«Religiøse skulelag er ein sikkerheitsventil»

Eg er skeptisk til at organisasjonar med misjonsvisjonar skal få prege kvardagen til ungdomsskuleelevar. Likevel meiner eg at dei må få lov.

kk
FARLEG: Vi kan likevel ikkje forby verken skulelag eller misjon. Ein stat som går så langt i å regulere truande elevar sine moglegheiter til å samle seg, er langt farlegare, skriv gjestekommentator David Sviland.
Publisert Sist oppdatert

Rektor ved Sagatun skule, Gudrun Kjartansdottir, har fått gjennomgå etter at ho sette foten ned for ei gruppe ungdomsskuleelevar som ville halde skulelag inne i friminuttet. Vårt Land henta fram d-ordet i deira kritikk av rektorens val: «Diskriminering for å hindre diskriminering». «Vi heier på Malin (15) og hele det utfryste skolelaget i Sogndal», skreiv Vebjørn Selbekk på Dagens leiarplass, og spurde kva i all verda som gjekk av rektoren.

Til og med leiaren for Human-Etisk Forbund, Christian Lomsdalen, måtte krype til korset og seie seg einig med den kristne dagspressa: «For min del høres det feil ut med andakt eller bønn i et friminutt på skolen. Det er likevel viktig at en skole som skal fremme menneskerettighetene tillater at elevene praktiserer sin trosfrihet».

Frelsesinvitasjon og bøn for sjuke

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS