Religion

Kallar kristenkonservativt bibelsyn eit paradoks

EKTESKAP: Å kunne ta eit val om å underordne seg ein mann er eit paradoks, meiner kjønnsforskar Jorunn Økland: – Meir enn eit kristenkonservativt bibelsyn, framstår dette med underordning som ei hypermoderne vending.

Det vekte oppsikt, med motinnlegg og kommentarar, då skribent og tidlegare kyrkjepolitikar Sofie Braut fortalde om synet ho har på rollefordelinga i ekteskapet til Stavanger Aftenblad.

Bakom Bibelens tekstar kor ein finn hald for synspunktet om underordning, ligg eit patriarkalsk – mannsstyrt – samfunn, peiker teolog og kjønnsforskar Jorunn Økland på. Derfor må passasjane tolkast ut frå tida dei blei skrivne i, meiner ho.

Oppløysinga av desse hierarkiske strukturane ser ein spesielt skje rundt den franske revolusjonen, ser Økland. Med opplysningstida kom tanken om at alle borgarar skulle vere like, ikkje leia av ein konge eller ein prest.

– Tidlegare var kvinners underordning grunngive i skaparverket. Det ein kunne sjå i samfunnet og naturen, var Guds åpenbaring. «Kvinner kan ikkje vere leiarar – ein ser jo det, dei finst jo ingen plassar – ergo viser Guds åpenbaring at det ikkje går» var argumentet, seier Økland.

Får ei forklaringsutfordring

Plutseleg dukka kvinner opp i offentlegheita. Dei hadde talegåver, kjempa i strid og var talentfulle leiarar. Argumentet om at Gud, gjennom skaparverket, viste at kvinner ikkje var eigna, var ikkje lenger gyldig.

Slik måtte argumentasjonen finne eit anna feste. I staden for å vekte at Guds åpenbaring finst i skaparverket, la ein vekta på at Guds åpenbaring finst i Bibelen. Der finst tekstar som viser at kvinner ikkje kan vere leiarar.

– Då oppstår eit dilemma: Rundt i verda ser ein bevis på at kvinner kan vere gode statsleiarar, men i Bibelen står det at dei ikkje kan leie i kyrkja. Då blir kyrkja eit snålt unntak frå noko ein kan sjå overalt elles, seier teologen og kjønnsforskaren.

Ein får ei forklaringsutfordring, meiner Økland: Viss ein trur at Gud står bak alt, og har skapt alt, då må Gud også ha skapt desse kvinnene som har leiareigenskapar viss dei får sjansen.

Ikkje konservativt – men hypermoderne

– Mykje meir enn som eit kristenkonservativt bibelsyn, framstår dette med underordning som ei hypermoderne vending.

Økland forklarar kva ho meiner gjennom moderne kjønnsforskings læresetning: «Kjønn er ikkje noko du er, men noko du gjer».

– Vi lever i eit samfunn kor vi iscenesett oss sjølv og re-fortolkar andre. Det er gjennom sosiale spel og forskjellar at vi konstruerer vår eigen identitet. Viss ein i ein slik moderne samanheng vel å vere sjef i offentlegheita, dronning i sosiale medium, men så vil vere underordna i heimen, blir det ein måte å iscenesette seg sjølv på. Då gjer ein kjønn på denne måten. Det blir ein slags estetikk, og eit veldig kreativt underordningsomgrep.

– «Teppet» under bibelsk underordning er rive bort idet kvinner tar eit val om at dei vil underordne seg. Viss ein har ein faktisk underordningsstruktur, er det ikkje noko ein kan velje. Då er du per definisjon langt vekke frå den typen kjønnshierarki som gjaldt i eldre samfunn, og som Bibelen er ein refleksjon av, seier Økland.

– Jesus modellerer radikal underordning

Sofie Braut, spaltist i Vårt Land og tidligere medlem i Stavanger bispedømmeråd. Her fotografert i hjemmet sitt like utenfor Bryne i Rogaland.

– Eg ville heller sagt at for oss menneske er det uansett eit paradoks å underordne seg, seier Sofie Braut.

Det er iallfall ikkje hennar naturlege innstilling, påpeikar ho – verken i ekteskapet, på jobb eller samanhengar ho møter folk.

– Det er eit val ein kan ta, både i heimen og på andre arenaer der ein ferdast, fordi ein trur det fører noko godt med seg. Bibelens Jesus modellerer jo ei underordning som er særs radikal i det at han er Gud som blei menneske, og dermed underordna seg dei han sjølv har skapt. Det er både grensesprengande og provoserande.

– Når det å underordne seg er eit val, og ikkje noko ein blir dytta på utanfrå, er det ei kraft i det – eit opprør mot maksimen om at «makta rår», seier Braut.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Caroline Teinum Gilje

Caroline Teinum Gilje

Caroline Teinum Gilje er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion