Harry Potter «glorifiserer heksekraft»
Lærarassistent nekta elev å lese høgt frå Harry Potter-bok i klassen.
Harry Potter slik han vert marknadsført før lanseringa av den sjuande og truleg siste boka.
Scanpix-AP
Sariya Allan, 47, er ein gjenfødd kristen, har forklart at ho er redd følgjene dersom ho let den sju år gamle jenta lese frå ei Harry Potter-bok på ein barneskule i Sør-London
Allan fekk irettsetjing av skulen og forlet deretter jobben. No krev ho 50.000 pund eller rundt 600.000 kroner i vederlag for religiøs diskriminering og ho vil bli blantk frikjend.
Til arbeidsretten der saka no går, har ho ifølgje den engelske avisa The Times si nettutgåve fortalt: «Eg forklarte at eg har eit problem med Harry Potter fordi forfattaren J.K. Rowling har sagt at ho sjølv er ei heks og at trylleformulara i boka er verkelege trylleformular.»