Frimodig kyrkje i Bjørgvin og Til Helhet arrangerte 15. oktober eit kveldsseminar om kjønn, seksualitet og identitet. Mike Davidson er leiar av organisasjonen Core Issues Trust i Storbritannia, har sjølv ein homoseksuell bakgrunn og snakka om endring av seksuelle mønster og kjensler. Seminaret var ope for alle og annonsert offentleg.

Heilt anna forsamling

Medieomtalen både før og etter seminaret har i stor grad vore knytt til Mike Davidson og innlegget hans: «Endring eller sølibat – det er spørsmålet. Korleis hjelper vi dei som ønskjer å forlata homoseksuell praksis og kjensler?».

Sjølve innlegget vart annleis enn det som var planlagt. For å gje meir tid til spørsmål og innlegg frå salen, korta vi ned innlegget. Forsamlinga var ei heilt anna enn vi er vant med på samlingar i regi av Frimodig kyrkje i Bjørgvin. Her var yngre, med eit tydeleg innslag av LHBT-personar, og kanskje var eit fleirtal av dei frammøtte sterkt kritiske til både seminaret og Davidson.

Vi vil gje Davidson ros for viljen til å skapa dialog, få forsamlinga i tale og byggja bru til meiningsmotstandarane, trass skarpe frontar. Det var eit hovudpoeng for Davidson at vi nettopp bør snakka i lag, og ikkje sjå på kvarandre som fiendar.

Sa sine ærlege meiningar

Like mykje vil vi rosa dei mange kritikarane i forsamlinga. Ja, vi er usamde om rett og gale, og det var både kvasse og mindre kvasse innlegg i debatten. Men det er jo ikkje underleg når dette er store og viktige spørsmål som mange har tett innpå livet. Vi opplevde både innlegget til Davidson og den langvarige diskusjonen etterpå som meiningsfull og i stor grad respektfull. Her vil vi uttrykka vår store respekt og takk til alle dei som møtte opp og sa si ærlege meining.

Det stemmer at ei gruppe frå Raudt seinare avbraut innlegget til Hasting med flagg og banner før dei marsjerte ut av salen. Dette litt udemokratiske stuntet var forstyrrande, men det varte trass alt berre nokre få minutt, og så gjekk seminaret vidare.

Forvirrande framstilling i media

Dessverre har arrangementet ført til negativt
søkjelys mot NLA. Ein del av omtalen av arrangementet ber òg preg av at dei som uttalar seg, ikkje var der. Framstillinga i media er til dels òg ganske forvirrande. VG skriv at «Davidson selv sier han praktiserer konverteringsterapi». Ifølgje Vårt Land, derimot, «påpeker (Davidson) at han ikke driver konverteringsterapi». Khrono, som er avis for høgare utdanning og forsking, har den fantasirike oppfatninga at dette var eit «seminar som vil omvende homofile studentar».

Ein kjem ikkje alltid lengst med å skyta frå hofta mot ukjent mål. Så langt vi
høyrde Davidson på seminaret, forsvara han at dei som for sin eigen del har seksuelle kjensler dei sjølve ikkje er komfortable med, skal få lov til å oppsøkja nokon å samtala med, og som støttar dei dersom dei sjølve ønskjer endring.

LES OGSÅ: Seminaret er nok et eksempel på at høyskolen ikke klarer skille ideologi og fag

La til rette for dialog

Dette var ikkje eit arrangement i regi av NLA. Heller ikkje var det eit studentarrangement. Mike Davidson stempla slett ikkje homofili som sjukdom, men gjekk i dialog med ei forsamling som var dominert av menneske med heilt andre synspunkt enn det han sjølv hadde. Som arrangørar la vi til rette for dialogen gjennom å utvida tida til samtale og kritiske spørsmål. Kanskje ingen forandra meining. Men vi prøvde å ha ein dialog, og vi ser ikkje på folk som fiendar sjølv om dei er usamde med oss.

Arve Kjell Uthaug

Arbeidsgruppa i Frimodig kyrkje Bjørgvin

LES OGSÅ: NLA-professor sier opp etter foredrag om homoterapi

LES OGSÅ: «At konverteringsterapi for homofili påfører mennesker skam, er et dårlig argument»

LES OGSÅ: Utidig angrep på mangfold ved NLA