– Eit klipp på TikTok betyr mykje meir enn ei debattsending

DEBATTARENAER: Er Debatten med Fredrik Solvang daud? Er det influensarane i Gutta som skal styre ordskiftet fram til stortingsvalet? Dette seier ungdomspolitikarane.

TESTA KORT: Programleiar i Debatten på NRK, Fredrik Solvang, brukte desse korta for å gjere partileiardebatten 27. mai meir engasjerande. Tyder det at dei kjenner på presset frå Gutta?

Med videoar med over 600 tusen visningar, og mykje merksemd, har Gutta på YouTube fått med seg fleire av partileiarane til å stille til heilt nye debattkonsept.

Gutta, som består av influensargjengen Henrik Viken, Oskar Westerlin, Sebastian «Baris» Brevik og Snorre Klanderud, har testa ut nye konsept som «Simen Velle vs. 20 woke studentar», «Mimir Kristjánson vs. 20 Frp-veljarar» og «Baris vs. Marstein». 

Desse videoane har fått masse klikk og generert fleire klipp som har gått viralt på TikTok, Instagram og Facebook. 

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP

Powered by Labrador CMS