Dei 68 år gamle låra til Tore Nærland har høgt turtal

Tore Nærland og sykkelen hans har blitt velsigna av paven og sikta på med kanonar. Sidan han tråkka på pedalen for fred første gong i 1978, har han hatt Jesus som forbilde – og sett det bli drastisk færre atomvåpen i verda.

Denne reportasjen vart publisert fyrste gong 29. august 2022.

125 land. 58 turar til Kina. 50 gonger i USA. 45 reiser til Russland.

Israel, Palestina, Nord-Korea, Irak, Kenya, Myanmar, Kasakhstan. Alle verdas kontinent. Kvart år veks lista seg lenger og lenger.

Dei 68 år gamle låra til Tore Nærland har høgt turtal. Når Vårt Land får kontakt med den energiske jærbuen, som snakkar om ikkje-valdeleg forsoning på inn- og-utpust er han – ikkje uventa – på sykkelsetet, rett nok i Norge. Denne junidagen har turen gått til Beitostølen, for å «trene hardt», som han seier.

BRYNE 17.08.2022: Tore N¾rland har syklet verden rundt for fred. PŒ J¾ren er han et kjent fjes og hilser h¿i-h¿i til venstre og h¿yre.
J¾ren og Fr¿ylandsvatnet og hjemme pŒ Bryne.
Foto: Marie von Krogh

I neste veke ventar England. I oktober Irak.

Når han reiser, snarare syklar, på sine turar nummer mange-hundre-og-noko, ser han dei også som middel mot sitt eine mål: Fred i verda.

Talarstol på to hjul

Nærland kallar sykkelen for «talarstolen min». I dei snart 50 åra på setet, har appellen hans vore den same. Organisasjonen den då 23 år gamle jærbuen danna, fekk det sjølvforklarande namnet Bike for peace.

Spol tilbake nokre år, så finn du ein tenåring med få teikn til verken pedaltråkk eller fredsaktivisme. Som ungdom var han mykje meir glad i å sparke fotball enn å sykle. Rykta gjekk om eit lovande fotballtalent. I hans siste kamp, 15 år gammal, vann laget hans 5-1.

Så svikta synet. Over 95 prosent av det visuelle verdsbildet hans forsvann.

Guten frå det forblåste landskapet i utkanten i Sør-Vest-Norge blei sendt vekk heimanfrå, til hjelp og støtte, på Huseby blindeskole og til Beitostølen helsesportsenter. Menneskemøta på sistnemnde peila Nærland inn på retninga tilværet hans kom til å ta.

Og det er på nettopp dette nasjonalidylliske fjelleldoradoet at Nærland tar telefonen i Vårt Land-snakkande stund – eit halvt hundreår etter første gong. Syklisten er tilbake der den første gnista blei forsiktig tent, på tandemsykkelen og skiturane han fekk vere med på.

BRYNE 17.08.2022: Tore N¾rland har syklet verden rundt for fred. PŒ J¾ren er han et kjent fjes og hilser h¿i-h¿i til venstre og h¿yre.
J¾ren og Fr¿ylandsvatnet og hjemme pŒ Bryne.
Foto: Marie von Krogh

– Mange av dei andre synshemma her var blitt skadde i Vietnamkrigen og Algeriekrigen og andre verdskrig, fortel han om møta med skjebnar han aldri før hadde vore borti.

– Sjukdom og handikap kan ein ikkje alltid førebygge. Men krig kan ein la vere. Det er så urettferdig at folk blir funksjonshemma på grunn av krigshandlingar, meiner Nærland.

– Etter kvart blei eg så lei av dette med krig, seier han og ler.

BRYNE 17.08.2022: Tore N¾rland har syklet verden rundt for fred. PŒ J¾ren er han et kjent fjes og hilser h¿i-h¿i til venstre og h¿yre.
J¾ren og Fr¿ylandsvatnet og hjemme pŒ Bryne.
Foto: Marie von Krogh

1978 markerer året kor Nærland sykla med fred som destinasjon for første gong. På turen til Nord-Irland inviterte han med seg protestantar og katolikkar, som då var i konflikt, til fredsritt.

Eit år etterpå gjekk turen til Hiroshima, til eit møte som skulle endre kursen for livet hans.

Fred er bra, men ...

På eit sjukehus i denne japanske byen som blei atombomba 6. august 1945, ligg Kamo Fujiovara utan rørsle i ei seng. Ho er lam frå halsen og ned. Det har ho vore i 34 år.

Fujiovara kjenner visstnok godt til Nærlands stadig veksande arbeid for funksjonshemma krigsskada, og skal ha fortalt nordmannen på sengekanten at «arbeidet dykkar har gitt meg mot og styrke».

«Men eg vil at de skal ha atomvåpen som kampsak», skal ho ha insistert.

BRYNE 17.08.2022: Tore N¾rland har syklet verden rundt for fred. PŒ J¾ren er han et kjent fjes og hilser h¿i-h¿i til venstre og h¿yre.
J¾ren og Fr¿ylandsvatnet og hjemme pŒ Bryne.
Foto: Marie von Krogh

Ruinane i Hiroshima, og den oppriktige bønna til den lamme kvinna som bar med seg atomvåpna sine brutale konsekvensar, trefte noko i Nærland.

På det tidspunktet var det mellom 70.000 og 80.000 atomvåpen i verda. No er det 15.000, ifølge ICAN, og Nærland er ikkje i tvil om at Bike for peace har hatt sitt å seie for sigeren.

– Rørsla vår går inn i ein stor samanheng som har sett søkelys på desse forholda, fortel han.

---

Tore Nærland

  • Fødd på Tårland på Jæren i Rogaland, april 1954.
  • Fredsaktivist og leiar i organisasjonen Bike for peace, som blei starta i 1977.
  • Lid av augesjukdommen leber, og har jobba i Norges Blindeforbund og ulike kristne organisasjonar.

---

I Jesu hjulspor

Blar du gjennom boka Tore Nærland gav ut i fjor, Trå til for verdensfreden, kjem du over kapittel som «På hyttebesøk hos Lech Walesa», «Jærbuar først i hemmeleg russisk by», «Aung San Suu Kyi», og heile to kalla «Nominert til Nobels fredspris», som viser til 2017 og 2021.

Bike for peace-leiaren kan smykke seg med Kongens fortenestemedalje, Gandhi-prisen og ei velsigning til organisasjonen hans frå pave Frans.

Mor Teresa, Nelson Mandela, Mahatma Gandhi og Hans Nielsen Hauge er blant forbilde Nærland ramsar opp i ein fart som snart går for fort for journalisten.

– Og Jesus, seier fredsaktivisten, men presiserer kjapt at sykkelgruppa hans er nøytral, både politisk og religiøst.

– Vi vil samarbeide med alle gode krefter som kjempar for fred, seier Nærland.

BRYNE 17.08.2022: Tore N¾rland har syklet verden rundt for fred. PŒ J¾ren er han et kjent fjes og hilser h¿i-h¿i til venstre og h¿yre.
J¾ren og Fr¿ylandsvatnet og hjemme pŒ Bryne.
Foto: Marie von Krogh

Det tøffaste blant det tøffe

– Kva er den mest krevjande turen du har vore på?

Nærland stoppar opp, og tenker, men ikkje lenge. Det går hastig både i toppen og talen.

– Det må ha vore i Nord-Korea.

– Vi var 16 nordmenn på det eg hugsar som ein av dei tøffaste turane eg har vore på. For å komme oss inn i landet, fekk vi ikkje kalle oss Bike for peace. For å seie det sånn: Vi blei godt passa på, seier han.

Likevel kom gruppa seg inn på skular, og tettare på «vanlege» folk enn dei fleste som besøker det lukka landet.

– Éin ting er desse ekstreme politiske regima som styrer desse landa ... Men jamt over treffer me så utruleg gode folk overalt.

– Slike truslar blir ein jo redd av

– Du har besøkt toppleiarar og diktatorar, og snakka folk du er uening med midt imot i nesten 50 år. Du er iallfall ikkje konfliktsky?

– Nei. Men eg må innrømme at eg av og til har vore litt redd for livet, seier Nærland, for første gong med ein undertone av alvor.

BRYNE 17.08.2022: Tore N¾rland har syklet verden rundt for fred. PŒ J¾ren er han et kjent fjes og hilser h¿i-h¿i til venstre og h¿yre.
J¾ren og Fr¿ylandsvatnet og hjemme pŒ Bryne.
Foto: Marie von Krogh

Eit vennskapsskip fylt med hjelpeutstyr han reiste med til Polen i 1988, fekk kanonar retta mot seg då dei skulle legge til kai. I El Salvador blei han ringt opp, og beskjeden som laud frå telefonrøyret var «we will kill you»

– Ein blir litt liten då. Slike truslar blir ein jo redd av. Men eg kan ikkje la det gå innpå meg.

– Dei må berre skyte meg!

– Men dei kan ikkje drepe sjela mi.

Eit sterkare lys enn mørke

Dei pågåande herjingane aust i Europa har gått inn på Nærland det siste halve året. Forteljingane om dei som lid i ruinane, i bomberomma og på slagmarka har forsterka trua hans på at ingen konfliktar kan løysast med vald.

– Kven er det som vinn krigar, spør han.

Først høyrest spørsmålet retorisk ut. Men Nærland har eit svar.

BRYNE 17.08.2022: Tore N¾rland har syklet verden rundt for fred. PŒ J¾ren er han et kjent fjes og hilser h¿i-h¿i til venstre og h¿yre.
J¾ren og Fr¿ylandsvatnet og hjemme pŒ Bryne.
Foto: Marie von Krogh

– Det er ingen som har vunne i Libya eller Afghanistan eller Irak. Det er ingen vinnarar i denne krigen heller. Det går i stampe.

– Å bruke våpen fører berre til elende. Det har eg ikkje noko tru på. Det er min appell no.

Det er snart 40 år sidan Nærland leia sitt første fredsritt frå Moskva til Washington, kor trikotkledde frå begge sidene av jernteppet sykla side om side. Neste år planlegg han å gjenta turen – og viss krigen framleis held på, så som eit bidrag til forsoning.

Vil lenger enn Hauge

68-åringen som har stått framfor hundretusenvis og haldt appell, hogga av deler av Berlinmuren og møtt verdas leiande fredsaktivistar og statsoverhovud er likevel ikkje i tvil om kva «det største» han har opplevd er:

– Det er alltid møta med vanlege menn og kvinner, dei som lid under krig og konfliktar.

Det er skuleeleven i Nord-Korea og den bombeskadde i Japan som gjer at han sender brev til maktapparat og sterke institusjonar, talar framfor folkehav og reiser til område dei færraste av oss tør – eller tenker på – å dra til. Gløden for fredssaka blir berre sterkare med alderen, hevdar Nærland.

BRYNE 17.08.2022: Tore N¾rland har syklet verden rundt for fred. PŒ J¾ren er han et kjent fjes og hilser h¿i-h¿i til venstre og h¿yre.
J¾ren og Fr¿ylandsvatnet og hjemme pŒ Bryne.
Foto: Marie von Krogh

– Engasjementet stig kvart år. Jo eldre eg blir, jo sterkare opplever eg å sjå kor mykje meir eg kan gjere – at det verkar. Verda er ikkje er så komplisert som vi trur.

Nærland kallar det, med atterhald, «lett» å komme inn på verdsleiarar og avgjerdstakarar «viss ein berre ønsker det». Han opplever at kommunikasjonskanalane som har komme til sidan 70-talet gjer avstanden kortare til makta, og lettare å nå ut med bodskapen sin.

– Sjølv om vi no ser den utrulege krigen i Ukraina, har eg sett verda gå særs mykje framover på desse åra.

Han innrømmer at å komme seg fram på nettopp sykkelen starta som «litt gimmick», kanskje mest for å få merksemd om organisasjonen og fredssaka. Nærland er ikkje i tvil om at middelet har tent målet.

– Hans Nielsen Hauge gjekk til beins med sin bodskap. Men ein kjem lenger på sykkel, seier Nærland.

– Han kom kolossalt langt – men vi kan komme enno lenger.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion