Anndi Lomeland Jacobsen

Tidligare rektor og SV-politikar

Frå månad til månad vert Palestiana endra. Nye murar skyt i veret. I Betlehem ragar nå to murar utanpå kvarandre. Først ein rundt Rakels grav, så ein ny for å stengja palestinarane inne i byen. For mange betyr det at dei ikkje får tilgang til markene sine, eller når ein jobb i Jerusalem. Små grøne område vert erstatta med einsforma nye busetnader. Der olivenlunder låg, ser ein berre lange stubbar av nedsaga tre eller brende røter.

Folket klamrar seg fast

Hus der det har budd familiar i fleire hundre år blir rivne. Ofte på eigarens kostnad. Åtte-felts vegar vert bygde for å binda dei store israelske byane saman, og tallause vegar til alle busettingar riv landet i stykkar. I små isolerte landsbyar klamrar folket seg fast. Eller dei dreg inn til dei større byane i såkalla A-område der høghus skyt i veret for å husa alle huslause. Dei veit det ikkje er berekraftig, særleg ikkje om dei tenkjer at det snart er hundre år sidan det store jordskjelvet som brukar råka byen om lag kvart hundre år.

ERLING RIMEHAUG: «Når det bibelske Israel er modellen, blir vi opptatt av å herske i stedet for å tjene»

Amerikanske fanatikarar

Ingen slepp unna. Så godt som kvar familie har ein son, bror eller far i fengsel. Dei fleste har ein i familien som er drepen. Ein vart drepen på marka si då me var der for vel ei veke sidan. Dei som skaut, seier han hadde ein kniv i handa. Me høyrde han skulle henta noko på marka si.

På nesten kvar topp rundt Nablus, Stavanger sin venskapsby, har det dei siste åra vakse fram israelske busetjingar. Dei fleste er amerikanske fanatikarar som meiner Gud har gitt dei heile landet. Nablus har vore kjent som ein by som yter motstand mot okkupasjonen. Difor vert dei mest ideologiske settlarane busette her. Dei brukar trakassering som våpen. Om natta kjem dei inn i byen for å skremma og syna si tilknyting til landet ved å dansa rundt Josefs grav eller laga uro rundt Jacobs kyrkja, kyrkja bygd over brønnen kor Jesus møtte den samaritanske kvinna.

Brannbombe

Dei raidar landsbyane, dei brenn oliventre og då me var der for to år sidan heiv dei ei brannbombe inn i eit hus og drap far, mor og to born. Berre ein gut på om lag ti år overlevde med store brannskader.

På veggen utafor kunne me lesa, oversett frå hebraisk: Gud er stor. Messias kjem.

I år opplevde mange av olivenbøndene at settlarane kom når oliventrea var hausta. Med våpen i hand eller når bonden hadde gått heim for kvelden, stal dei det bonden og familien hadde plukka. Den israelske avisa Haretz skriv i etterkant at det siste var at settlarane sende kloakken sin over olivenmarkene.

LES OGSÅ: Palestinsk aktivist kritisk til egne ledere

Sionist-kristne Noreg

Me må ikkje gløyma Holocaust, skreiv ein kjend politikar nyleg. Nei me må ikkje gløyma Holocaust. Det må aldri skje igjen. Men kva skal me stå til rette for når ettertida skriv og deler skuld i det som skjer i Palestina i dag? Og kva lukkar det sionist-kristne Noreg augo for når dei valfartar til kristelege stader i Palestina? Dei går i prosesjon langs Via Dolorosa medan dei syng åndelege songar i eit Jerusalem kor det nesten ikkje er kristne att. Vender dei blikket 70 år attende til Holocaust for å sleppa ta ansvar for det som skjer framfor augo deira her og no?

LES OGSÅ: Ultraortodokse mister mangeårig vippemakt

LES OGSÅ: UD bekymret for økt uro i Midtøsten etter USA-pengekutt til palestinske flyktninger