Anmeldelser

Meir enn eit altfor ordinært omslag

Bibelhistorier for nybyrjarar er varierande og litt innfallsprega. Men her er også mykje fint for dei yngste.

Bibelhistorier for nybyrjarar, er omsett frå engelsk og gitt ut på IKO i 2020. Boka siktar seg, slik tittelen røper, inn mot det aller yngste bibelpublikummet, og er også eit handslag til alle vaksne som ivrar for ei høgtlesingsstund med dei minste. Språkleg byr boka på ei konsis og replikkprega framstilling, fint tilpassa målgruppa. Her er fengande fargar og spreke strekar i massevis, og boka innbyr verkeleg til ein livleg lystseilas gjennom nokre av Bibelens mest fascinerande historier.

God variasjon

Noko av det beste med boka er dei fine og fargesterke illustrasjonane. Inn mot denne aldersgruppa er det vesentleg med robuste illustrasjonar som ein ikkje vert ferdig med etter å ha kasta eit kjapt blikk på dei. Den typen illustrasjonar vi finn i Bibelhistorier for nybyrjarar, er nettopp av typen som toler litt bruk og meir enn eit blikk. Bileta er enkle, men uttrykksfulle og det mangslungne persongalleriet er framstilt med god og nødvendig variasjon. Det blir til dømes ikkje heile vegen komisk eller parodisk, slik ein ser det i nokre nyare bibelbøker for denne aldersgruppa.

Likevel — også illustrasjonane må seiast å vera av noko variabel kvalitet. Framsideillustrasjonen av Noahs ark tener som døme på at fleire manglar litt særpreg og gneiste. Likeins dukkar det opp viktige element i illustrasjonane som ikkje kjem fram i teksten, slik som gullkalven i historia om israelsfolket. Sjølvsagt er det ikkje eit krav at tekst og bilete må vera hundre prosent i samsvar, men det kan likevel vera frustrerande for dei som ikkje kjenner tekstane så godt at samanhengen mellom tekst og bilete glepp fleire stader. Den herlege varme streken frå forteljinga om den gode gjetaren skulle kort og godt ha sett standarden for heile utgjevinga.

Barnebibler.

Slik ein forventar

Når det gjeld utvalet av historier, byr dette ikkje på dei store overraskingane vis-a-vis liknande bøker. Vi møter mellom anna Daniel i løvehola, og likeins vesle David og ein forbigåande svært barsk Goliat, her er Jona og kjempefisken, vakre Ester og Noah på toppdekket i arka. Moses får mykje plass; heile fem av forteljingane er knytte til han. Moses er eit naturleg tyngdepunkt for GT-delen, men totalen er at denne delen får litt mindre breidde i persongalleriet. Ei positiv overrasking er historia om Hanna og Samuel; med ein flammande illustrasjon av den unge Samuel som endeleg fattar at det er Gud som snakkar til han om natta. Her går verkeleg lyset opp, både i tekst og bilete!

Språkleg byr boka på ei konsis og replikkprega framstilling, fint tilpassa målgruppa.

—  Sofie Braut

I den nytestamentlege delen er det på same måte mykje som er slik ein forventar frå ei bok som dette. Det er ein samanhengande del med likningar som er fin og heng godt saman, mens historia om den blinde Bartimeus får eit i overkant komisk «Amandus-Dokkemann»-preg. Dessutan vert overgangen frå den dansande Bartimeus til den mørke krossfestinga i overkant brå. Her verkar utvalet innfallsprega og heilskapen i oppbygginga meir fråverande.

---

bibelhistorier

Barnebibel

Charlotte og Michael Berghof, John Joseph (ill.)

Bibelhistorier for nybyrjarar. 31 bibelforteljingar

Frå 3 år

Iko-forlaget 2020

---

Oppmuntrar til å læra

Eit fint trekk ved Bibelhistorier, er at boka byr på utvalde bibelvers, «vers til å hugse på» både i starten og slutten av boka. Det oppmuntrar dei yngste til å læra seg nøkkelvers utanåt og ha ordet i hjarta. Bakarst i boka finst i tillegg Fadervår og Dei ti boda samt Truvedkjenninga, slik at dei yngste får kjennskap til faste ord og uttrykk dei møter på i kristne fellesskap. Det verkar litt underleg at dei ti boda både er lista opp i sjølve teksten og i denne delen; nok eit lite hint om at boka med fordel kunne vore litt meir gjennomarbeidd.

Heilt til sist er det også ei lita bønedagbok, som trass den litt rare overskrift «Be med Gud», er ein veldig fin idé. Poenget er å oppmuntra dei små til å teikna eller skriva, etter kvart som dei kan det, bøner for seg sjølv og andre. Det er i seg sjølv ein god vri å leggja inn eit slikt aktivitetselement for dei yngste, men denne delen blir også ei påminning om at bøn er så mykje meir enn ei from ønskeliste eller å spurta gjennom eit kjapt Fadervår før ein lukkar auga.

Meir enn omslaget

Med dei varierte illustrasjonane som bur innanfor dei tjukke og slitesterke permane, overraska det at nettopp den nokså uoriginale framstillinga av Noahs ark vart plassert på framsida. Bibelhistorier for nybyrjarar er altså meir enn dette tamme førsteinntrykket. Sjølv om ho er litt varierande i kvalitet, trur eg ho vil vera til glede for mange unge lesarar, og ho vil tola ivrige, små nevar som peikar og sleper henne med overalt i håp om å høyra om og om igjen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser