Når vi mister oss sjølv

Kor mange av oss vil bli luka ut på vegen mot det perfekte samfunnet?

Publisert Sist oppdatert

Eg stiller megspørsmålet etter å ha lese den ferske boka Uønsket. Mennesket i sorteringens tid av Erik Lunde. Boka er rystande ­lesing for alle oss som fryktar sorteringssamfunnet og konsekvensane det fører med seg for menneskeverdet. I Lundes bok kjem det klart at fram at sorterings­samfunnet ikkje er ein fjern framtids­visjon, men at det allereie er her. I enkelte samfunn med full styrke, i andre samfunn på rask frammarsj.

Lunde tar oss med gjennom dei debatt­ane som har tatt oss i retning sorteringssamfunnet dei siste åra, og viser korleis menneskeverdet på område etter område krenkast. Her er tre eksempel:

1. Tidlig ultralyd: I Danmark vert det no forventa at det ikkje vil bli fødd nokon born med Downs syndrom etter 2030. Ein dansk lege har omtalt det som «en forrykende flott prestasjon». 9 av 10 som får påvist Downs syndrom, tar abort.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS