Kristendom kontra islam.
I den seinare tid har islam vunne innpass i vårt norske samfunn som ein for få år sidan ikkje ville tru kunne skje.
Islam vart tidlegare sett på som ein heidensk religion som stod i motsetnad til det meste i kristendomen, menneskesynet og demokrati- tenkninga - alt dette som me har tileigna oss og levd med i hundreår her til lands.
Men på overraskande stutt tid har synet endra seg: Kyrkja, akademika og media nærmar seg islam, går i dialog med islam og til dels ynskjer religionen velkomen. Prestar i Dnk held messer med innslag av Koranen, kyrkjetoppar arrangerer dialogseminarer der Bibelen og Koranen vert samanlikna og forsøkt jamstelte.
Svein Tindberg reiser land og strand og har suksess med teaterframsyninga «Abrahams barn», der likskapen mellom kristendom, jødedom og islam vert framhalden, Bibelen og Koranen samanlikna. Ettersmaken vert: «Det er ulike vegar mot same mål, Bibel og Koran er nær gjort jamstelte».