Styringsstruktur og demokrati i Sarepta

Bibelen uttalar seg ikkje som organisasjonsspørsmål eller styringsmodellar. I Misjon Sarepta har vi vald ein så enkel, effektiv og billig organisasjonsmodell som mogleg.

Johannes Kleppa er styreleiar i Misjon Sarepta
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Johannes Kleppa

Styreleiar, Misjon Sarepta

I samband med at Norges Samemisjon og Misjon Sarepta har inngått intensjonsavtale for samanslåing av organisasjonane, har det kome (til dels sterk) kritikk av Sareptas organisasjons- og styringsstruktur. Denne er ikkje demokratisk, vert det sagt, og det vert brukt som argument mot samanslåing. På dette punktet er det fullt mogleg å ha ulike oppfatningar av kva som er best tenleg, og det høyrer naturleg med som eit punkt til vurderinga med tanke på samanslåing.

Ingenting om organisasjonsspørsmål i Bibelen

Saka er den at Bibelen uttalar seg ikkje som organisasjonsspørsmål eller styringsmodellar. Det er ordningsspørsmål av menneskeleg karakter med utgangspunkt i visse bibelske prinsipp. Det skal vera ei teneste med å forkynna Guds ord, eit åndelege leiarskap og nådegåvene skal få fungera fritt. Korleis dette skal ordnast praktisk, er ei menneskeleg sak ut frå kva ein finn mest tenleg for det aktuelle arbeidet. Demokratiske prinsipp er ikkje bibelsk definerte, men dei kan danna gode ordningar.

LES SAKA: I 20 år har de slitt med økonomisk underskudd. Nå kan de slå seg sammen med NLM-utbrytere

«Assosiasjonsånda»

Ser vi historisk og globalt på saka, finn vi mange og ulike organisasjonsmodellar og styringsstrukturar, både for kyrkjesamfunn, kristne institusjonar, organisasjonar og arbeidslag. Slik er det også her i landet. Nokre er organiserte som foreiningar, andre som stiftingar eller som aksjeselskap. Organisasjonstypane er også svært ulike, og vi har ulike typar nettverk.

På 1800-talet vart det skipa ei rekkje organisasjonar her i landet under det som vert kalla «assosiasjonsånda», som hadde foreininga som grunncelle. Det var alt frå skyttarlag, via idrettslag, sosiale tiltak, laug og arbeidarforeiningar til misjonsorganisasjonar. Ville ein fremja ei sak, danna ein foreiningar. Organisasjonsforma var den same for alle, og sprang fram av samfunnet, ikkje Bibelen. Dei demokratisk styrte kristne organisasjonane vi fekk på denne måten, har vore til stor velsigning for misjonsarbeidet og landet vårt. Den siste generasjonen er det knapt starta kristne organisasjonar av den «gamle» typen. Det ligg i tida med organisasjonsmodellar av enklare type.

Sareptas organisasjonsmodell

For Misjon Sarepta sin del har vi vald ein så enkel, effektiv og billig organisasjonsmodell som mogleg. Skulle det visa seg at den valde modellen bør endrast, kan Landsmøtet gjera det. Strukturen er ikkje demokratisk i tradisjonell forstand med foreiningar og valde utsendingar til årsmøte og generalforsamlingar. Modellen er likevel open, og har tydelege demokratiske element.

Pillarane i strukturen er støttemedlemmar, landsmøte og styre. Styret er sjølvsupplerande for fire styremedlemmar og ein varamedlem, medan støttemedlemmane vel ein styremedlem og ein varamedlem på Landsmøtet. For alle styremedlemmane er periodane tre år. Eit viktig element er at heile styret står ansvarleg overfor Landsmøtet ved at dette godkjenner rekneskap og årsmelding, og gjer vedtektsendringar og drøfter arbeidet. Ved at det er eitt styret for heile organisasjonen, er vegen kort for misjonsfolk og tilsette til styret, og det opplevast som eit demokratisk gode. Styret har dessutan så langt arbeidd etter konsensusmodellen, der alle bidreg og styret samlar seg om vedtak utan avstemming – også dette er eit demokratisk element.

Avgjerande med tillit

Alt misjonsarbeid er avhengig av tillit mellom misjonsfolket og styret/leiinga, og i Sarepta sin modell er dette særleg framtredande. Dette er eit viktig demokratisk element som føreset opne forhold. Dei som har tillit til styret og arbeidet, støttar dette ved forbøn, gåver og teneste.

LES DEBATTEN RUNDT SAMANSLÅING MELLOM SAREPTA OG NSM:

Frykter manglende demokrati med misjonsfusjon

Samemisjonen: Dersom man ikke er fornøyd, kan man unnlate å være givere

På vegne av 66 misjonsvenner: Samemisjon-styret går utover sitt mandat

Lederen i Samemisjonen svarer medlemmer: – På høy tid med endring