Rolv Nøtvik Jakobsen

dr. theol, Teologisk fakultet, UiO

Ingen som les Vårt Land kan unngå å leggje merke til dei heilsides fargerike annonsane for neste års pasjonsspel i Oberammergau. I samarbeid med eit reisebyrå har Vårt Land laga ulike pakker for sentraleuropeiske reiser neste år, alle med Oberammergau som eit felles reisemål. Du kan kombinere pasjonsspelet med pilegrimstur, storbyferie, elvecruise og med besøk til ulike andre historiske stader, alt etter behov.

Anti-jødisk tradisjon

Då Dagen reiseklubb i samarbeid med reisebyrået Gla’tur reklamerte med ein pakke som også inkluderte besøk til Berchtesgaden og «Hitlers Ørnerede», reagerte Ervin Kohn som er forstandar i Det mosaiske trossamfunn. Kohn spurte om ikkje eit slikt besøk til Hitlers feriebolig dagen etter eit fem-timars pasjonsspel, var «litt umusikalsk» og «underlig». Pasjonspela hadde nemleg, ifølgje Kohn, «et stort ansvar for forfølgelse og drap på jøder i Europa i hundrevis av år». Bortsett frå Kohns betimelege innspel har det, så vidt eg har observert, vore taust om pasjonsspelets forhistorie, det glansa reklamemateriellets mørke bakside.

Eg vil derfor oppfordre alle som har skaffa seg billett til pasjonsspelet neste år til å bruke litt tid til å setje seg inn i spelets historie før dei reiser. Og eg reknar sjølvsagt med at alle dei ulike reiseleiarane frå Vårt Land og Dagen, legg vekt på slik bakgrunnshistorikk på dei pakketurane dei har ansvar for.

Ingen jødar får spele i dramaet

Ein god stad å starte, er å lese den nord-amerikanske litteraturforskaren James Shapiro si bok Oberammergau: The Troubling Story of the World’s Most Famous Passion Play. Her går han gjennom pasjonsspelets tekstgrunnlag og eigenarta kulturhistorie i detalj. Han viser at det inntrykket ein kan få ved å lese reklamemateriellet om at det er det same spelet som har blitt sett opp kvart tiande år sidan 1634, er ei sanning med til dels store modifikasjonar.

Spelet har endra seg drastisk gjennom heile historia. Særleg viktige endringar har kome, etter press frå den katolske kyrkja og ulike jødiske organisasjonar, i oppsetjingane frå 1970 av. Derimot har reklamemateriellet stadig sine ord i behald når det fortel at berre innbyggjarar, faktisk berre dei som har budd i Obergammerau dei siste tjue åra, kan spele i stykket.

Shapiro viser at dette var ein del av eit detaljert reglement som kunne gi uventa resultat. Heilt til 1990 var det umogleg for kvinner over 35 år, gifte eller enker å spele i stykket. Særleg var det viktig at Maria, Jesu mor, ikkje vart framstilt av nokon som hadde vore gift. Det førte til seine ekteskap i landsbyen og også at Jesus på scena kunne framstå dobbelt så gamal som mor si. Alle viktige roller fram til då vart spelt av katolikkar. Protestantar eller folk som var gift med ikkje-katolikkar var ikkje spelbare. Og sjølvsagt, må ein nesten seie, har ingen jøde spelt i dette dramaet der jødane har ein så framtredande rolle. Men det er berre toppen av isberget. Med til historia høyrer også at Oberammergau var Hitlers yndlingsteaterstykke og at Anton Preisinger som spelte Jesus både i 1950 og 1960, og som regisserte stykket i 1970, vart medlem i nazipartiet allereie i 1932 og deltok aktivt i deporteringa av ein jødisk medborgar i 1938.

Karikert teater

Pasjonspelet i Oberammergau har frå tidleg av vore eit tablå-teater. Sentrale scener frå pasjonshistoria blir framstilt med bruk av mange aktørar. På den måten kunne dei saman formidle eit levande inntrykk av dei bildeframstillingane av dei ulike stasjonane på veg til krossen og andre viktige scener frå Jesu liv, som folk kjende frå kyrkja og kunstgalleri.

I tillegg kom nokre scener frå det gamla testamentet som skulle synleggjere kva som verkeleg var på spel. Heilt til 1980 vart til dømes kong Ahasverus som forkasta Vasjti og valde Ester i staden, brukt for å illustrere korleis dei motvillige jødane vart forkasta av Gud til fordel for det nye gudsfolket. For å vise at Judas sine tredve sølvpengar stod i ein solid jødisk tradisjon, vart krossfestinga så seint som i 1984 vist saman med eit tablå som viste korleis brørne til Josef selde han for tjue sølvpengar.

Heilt til dei siste oppsetjingane har Jesu motstandarar, farisearane og dei skriftlærde, blitt framstilt ut frå kulturelle stereotypiar av jødar, mens jøden Jesus og disiplane meir likna bayersk lokalbefolkning. Ut frå alt dette er det ikkje overraskande at (den jødiske) folkemengdas rop «Lat blodet hans koma over oss og borna våre» hadde ein sentral plass og vart framført med stor innleving.

LES OGSÅ: Pasjonsspillet i Oberammergau får god mottakelse i tyske aviser

Har tatt lærdom av kritikken

Den katolske kyrkja har i fleire hundre år prøvd å setje ein stopper for slike lokale pasjonsspel. Grunnen til at spelet i Oberammergau er eit av dei få av mange som har overlevd til vår tid, er at det var forankra i det lokale byrådet og ikkje var under kyrkjeleg kontroll. Motstanden frå det katolske hierarkiet førte, paradoksalt nok, til at mange protestantar fekk lyst til å sjå spelet og vart imponert av framføringa. For dei framstod Oberammergau omtrent som landsbyen til Asterix, ei strime av evangelisk fridom midt i det katolske Europa.

Etter holocaust vart situasjonen meir akutt. For mange kristne vart det etter nazismens herjingar maktpåliggande å ta avstand frå anti-jødiske framstillingar og også frå den antisemittismen som hadde florert i kyrkja. Dei katolske biskopane i USA utgav til dømes ei stadig leseverdig samling kyrkjelege dokument med tittelen The Bible, the Jews and the Death of Jesus i 2003. Oppsetjingane frå 2000 av har tatt lærdom av kritikken både frå jødisk og kristent hald.

Viktig bakgrunnskunnskap

Det spennande for alle som ser neste års versjon av pasjonsspelet er kor gjennomgripande desse endringane er. Det treng ein sjølvsagt bakgrunnskunnskap for å vurdere. Eg vil tilrå at ein kan starte med å lese dei to bøkene eg har nemnt her. Dessutan bør jo du og reisefølgjet når de først er i området, besøke den første store tyske konsentrasjonsleiren Dachau. Det er berre 11 mil mellom staden for det tradisjonsrike pasjonsspelet og til denne åstaden for ubeskrivelege lidingar og drap i vår tid. Terrorhandlinga mot synagogen i Halle nyleg viste tydeleg at antisemittismen slett ikkje er historie. Det er tvert imot ei historie vi stadig treng å bli påminna 
om.

Les sjefredaktør Bjørn Bores replikk til kritikken

Vårt Land

Denne annonsen trykkes med jevne mellomrom i Vårt Land. Den reklamerer for Vårt Lands leserreise til Oberrammergau i Tyskland, der man kan oppleve det populære pasjonsspillet som settes opp hvert tiende år – neste gang i juli 2020.

LES OGSÅ: Forsker tror flyktningssituasjon kan puste liv i rasistiske adventstradisjoner

LES OGSÅ: Nasjonalkonservative nyter godt av støtte fra Den katolske kirke

LES OGSÅ: «Konspirasjonen om «jødisk verdensherredømme» florerer fortsatt»