– Dei som ukritisk hyllar dei, må skamme seg
ORDSKIFTE: NRK-programleiar Fredrik Solvang meiner det er både flaut og farleg dersom norske politikarar og mediehus ukritisk jublar over YouTube-fenomen som Gutta.

– Gutta Sprut AS er kommersielle, og føremålet er å tene pengar. Dei publiserer på ein amerikansk plattform. Òg Barisbrevik er også ein politisk aktør. Det er noko av det viktigaste eg kan understreke, å vere bevisst. Dei fyller ei heilt anna rolle enn det ein allmennkringkastar gjer. Det er sjølvsagt fritt fram, men vi må vere bevisste på kva dei står for, seier Fredrik Solvang.
Med Barisbrevik meiner Solvang Sebastian Brevik, ein av gutane i Gutta.
Selskapet Gutta Sprut AS står bak Youtube-kanalen Gutta, som har Oskar Westerlin, Henrik Viken, og Snorre Klanderud i front saman med Brevik.
NRK Debatten programleiaren reagerer spesielt på at norske partileiarar i aukande grad stiller opp hos Gutta.
– Politikarane må for all del vere med på det. Men når dei stiller der, så kanaliserer dei både pengar og trafikk inn i eit prosjekt som ikkje opererer etter Vær Varsom-plakaten, som ikkje er underlagt etiske krav, og som har ein klar politisk slagside, seier han.
Gutta på YouTube publiserer varierte videoar, som podkastar og tullevideoar, men den siste tida har dei satsa meir og meir på politiske debattar.
– Gutta driv ikkje med journalistikk. Dei driv med innhaldsproduksjon for YouTube, med ein klar kommersiell struktur. Det er ikkje eit problem i seg sjølv, men vi må slutte å late som om dette er nøytralt og objektivt innhald, seier Solvang.
Taper konkurransen
Solvang sparer heller ikkje NRK for kritikk. Han meiner det er flaut at delar av NRK har vore positive og ureflekterte i møte med «Gutta-fenomenet».
Gutta driv ikkje med journalistikk. Dei driv med innhaldsproduksjon for YouTube, med ein klar kommersiell struktur.
Fredrik Solvang
– At vi som redaksjonell institusjon skal stå og heie på Gutta Sprut AS som eit mediefenomen – det meiner eg er både pinleg og amatørmessig. Det vitnar om ei uklar haldning til kva journalistikk faktisk er, og kva rolle vi sjølve speler i den offentlege samtalen.
Han refererer til Instagram-innlegg og nettsaker publisert av NRK, som pratar positivt om «Gutta-Fenomenet».
– Gutta Sprut AS knuser NRK på YouTube og TikTok. Eg er djupt ueinig i NRK sin strategi. NRK Debatten skal vere Noregs største politiske samtale. Til ein viss grad klarer vi det. Men vi kan ikkje ta opp konkurransen mot eit kommersielt prosjekt. Fordi vi ikkje er til stades slik vi kunne vore.
Han viser til at NRK har vedtekne retningslinjer som avgrensar deltaking på plattformer som TikTok og YouTube.
– I dag har eg og alle NRK-tilsette TikTok-forbod. Det fører til at eg må stå og sjå på at andre tener pengar på å lage hakkemat av Debatten-innhald utan at eg kan følgje med på kva som skjer, seier Solvang
– Gutta hadde ikkje overlevd éin dag i NRK
Solvang meiner det er naudsynt å forstå kor stor forskjellen mellom dei redaksjonelle debattprogramma og Gutta faktisk er.
– Barisbrevik hadde ikkje overlevd ein dag i redaksjonen vår. Det må alle skjøne. Me har ansvar, plikter og etiske rammer. Medan dei har fri speleregel og plattform utan krav til balansering eller saklegheit.
– Gutta Sprut AS presenterer seg som ei avslappa alternativ plattform – men har i realiteten fridomen til å gjere kva dei vil med innhaldet utan konsekvensar. Og det med ein klar høgrevridd profil, seier Solvang.
– Dei har klart å engasjere mange, og det skal dei ha honnør for. Men eg håpar at både politikarar, medium og publikum er bevisste på kva dei gir merksemd – og pengar – til.
Solvang seier vi må ikkje kaste vrak på dei redaktørstyrte tilboda som vi alle er med på å finansiere.
– Eg håpar dei som ukritisk hyllar det, skammar seg litt.

Svar frå Gutta
Til Vårt Land svarer Sebastian Brevik på kritikken frå Fredrik Solvang slik:
– Personleg synest eg det er ganske komisk at sheriffen i NRK uttaler seg om korleis andre aktørar tar side i politikken – som om at dette ikkje er noko de bedriver sjølv. Akkurat Debatten er et greitt program, men NRKs dekning av diverse saker er til tider partisk og direkte misvisande.
På spørsmål om dei har eit etisk ansvar, sjølv om dei ikkje er redaktørstyrte, er Snorre Klanderud i gutta klokkeklar på at dei har eit etisk ansvar.
– Vi er stolte av prosjektet og ønskjer å vere transparente og profesjonelle. Målet vårt er å bidra til auka valoppslutning, særleg blant unge. Det er eit enormt problem at unge ikkje stemmer, og at mange er ekstremt polariserte. Vi vil at unge skal få meir å seie – og då må fleire møte opp og vite kva dei faktisk stemmer på.
Personleg synest eg det er ganske komisk at sheriffen i NRK uttaler seg om korleis andre aktørar tar side i politikken – som om at dette ikkje er noko de bedriver sjølv.
Sebastian Brevik
Går i minus frå YouTube
Brevik går også i rette med Solvang om politisk slagside:
– Når det er sagt så må vi også slutte å late som Solvang, at resten av gutta besitter og kommuniserer de same politiske meningene som meg. Guttas debattar har i motsetning til det han seier – absolutt ein nøytral og objektiv struktur trass i at ein av fire medlemmer har tatt et politisk standpunkt, svarer Brevik og legg til:
– Veldig uprofft å dømme både kanalen og resten av gutta basert på mine politiske standpunkt, er det ikkje? Særleg frå ein som liksom er så opptatt av det å vere nøytral
Ved spørsmål om han hadde klart seg i Debattens redaksjon, svarer Brevik følgjande:
– Som om at det er så vanvettig tungt å loffe rundt på folkets rekning. Husk at du jobbar for staten Fredrik – i motsetning til oss andre som faktisk er nøydde til å få til noko for å få pengar inn på konto.
Videoane til Gutta blir lagt ut på YouTube. På spørsmål om det er økonomisk gevinst i å ha med toppolitikarar som Erna Solberg og Jonas Gahr Støre, svarer Klanderud at dei i fjor gjekk i minus, trass dei høge sjåartala.
–YouTube er ikkje så lønnsomt som folk trur. Vi gjekk med dundrande underskot i 2024. Grunnen til at vi gjer dette er for å gjere det enklare for folk å ta informerte val til hausten, seier Klanderud, og legg til:
–Vi har ein stor plattform med ein enorm moglegheit til å gjere noko positivt. Så då grip vi sjansen og slår eit slag for demokratiet.