Borgs nye biskop trur kjønnsmangfald er Guds skaparverk: – Ei gåve til oss alle

– Eeeehm, mamma?

– Ja?

Hovudstadens studentliv er lamma. Pandemien har stengd lesesalen, dansegolvet, treningssenteret og restaurantjobben. Hylla inn i det gråstemt numne tilværet skal Kari Mangrud Alvsvågs yngstebarn, Vilde, «berre» bli med venninna til tatovøren.

På veg ut døra frå sjappa ringer ho mora.

– Eg berre tok ein sjølv og, rapporterer ho heim til Sarpsborg.

Under plastfolien på magen gøymer det seg no ein lubben engel som røyker og drikk vin, kan Vilde fortelje. Ho ventar på reaksjonen.

– Eg fekk heilt lættis! bryt den nye Borg-biskopen ut når ho fortel att historia.

Auga lysnar bak dei sekskanta retrobrilleglassa, og ho må sette frå seg ein av dei ørten ulike kaffikoppane ho eig for ikkje å skvulpe i latter. Smilet blir eit glis.

Kvinna som ikkje kunne brydd seg mindre om dotteras innfall, er ho som ein gong trudde at prestetenesta ikkje var for kvinner og song «Vær forsiktig lille øye hva du ser» av full hals.

Tretti år seinare toler ho det meste. Enkelte vil kanskje seie at ho har blitt radikalt tolerant.

---

Kari Mangrud Alvsvåg

  • Ny biskop i Borg bispedømme
  • 51 år
  • Utdanna ved MF vitenskapelig høgskole, ordinert til prest i 1999.
  • Har vore sjømannsprest i Dubai, lektor på vidaregåande, og mellom anna domprost i Sarpsborg og Fredrikstad
  • Gift, tre barn
  • 24. april blir Alvsvåg vigsla til biskop i Borg bispedømme. Ho har fungert i tenesta sidan Atle Sommerfeldt gjekk av

---

Kyrkjebenkslitaren

Forteljinga om toleransens tilbliing startar i eit måleri, fysisk og biletleg.

På ein panelkledd vegg i stua i «Sarp Tropez», som biskopen kallar den solfylte Østfold-byen ho enn så lenge bur i, heng eit innramma motiv av ein park. Ærverdige, robuste eiketre kveilar dei potente grøne greinene sine over ein spegelblank dam, som ei kvit trebru bøyer seg over. Det er barndommens idylliske landskap på Tomb i Råde.

I ein liten enklave budde lærarane på Indremisjonens jordbruksskule med familiane sine. Kari, dei fire syskena, mamma og pappa, heldt til i den store rektorbustaden.

– Du veit når ein skal teikne eit hus? spør Alvsvåg.

28.03.22 Biskop Kari Mangrud Alvsvåg i Min Tro. Fotografert i hjemmet sitt i Sarpsborg.

Ho fører peikefingrane i rørsler i lufta, slik at dei formar eit rettvinkla tak, og ein firkanta fasade.

– Eit sånt, konkluderer ho.

I den vesle skogverda, kor ungane fekk herje fritt, fanst eit bedehus og ei statskyrkje. Kari sleit benkeseter begge plassane.

– Eg trur eg var eit ganske religiøst barn, seier Alvsvåg, medan auga smalnar lurt, og ho tar oss med på ein personalbusstur med jordbruksskulens stab.

– Fem år gammal reiser eg meg opp, har mitt første offentlege vitnesbyrd, og syng «Ja, nå vet jeg hva jeg vil, jeg vil følge Jesus» framfor alle dei vaksne.

– Ønskte å vere konservativ

Det er freistande å trekke ei direktelinje frå buss-vitnesbyrdet til bispekåpa ho snart blir vigsla til. Men Borg-biskopens trusreise har langt ifrå gått føre seg i ei rett linje sidan den gong.

Åtte år gammel trippa Kari og venninna bortover Tombs skogsvegar og akka til kvarandre: «Det er jo ille at vi er så syndige».

– Vi var heilt seriøse! bryt ho lattermildt ut.

Frå scenen på bedehuset fekk dei stadige oppfordringar om å omvende seg, fortel Alvsvåg. Forsamlinga fekk forkynna kor syndige dei var, korleis dei burde leve reint og riktig og ta i mot Guds nødvendige nåde.

Inni Kari grodde ei lita rødstrømpe. Men ho skulle ikkje få sleppe til – heilt enno. Små glimt av ho kunne likevel dukke opp, til dømes då ho arrangerte demonstrasjonstog for at også jentene skulle få ha sløyd på skulen.

28.03.22 Biskop Kari Mangrud Alvsvåg i Min Tro. Fotografert i hjemmet sitt i Sarpsborg.

Men jenter skulle ikkje vere prestar, det visste ho jo. Og på bibelskulen «blei vi ikkje akkurat oppmuntra», fortel 51-åringen som om kort tid trer inn i ei leiarstilling i kyrkja.

– Eg var konservativ i haldningane mine, og hadde ein slags tanke om at eg ønskte å vere det òg. Eg valde det standpunktet i dei store spørsmåla på den tida: Kjønn og presteteneste, seksualitet, abort og så vidare.

Men noko stemte ikkje. Når ho ser tilbake på det, framstår dette noko meir ullent enn konkret. Ho hugsar ikkje heilt korleis det skjedde, kanskje ho ikkje kom inn på sjukepleien, men Kari finn iallfall seg sjølv i auditoriet på MF vitenskapelig høyskole, den gang Menighetsfakultetet, på grunnfag i kristendom.

Møtet med teologien blir det som endrar livstolkinga til Kari Mangrud, som akkurat har blitt Alvsvåg.

Fem år gammal reiser eg meg opp, har mitt første offentlege vitnesbyrd, og syng «Ja, nå vet jeg hva jeg vil, jeg vil følge Jesus» framfor alle dei vaksne.

—  Kari Mangrud Alvsvåg

Den smalestien blei ... for smal

– Eg må ha hatt eit solid filter, seier 51-åringen, og smiler lurt, den skarpe vårsola frå vinduet rett i andletet.

Snur ho seg tilbake til bedehusfortida, ser ho eit miljø kor ho blei sett og fekk ansvar. Ho ser seg sjølv dirigere kor, spele piano, halde vitnesbyrd og andakter. Omsorgen og kjærleiken frå dei vaksne var stor. Ho fekk til og med gå på diskotek.

– Men det er mi erfaring, skyt Alvsvåg inn.

Med jamne mellomrom gjentar ho setninga.

– Eg veit at nokon har blitt nedtrykte og skadde av den pietistiske forkynninga, også der, seier ho.

For Alvsvåg blei prestepraksisen og teologilesinga ei frigjering frå det som kjendest for stramt og trongt. Studenten fekk bibeltekstane snudd på hovudet og lærte å sjå dei på nye måtar.

28.03.22 Biskop Kari Mangrud Alvsvåg i Min Tro. Fotografert i hjemmet sitt i Sarpsborg.

– Eg las ikkje lenger teologi for å få bekrefta meiningane eg hadde, men for å bli utfordra på dei. Evangeliet er først og fremst ei frigjerande kraft. Eg fann ut at her er det stort rom til å tenke og erfare.

Ho var avla til overtydinga om kva konsekvensar det ville få om ho ikkje heldt seg på den smale sti. Så oppdaga ho teologen Notto Thelle, og hans formulering som fanga alt ho tenkte:

«Troen er et landskap», som er det første som står i boka Ditt ansikt søker jeg.

– Bildet av Gud som steller i denne store, varierte hagen, kor det er rom for å utforske – det blei viktig.

---

4 raske

  • Gud er: Kjærleik
  • Eg klarar meg ikkje utan: Kaffi
  • På gravsteinen min skal det stå: Størst av alt er kjærleiken
  • Boka alle må lese: Lukasevangeliet

---

– Éin sånn og éin sånn og éin sånn

I dette truas landskap finst alltid eit lys, ein eller annan stad. Der lever kvinner og menn og alle derimellom. Der er kjensler å oppdage, møter med Gud, og uutforska krokar av tru.

Kari Mangrud Alvsvåg har gått av den smale stien for å utforske nye område i landskapet. Med åra har biskopen komme til å erkjenne kor avgjerande variasjonen er i seg sjølv.

– For meg var det å kunne sjå ei kvinne som var prest, avgjerande. Så forbilde er veldig viktige, sjølv om det å sørge for «éin sånn og éin sånn og éin sånn» iblant kan få ein karakter av å vere litt komisk, seier ho smilande, og peiker på tre punkt i lufta.

– Ein skal ikkje undervurdere kor vesentleg det kan vere å kjenne seg att i dei som gjennomfører oppgåver framfor deg. For oss handlar det om å vise, demonstrativt, at kyrkja er for alle. Uansett.

– Uansett kjønn, uansett seksualitet, uansett om du er usikker på kven du er, eller om funksjonane dine er nedsette, eller kor du kjem ifrå, eller kor gammel du er: Alle er skapt av Gud, og skal vere som dei er.

28.03.22 Biskop Kari Mangrud Alvsvåg i Min Tro. Fotografert i hjemmet sitt i Sarpsborg.

Kjønnsmangfald som ei gåve

Om eit menneske identifiserer seg som han eller ho eller hen, eller i «heile vifta av måtar ein kan oppleve seg sjølv på», skal det ikkje kvalifisere eller diskvalifisere til tru, eller til ein plass i det kyrkjelege fellesskapet, slik Borg-biskopen ser det.

– Eg har ingen behov for å seie noko om kva som er «rett eller gale» om korleis vedkommande skal oppfatte kjønnet sitt. Eg har møtt fleire som veldig alvorleg har fortalt meg korleis livet med å halde den dei er skjult, har vore. Det er så skadeleg. Og eg trur ikkje det er Guds vilje.

Eit fellesskap er ikkje eit godt fellesskap om ein må late som, seier Alvsvåg. I eit fellesskap skal ein kunne komme med heile seg.

– Det er stor forskjell på å halde skjult noko ein har gjort, og å halde skjult kven ein er.

– Eg vil vere tydeleg på at eg trur det er slik Gud har skapt oss til å vere. Og at dette mangfaldet er bra for folk. Det er ei gåve til oss alle.

Når rettleiing er riktig – og gale

Å moralisere verkar naturstridig for biskopen med silkeskjerf. Ho vegrar seg litt for å konstatere det sjølv, er redd det framstår «litt skrytete», men journalisten kan bekrefte at kjelder tett på biskopen har nemnt dette som noko av det fremste som karakteriserer henne.

– No er det fjernt for meg å skulle seie «ikkje gjer sånn», eller meine noko om korleis folk lever liva sine.

– Nokon vil då seie at du tar frå menneske moglegheita til å bli frelst?

– Då vil eg svare at det er Gud som frelsar – det er det ikkje menneskets dommar som gjer. Eg ønsker å formidle Gud sin frigjerande nåde og miskunn. Frelse handlar jo nettopp om å bli sett fri.

Som menneske vil vi aldri kunne legge feilfrie liv framfor Gud, meiner Alvsvåg.

28.03.22 Biskop Kari Mangrud Alvsvåg i Min Tro. Fotografert i hjemmet sitt i Sarpsborg.

– Synda er ein del av menneskelivet, og vi har ei vanvittig kapasitet til å vere gode, og ei vanvittig kapasitet til å vere vonde. Evna vår til å skade andre og ønske andre vondt ber vi i oss – og ser sett på spissen i krigen. Vi menneske har mykje å stå til rette for.

Om ho ikkje vil rette nokon peikefinger, drar ho gjerne eit moralsk kompass opp frå den fiktive lomma.

– Eg hever gjerne stemma mi om det eg meiner er rette og gode val som fremmer rettferd. Men denne pietistiske detaljstyringa om korleis eit enkeltmenneske skal leve livet sitt… Den har handla om så mykje konkret; du skal ikkje strikke på sundag, du skal ikkje gå på kino, og med nye tider kjem det nye ting ein «god kristen» ikkje skal gjere. Det meiner eg ikkje er rett måte å rettleie på.

Mammamennesket

Først menneske. Deretter mamma. Så prest.

Slik rangerer Alvsvåg sine tre identitetar. Å gå frå «ung student» til «forelder» som 23-åring la føringar for både livsførselen og personlegdommen. Den djupe, moderlege kjensla er framleis noko av det mest grunnleggande i trebarnsmammaen, som blei bestemor i haust.

– Sindre toler å høyre dette... startar Alvsvåg på historia om korleis han, den no 28 år gamle sonen, kom til verda.

– Det var ei stor gåve. Men det var ei gåve eg ikkje visste eg skulle få, seier ho lattermildt.

– Vi skulle jo studere og reise og alt det der. Men eg tvilte aldri på om eg skulle bere han fram.

28.03.22 Biskop Kari Mangrud Alvsvåg i Min Tro. Fotografert i hjemmet sitt i Sarpsborg.

Det blei lite henging i kantina, på kviss eller på kafé. Sindre, og etter kvart Erlend, kravde struktur og disiplin for teologistudenten.

– På eit tidspunkt vagga eg ned dei lange trappene i Auditorium 1 på MF for å avleggje munnleg eksamen. Då eg omsider kom til botn, spurde sensor: Når skal du føde?

– Det er no, så du bør skunde deg, svara eg.

På terskelen til døden

På ny skal magen til Kari bule, 23 år seinare. I 2016 er det ikkje liv bak kula.

Nærmast kvar millimeter inni den kraftlause og bleike skapnaden i det kvite sjukehussengetøyet er full av betennelse. Ho spyr, blør og verkar.

Det som starta som ei utgreiing for revmatismediagnosen bekhterevs, førte til oppdaginga av ein cyste. Dei fjerna han fort. Men så blei alt verre.

– Då eg såg meg sjølv i spegelen, møtte blikket mitt skinn og bein, skildrar Alvsvåg.

Blindtarmen blei fjerna og lungene tappa, men kreftene blei berre færre. Under cysteoperasjonen blei det svidd eit hòl i urinleiaren, viste det seg. Først vekevis seinare blei det oppdaga. Nesten for seint skjønar dei kor fatalt dette feilgrepet er for sjukdommen ho også visar seg å ha: Endometriose.

– Dette var 2016! Og dei som behandla meg visste ikkje korleis dei skulle behandle endometriose under operasjon! seier 51-åringen, og virkar å tråkke litt på den verbale bremsen sin.

– Eg kunne hatt ein skikkeleg rant mot systemet! seier ho, og slepp opp litt likevel.

Det handlar om å ikkje bli trudd på, som kvinne med smerter i underlivet, seier Alvsvåg. «Kanskje du har fått blærekatarr», fekk ho beskjed om. «Gå heim og vent», var den første resepten, fortel ho.

28.03.22 Biskop Kari Mangrud Alvsvåg i Min Tro. Fotografert i hjemmet sitt i Sarpsborg.

Til saman låg ho tre veker på post. Biskopen skildrar tilstanden på det verste som «på terskelen til døden».

– Under det siste opphaldet bad eg Martin ta med salmeboka og ein bibel. Men eg ofra dei ikkje ein tanke. Eg hadde meir enn nok med meg sjølv; min kropp og mi smerte.

– Heilt ærleg blei eg litt skuffa over meg sjølv. Eg som har levd med salmane og tekstane heile livet – at eg ikkje greip etter dei for trøyst og styrke. Eg var jo veldig redd. Men eg hadde ikkje kapasitet.

I staden har det blitt ei forteljing om nåde, fortel Alvsvåg.

Fekk sjå kven Gud er

Midt i alt, var Gud.

Gud var då venninna irettesette sjukehuspersonalet, Gud var då mannen blei ved sengekanten sjølv om ho var egoistisk og innkrøkka, Gud var då kjenningar teksta henne med orda ho trong.

Gud er ingen abstrakt idé – Gud er kjærleik, konkluderer Alvsvåg. Denne setninga som kan framstå som ein floskel, blei for biskopen høgst konkret. Gud er kjærleiken som enkeltmenneske visar i praksis.

Gud er lysglimtet når det er som mørkast, synet av omsorg midt i ei blodtåke av vald og hat. Denne krafta, som finst i livets øydemarker, og som alltid, uansett kva tilværet ber med seg, vil vere sterkare enn det vonde. Sjølv når det verkar mest usannsynleg.

– Det er blant det vi menneske er kalla til: Å vere dei som uttrykker Guds kjærleik, i møte med menneske og naturen.

Heilt ærleg blei eg litt skuffa over meg sjølv. Eg som har levd med salmane og tekstane heile livet – at eg ikkje greip etter dei for trøyst og styrke. Eg var jo veldig redd. Men eg hadde ikkje kapasitet.

—  Kari Mangrud Alvsvåg

Den tomme grava: Mysterium og bevis

Mannen som på langfredag blei spotta, fornedra og fysisk nedbroten, er det ultimate uttrykket for bodskapen biskopen trur på; at midt i det mørkaste mørket, finst lys.

– At Gud sjølv går igjennom dette – som så mange i verda gjer – visar at Gud aldri trekk seg bort frå dei vonde stadene. Det finst ingen plass så mørk at Gud ikkje kan vere der i lag med oss.

28.03.22 Biskop Kari Mangrud Alvsvåg i Min Tro. Fotografert i hjemmet sitt i Sarpsborg.

Forteljinga om oppstoda første påskedag er «ei ekstremutgåve» av livskrafta vi kan sjå rundt oss heile tida, trur ho.

– Eg trur på oppstoda – på livets kraft, på at mørket og døden aldri skal få siste ord.

– Gud, som er lys og kjærleik og miskunn, kjem til uttrykk i måten Jesus levde på. Å heile tida søke etter dei som lever i den mørke utkanten, og hente dei inn til oppreisning og mot, er blant det vi er kalla til.

Tryggleik i tenesta

24. april skal lyden av korsong frå barn, ungdommar og vaksne klinge i Fredrikstad domkyrkje. Då blir Kari Mangrud Alvsvåg vigsla til tenesta ho i februar blei utnemnt til.

– Føler du deg som biskop?

– Ja, faktisk.

Svaret kjem raskt. I den umiddelbare reaksjonen framstår Alvsvåg så trygg. Det er nesten litt overraskande.

– Eg kan ha mykje uro og stress inni meg over det som ligg framfor. Men heilt sidan telefonen med tilbodet kom, har eg vore veldig roleg. Eg blei kjempeglad – men fekk òg ei sterk kjensle av å vere til stades. At det ikkje var feil.

28.03.22 Biskop Kari Mangrud Alvsvåg i Min Tro. Fotografert i hjemmet sitt i Sarpsborg.

Borg-biskopen har nok erfaringar av det motsette. Første dag på vidaregåande, musikklinja, blei ho fylt av ei rivande uro, kjensla av at «her skal eg ikkje vere».

– Om det er ein slags intuisjon...

Biskopen smakar på ordet journalisten har servert.

– Det er iallfall noko sterkt kroppen prøver å fortelje meg. Det skal ikkje alltid få styre kva eg vel – nokre gonger må eg overhøyre stresset. Men når eg ser bakover, ser eg at eg med fordel kunne høyrt litt meir på kroppen, ja.

Urokjensla har vore fråverande sidan beskjeden i februar 2022.

– At tanken på bispetenesta fyller meg med energi. Det er tryggande.

– Harryhandel?!

«Biskop? Er det sånn to damer som giftar seg?»

Alvsvåg kastar hovudet bakover i latter. Det var slik tiåringen til ei venninne hadde respondert då han fekk beskjed om at Kari var blitt biskop.

Borg-kyrkjas nye leiar finn kvile i tanken på det. Til ein viss grad er ho ein offentleg person, i «Vårt Land-segmentet», som ho kallar det, og i bispedømmet.

Men ho blir fort dratt ned på jorda. Vel så mange har ikkje peiling på kven den korthåra brunetta med retrobriller og grønblå kåpe er når ho går inn på Storbyen kjøpesenter i Sarpsborg.

– Det trur eg er kjempesunt å vere klar over. For det er jo ei rolle som kan innby til pompøsitet.

– Bisperolla er omgitt av tunge tradisjonar, som antrekket og posisjonen i prosesjonen. Vi har framleis mange av desse rituala – som er fine – men det er viktig at vi, iallfall eg, heile tida tenker at det er rolla. Og så er personen Kari den same eg alltid har vore.

– Du seier «innbyr til pompøsitet»? Opplever du deg ikkje som ein pompøs person?

28.03.22 Biskop Kari Mangrud Alvsvåg i Min Tro. Fotografert i hjemmet sitt i Sarpsborg.

– Ikkje i det heile. Eg høyrer på P2 av og til, men føler meg som Kari frå landet.

– Eg har fått beskjed om å spør deg kva forhold du har til harryhandel.

Biskopen livnar til.

– Harryhandel?! Det har eg eit nært og godt forhold til!

– Eg likar eigentleg ikkje å handle mat – til det er eg for lat. Men å køyre til Sverige og handle, er ein happening. Det har vore eit oppriktig savn i løpet av koronaen. Eg har aldri gått så lenge utan å kjøpe all kaffien min derifrå. Men endeleg!