Kultur

Færre filmar gir ikkje betre filmar

Regjeringa slit med å komme på ­offensiven i filmpolitikken. Er det god Høgre-politikk å spenne beina under private initiativ og samle makta på få hender?

Denne veka har kulturminister Thorhild Widvey letta på det departementale sløret og gitt nokre signal om kor regjeringa ønskjer seg i filmpolitikken. Eit vedvarande mål for dei blåblå er å få fleire private kroner inn i norsk filmproduksjon, men på Filmfestivalen i Tromsø hausta Widvey applaus, ifølgje Aftenposten, for tanken om ei statleg avgift på strøymetenester. Det er likevel vanskeleg å applaudere før vi veit meir om kva slags ­avgiftsmodell Widvey ser for seg. Det har kulturministeren enno ikkje sagt noko spesifikt om. Vil ei slik avgift berre gjelde film? Risikerer musikk og litteratur også å bli avgiftsbelagt? Her kan det hende at Widvey – og ikkje berre eg – tenker i overkant innovativt. Så vidt eg kan hugse frå til dømes Framstegspartiets politiske program, er det ikkje så mykje applaus å hauste for nye statlege avgifter.

LES FILMANMELDELSE: Staying Alive i bitter skilsmisse

Høg terskel

Den mest konkrete nyhenda på filmfeltet er likevel at Widvey ønskjer å heve terskelen for etterhandstilskot frå 10.000 selde billettar til 35.000. Slik det har vore dei seinare åra, har det vore mogleg å sette i gang med filmproduksjon utan å ha fått den fagleg kvalifiserte førehandsstøtta, men få utbetalt støtte­ i etterkant dersom over 10.000 sjåarar har sett filmen på kino.

Resultatet av dette er at den norske filmproduksjonen er blitt større og meir variert enn tidlegare. I fjor kom det heile 36 norske langfilmar, noko Widvey tilsynelatande synest er altfor mykje. Terskelendringa skal, igjen ifølgje Aftenposten, «hindre at det lages altfor mange filmer her i landet». For meg høyrest det ut som ein defensiv filmpolitikk.

Tanken er heilt sikkert god, og det er mange i bransjen som meiner det same: Det blir laga for mange dårlege filmar i dette landet. Og etterhandsstøtta gir usikre rammevilkår for Norsk Filminstitutts førehandsstøtte, sidan det er umogleg å vite kor mange filmar som passerer 10.000 sjåarar kvart år.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Kulturell medvind

Noreg er i dag eit land i kulturell medvind, til ein viss grad på musikkfeltet, men særleg litteraturfeltet og filmfeltet, der vi i større grad enn dei seinare tiåra markerer oss internasjonalt. Innan musikken er det fullstendig frislepp, her er det stadig fleire aktive artistar, og mange av dei produserer låtar og album sjølve. Innan litteraturen har vi over tid sett ei enorm auke i talet på årlege utgivingar. Ikkje alle bøkene er gode, men nesten kvart år kjem det ut nye titlar som aspirerer til litterær verdsklasse. Så har vi filmen, der vi har sett ein formidabel vekst dei seinaste åra. Det gjeld både for den «smale» kunstnariske filmen, som filmane til Bent Hamer og Erik Poppe, og for Hollywood-filmen, med det ferske registjerneskotet Morten Tyldum i førarsetet.

I denne situasjonen ønskjer altså regjeringa å sette på bremsene. Dei kunne vald å prioritere ein større pott til ein bransje som på mange måtar er inne i ein ny gullalder. Svaret er i staden å innføre tiltak som vil redusere den totale filmproduksjonen. Widvey vedgår sjølv at effekten av endringa ho gjer, truleg blir at færre filmar blir spelt inn utan førehandsstøtte. Ein gjennomgang som Dagsavisen gjorde denne veka, viser at 14 av filmane i fjor ikkje ville ha fått etterhandsstøtte med den nye grensa på 35.000, blant andre Bent Hamers 1001 gram og Eskil Vogts Blind.

ANMELDELSE AV 1001 GRAM: Veid og funnet for tung

Justert innslagspunkt

Kulturministeren er opptatt av ikkje å ramme filmar med «høgt kunstnarisk potensial» og opnar difor for at NFI kan justere ned terskelen for filmar dei meiner har nettopp dette. Eg fryktar likevel at dette grepet ikkje dannar god nok motvekt.

Alle ønskjer vi oss kvalitet. Men færre filmar gir ikkje nødvendigvis betre filmar. Det kan like gjerne resultere i nokre få kommersielle suksessar og eit utmagra felt av regissørar med ein kunstnarisk visjon.

Sjølv har eg ikkje svaret på korleis Noreg skal bli ein endå viktigare filmnasjon. Men er det verkeleg den beste løysinga å spenne beina under private initiativ og samle makta på få hender? Er det den beste filmpolitikken ein kulturminister frå Høgre kan stille opp med?

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur