein kvar vellukka mann står ei sterk kvinne, seier Masvie med eit glimt i auget.

– Kvifor ikkje utvide barnebibelens fokus og leite etter dei som står rundt hovudpersonen? Eg trur ei slik tilnærming ville vere mykje meir konstruktiv enn å irritere seg over at her er det enda ein mann.

LES MER:

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur