Tarje Noraberg (1920-2016). Nokre minneord.
11. oktober døydde tidlegare folkehøgskulerektor Tarje Noraberg på Lyngdalsheimen, 96 år gamal. Det fell naturleg å skrive desse minneorda på nynorsk, sidan det var det målet han sjølv stort sett nytta (bortsett frå i dei bøkene han skreiv).
Det er ikkje sikkert det er så mange, utanom dei som kjende han personleg, som hugsar Tarje Noraberg – og sjølv er eg vel ein tanke inhabil når det gjeld å vurdere livsverket hans, sidan han var min grandfetter. Mor hans var syster til min morfar. Dessutan er det ikkje til å leggje skjul på at eg i vaksen alder har fjerna meg ganske langt frå dei livsprosjekta som var hans. Det hindrar likevel ikkje eg alltid hadde stor respekt for han som den heilstøpte, venlege og arbeidsomme mannen han var. For meg representerte han noko av det beste i den luthersk-lågkyrkjelege tradisjonen.
Eit forsøk på å plassere han på det kyrkjelege og kulturelle kartet kan sjå slik ut, dersom eg konsentrerer meg om å ta med det viktigaste:
Etter fullført lærarutdanning blei han i 1947 tilsett på Kvås ungdomsskole i Vest-Agder. Der arbeidde han i første omgang fram til 1970 (frå 1961 som styrar). Skulen var eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband. Dei neste sju åra var han lærar ved Fjellhaug skoler, men i 1977 vende han attende til Kvås – og sat i rektorstillinga der fram til oppnådd pensjonsalder.