Forslitne feministiske klisjear
UNDERORDNINGSTEOLOGI: Kristen tenking om ekteskapet inneber noko grunnleggande anna enn den feministiske kjønnskampen som biskop Ådnøy og biskop Fiske gjer seg til talspersonar for.
SKAPAR DEBATT: Sofie Braut har skapt debatt etter at ho uttala til media at ho lever med ektemannen som overhovud. I denne kronikken tek ho til motmæle mot dei mange reaksjonane.
Caroline Teinum Gilje
«Et paradoks», «en hypermoderne vending» og «en måte å iscenesette seg selv på» var blant karakteristikkane kjønnsforskar og teolog Jorunn Økland tildelte nokre refleksjonar eg nyleg delte omkring ekteskap og underordning. Er Øklands perspektiv representative for kjønnsforskinga som felt, opplever eg ikkje at saka i Vårt Land 2. mai bidreg til å styrka fagfeltet. Forsking som i så lita grad maktar å ta inn andre sine perspektiv, og møter komplekse spørsmål med enkle etikettar, er lite tillitvekkande.
Utgangspunktet for saka, er at underteikna i eit uformelt og personleg intervju med Stavanger Aftenblad, fortalde om nokre av utslaga trua får i livet og heimen. Aftenblad-deskens tabloide overskrift veksla dessverre refleksjonane mine inn i nyansefrie læresetningar. Men når Økland skuldar meg for å villa «iscenesetja meg sjølv» fell det på si eiga urimelegheit. Ho ser nemleg heilt bort frå tradisjonen eg held meg til.
Feministiske klisjear