Dag Eirik Eikeland

Pensjonert sivilingeniør

 

I dag såg eg tvo månar, ein ny

og ein gamal.

Eg har stor tru på nymånen.

Men det er vel den gamle.

 

Slik heiter det i eit lite dikt av Olav H. Hauge. Og mange menneske spør seg i dag kva som vil skje etter at vi har lagt koronakrisa bak oss. Mange har ei kjensle av at manneætta må leggja om kursen, og kallar på noko nytt. Slik vi har stelt det til både for kvarandre og for verda kan vi ikkje halda fram.

Dag Eirik Eikeland, pensjonert sivilingeniør
Foto: Erlend Berge

Åtvaringane var sterke før krisa: klimakrise, aukande sosial ulikskap, økologiske katastrofar, polarisering, samanbrot i sosiale strukturar.

Då Berlinmuren fall hausten 1989, var det mange som vona at dette skulle verta ei av desse «Sternstunde» som på radikalt vis kunne gje verda ei ny retning. Etter tiår med kald krig var det ein draum om fridom, likskap og brorskap; ei ekte globalisering bygd på samarbeid mellom alle folk.

Vi fekk globalisering, men fullt og heilt på finansmarknadene sine premissar. Resultata kjenner vi etter kvart altfor godt. Denne gongen må vi ikkje la stunda gå frå oss!

• LES OGSÅ: «Denne krisen ligner ikke noen annen. Men etterpå kan vi få et samfunn der ulikhetene igjen øker»

Kva må gjerast?

Det er sjølvsagt ikkje enkelt å endra eit heilt verdssystem, og kanskje trengst det fleire koronakriser for å få det til, men det er no vi har «stjernestunda».

Mange meiner at ingenting må verta som før. Andre krev «business as usual» snarast råd. Men skal vi skapa ei betre framtid, må vi etter mi meining gjere tre tiltak.

For det første kan ikkje arbeid vere ei vare som kan omsetjast i ein marknad. Løn (dvs. eit livsopphald) er noko vi har krav på fordi vi er menneske, det høyrer saman med menneskeverdet vårt. Her kan vi berre tenkja på likninga om vingardsarbeidarane! Kan ei vilkårslaus grunninntekt for alle vera ein del av løysinga?

Likeeins er heller ikkje pengar ei vare: Pengar har berre meining og verdi når det finst ein underliggjande realøkonomi. Pengar er ein aktivitetsformidlar, ingenting i seg sjølv.

For det andre må vi erkjenne at naturressursar tilhøyrer heile menneskeætta, for dei tener oss alle til livsopphaldet vårt. Difor kan dei heller ikkje vera i privat eige. Derimot kan individ eller grupper av menneske ha driftsrett eller disposisjonsrett over ressursane. Dei som er best skikka, skal til kvar tid forvalta desse til felles beste.

For det tredje må alternative driftsformer prøvast ut, til dømes stiftingar og kooperativ. I dag er det profittsøkjande aksjeselskapet den dominerande organiseringsforma. Aksjeselskapslovgjevinga på si side må endrast frå profittorientering til å tena allmennytten. Gjennom dette kan forbrukarinitiativ få meir direkte innverknad, til dømes i spørsmål om prioritering av «nyttig» produksjon.

Ta vare på det nære

Etter samlinga av Tyskland i 1990 vart det oppretta eit organ som heitte Treuhandanstalt. Denne hadde til oppgåve å privatisera tidlegare statseigde Volkseigenen Betriebe etter gjenforeininga. Etter koronakrisa kunne ein tenkja seg ein «omvendt Treuhandanstalt» som kunne hjelpa bedrifter til å koma i gang att, men no under andre typar eigarskap og organisasjonsformer enn før.

Internasjonale handelsavtalar har vridd inntektsfordelinga mellom folk og nasjonar. Desse må i framtida endrast, slik at arbeidsvilkår, miljøkrav og klimamål har forrang eller erstattar konkurransevilkåra. Skilnader i lønsnivå er ikkje konkurransekriteria! Dermed vil ein òg kunna fjerna grunnlaget for noko av det moderne slavehaldet.

For nokre tiår sidan var det eit slagord som lydde: «Tenkja globalt, handla lokalt.» Det er ingen motsetnad mellom internasjonalt samarbeid og solidaritet, og det å ta vare på det nære og deira sosiale og økonomiske strukturar.

Dei store spørsmåla

Same korleis ein framover søkjer å forma framtidssamfunnet med sine institusjonar, ligg dei store spørsmåla likevel opne: Kva er ei rett løn (eller midlar til livsopphald)? Kva er den rette prisen for ei vare eller teneste?

Vil kapitalen, same kven som disponerer han, alltid måtta vera forbunden med maktutøving? Kan nokon i det heile eiga grunn? Kva er «nyttig» produksjon?

Desse spørsmåla vil krevja stor intellektuell og praktisk innsats på mange område: politisk, forbrukarinitiativ, i bedrifter, fagforeningar, sivilsamfunn og mange andre. Innsatsen må gjerast lokalt, nasjonalt og internasjonalt, og byggjast stein for stein. Og kanskje er det heller ikkje nok med berre ein pandemi!

Eg har skrive dette dels for å klårleggja mine eigne tankar om desse spørsmåla, dels fordi eg bryr meg om framtida til barnebarna mine. Det synest for meg nokså klart at løysinga ikkje ligg på det teknologiske eller medisinske planet, men på det sosiale og moralske.

Avslutningsvis vil eg peika på ei anna, og kanskje ikkje heilt innlysande kjensgjerning. Det er utfordrande å erkjenna at arbeid ikkje er ei vare eller at løn er noko ein får fordi ein er eit menneske, utan å tilkjenna mennesket eit ukrenkjeleg, ibuande verde.

Denne erkjenninga kan over tid truleg berre haldast ved lag gjennom å postulera, og handla som om, mennesket òg er eit åndsvesen.

 

LES MEIR:

«Høyre-dama gjør det Høyre-folk alltid har gjort: Forsvarer ulikhet og preiker nøysomhetsmoralisme»

«Forsøket på å sparkle over klassemotsetninger vil slå tilbake på oss. Med renter»

Rødt: «Regjeringen har gjort oss mye mer utsatt for pandemiens økonomiske følger»