La meg starte ved å vere heilt open og ærleg: Eg er fascinert av Hadia Tajik. Djupt fascinert, nesten sånn at det er litt i overkant. Både når eg har lese det ho skriv, sett henne opptre i debattar og møtt henne personleg, har eg tenkt: Ho er jammen intelligent, lynande skarp og nokså unik i norsk politikk.