Svartsvasmo oppmodar til ulydnad
KATOLISISME: Er det slik de håpar at me skal nå kristen einskap? Tenk om katolske prestar i Noreg hadde tatt til spaltene med liknande oppmodingar til lutherske prestar. Det hadde vorte eit økumenisk ramaskrik!
Den katolske kyrkja har dei siste månadane fått uvanleg mykje merksemd i den norske kristenpressa. Mykje av den kritiske omtala i Vårt Land og Dagen har kome frå føreseieleg hald. Sjølv om tydelegheita er forfriskande i dagens økumeniske klima, slår dei meg ikkje som representative for det katolikkar opplever i møte med norske protestantar i dag.
Beundring med atterhald
Eit innlegg som derimot står fram som langt meir representativt, er refleksjonane til Aud Irene Svartvasmo kring rekviemmessa til pave Frans. Lat oss kalle det beundring med atterhald.