Kirke

Arbeidstilsynet fann fleire brot på arbeidsmiljølova hjå Jørpeland kyrkjelyd

DEN NORSKE KYRKJA: For lite HMS-kompetanse, uoversiktlege roller og manglande rutiner for konflikthandtering er nokre av forholda Arbeidstilsynet trekkjer fram i sin rapport om Jørpeland kyrkjelyd, melder avisa Strandbuen. – Slett saksbehandling, svarer KAs advokat.

– Funna i tilsynet viser at det er mangelfull HMS-kompetanse i Strand kyrkjelege fellesråd og Jørpeland kyrkjelyd. Det handlar ikkje berre om forelda og manglande kursbevis, skriv Arbeidstilsynet i rapporten, ifylgje avisa Strandbuen, som fyrst skreiv om saka.

Dei har fått tilgang til Arbeidstilsynet sin tilsynsrapport for kyrkjelyden på Jørpeland. Den var klar 11. februar, og peiker på ei rekke kritikkverdige forhold.

Målet med tilsynet var å kontrollera korleis Strand kyrkjelege fellesråd arbeider med helse, miljø og sikkerheit i organisasjonen og korleis dei handterer den pågåande konflikten i Jørpeland kyrkjelyd.

Langvarige problem med arbeidsmiljø

I juni meldte Vårt Land at det storma rundt Jørpeland kyrkjelyd i Ryfylke. Ei personalkonflikt på kyrkjekontoret kom til overflata, og i februar bestemte biskop Anne Lise Ådnøy at sokneprest i Jørpeland kyrkjelyd, Bård Boye, skulle endre tenestestad.

Dette vekte mykje merksemd, og mange i nærmiljøet mobiliserte for å vise misnøye med avgjersla og signalisere støtte til Boye.

– Det har vore mange ulike forsøk frå begge arbeidsgjevarane for å betre arbeidsmiljøet dei siste åra, sa Ådnøy om saka til Vårt Land.

Kritiserer konflikthandtering

– Arbeidstilsynet ser at det ikkje ligg føre ein eigen rutine for konflikthandtering i Strand kyrkjelege fellesråd, som er tilpassa verksemda, skriv Arbeidstilsynet i den nye rapporten, ifylgje Strandbuen.

Dei peikar vidare på at konfliktar i arbeidsmiljøet som får eskalera kan utgjera ein helserisiko for dei involverte og ein arbeidsmiljørisiko for dei andre medarbeidarane.

---

Andre poeng og pålegg i rapporten:

  • Det finst ikkje rutinar for sjukefråværsoppfølging.
  • Det er vanskeleg å få oversikt over rollene og ansvarsforholda i Strand kyrkjelege fellesråd og Jørpeland kyrkjelyd.
    • I arbeidsmiljøarbeidet må det vera tydeleg kven som er arbeidsgjevar og kven som er næraste leiar.
  • Rutinar for intern varsling må reviderast.
    • Desse rutinane skal ikkje avgrensa arbeidstakarar sin rett til å varsla.
  • Det må opprettast eit arbeidsmiljøutval og opplæringa av medlemmene i dette.
  • Pålegg om gjennomgang av det systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet for å sikre at det fungerer.
  • Ein må sikre at arbeidstakarar som leier andre har den naudsynte HMS-kompetansen.
  • Ein må bruke sakkunnig bistand i arbeidet med å gjennomføre pålegga.

---

Har klaga på vedtaka

Alexander Aas, seniorrådgjevar og advokat i arbeidsgjvarorganisasjonen KA, har fulgt opp saka for Strand kyrkjelege fellesråd. Han er ikkje imponert over Arbeidstilsynet sin rapport, og fortel til Vårt Land at dei har klaga på vedtaka.

– Dette er slett saksbehandling. Me hadde forventa at Arbeidstilsynet fylgjer dei grunnleggande reglane for saksbehandling som er i forvaltingslova, seier Aas.

Han meiner dei ikkje har fått tilstrekkeleg grunngjeving for vedtaka.

– Det blir skrive i rapporten at ein gjer pålegg på bakgrunn av funn, utan at det blir nærmare spesifisert kva desse funna er. Det er vanskeleg å forbetre rutinene når me faktisk ikkje veit kva det er dei meiner ikkje er godt nok, seier advokaten.

Han fortel at dei har klaga pålegga inn til Arbeidstilsynet, og bede om meir inngåande grunngjeving for konklusjonane deira. Klaga blei ifylgje Aas avslått fordi Arbeidstilsynet meinte grunngjevinga dei alt hadde fått var tilstrekkeleg. Klaga går no vidare til Direktoratet for arbeidstilsynet, der klaga på grunn av høgt arbeidspress ikkje blir behandla før i september. Difor er ikkje vedtaka endelege endå, og den opprinnelege fristen for å oppfylle pålegga den 14. juni fell vekk.

– Har du tru på at de når fram med klaga?

– Noko anna ville overraska meg veldig. Eg trur dei i det minste blir nødt til å gje oss ei grundigare grunngjeving for pålegga.

Aas opplyser om at tilsynet er basert på innsendt dokumentasjon frå Strand kyrkjelege fellesråd, då eit stadleg tilsyn ikkje let seg gjera på grunn av smittesituasjonen.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke