Svanesong for samtalen

UNDERORDNING: Ein nysgjerrig journalist i ei sekulær avis er langt å føretrekka framfor moderne teologars nidkjære vakthald av eige territorium.

FORPLIKTAR: – Den som trur at Paulus' ord forpliktar, vil ønska å koma tettare også på dei sidene ved å leva som kristen som utfordrar oss, skriv Sofie Braut, som sjølv er sentral i den pågåande debatten om underordning i samlivet.
Publisert Sist oppdatert

Nokre vekers lokal storm med utgangspunkt i bisettingar over eit kafebord, utveksla mellom underteikna og ein venleg journalist i Stavanger Aftenblad, har gitt fleire interessante perspektiv på toleranse og meiningsutveksling. For korleis er samtaleklimaet for spørsmål knytt til tru og kristen livsstil om dagen? I intervjuet tangerte eg temaet menn og kvinners ulike roller i ekteskapet, mellom anna dette å leva som om Paulus’ ord om underordning er aktuelle også i vår tid, og at Gud vil meir med kristne ekteskap enn berre å ordna eit samliv.

Til spørsmålet om samtaleklima over, konstaterer eg at ein nysgjerrig journalist i ei sekulær avis er langt å føretrekka framfor moderne teologars nidkjære vakthald av eige territorium. Fleire av teologane verkar merkeleg opptekne av å gjera seg sjølv til portvaktarar, både for kva deler av Bibelen som framleis gjeld, men også for korleis denne akseptable skriftresten skal lesast. At dette dessutan er ein samtale «vi ikkje vil ha i 2022», glimrar også med si kraftløyse, men er i det minste ein type maktspråk som er lett å avsløra.

For den som byggjer trua på fleire tusen år gamle skrifter, er det særleg viktig å tilbakevisa slikt «kronologisk snobberi», som C.S. Lewis treffande kallar det. Alt nytt er ikkje godt nytt.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS